Urovekkjande om fransk muslimsk ungdom
Ei ny stor undersøking om muslimske tenåringar skakar den franske ålmenta.
6814 franske 15-åringar, elevar i andre klasse i den franske vidaregåande skulen som er muslimar, kristne eller religionslause (etter eigne opplysningar), har teke del i undersøkinga.
Foto: Jacques Brinon / AP / NTB scanpix
I fleire tiår har det vore vanskeleg å diskutere framvoksteren av islamisme i Frankrike, ikkje minst sidan det lenge har vore opportunt å sjå «radikalisering» av muslimar som uttrykk for at dei gjekk mot venstre og kunne gje tilskot til ein sosialistisk politikk. Dette har då også i stor grad forstyrra diskusjonane om terroren i landet, især sidan 2015. Uviljen mot å ta omsyn til religiøse oppfatningar som grunnlag for sosial handling, har også vore sterk, med di han støyter imot oppfatninga om kva ein medborgar i ein sekulær stat er.
Haldningar til islam
Ein fersk rapport skaper skrekk med di han brigdar det ein trudde var gjevne fakta om haldningar til islam. Det var uventa å få vite at i muslimske ungdomsmiljø er det mange ungdommar (81 prosent) som meiner at islam er sannare enn all vitskap (såleis evolusjonslæra), 32 prosent av unge muslimar meiner det ikkje er så farleg å bryte lova, 20 prosent av dei meiner det er rett å forsvare islam med vald, og 13 prosent kunne tenkje seg å gjere det sjølve. 70 prosent ville ikkje ha delteke i offentlege markeringar i sorg over offera for Charlie Hebdo-attentatet i januar 2015. Elles er over halvparten prega av eit lite liberalt syn på homofili, likestilling og det ein elles reknar som vanlege demokratiske haldningar i Frankrike.
Rapporten kom ut 30. mars med tittelen La tentation radicale. Enquête auprès des jeunes (Den radikale freistinga. Ei undersøking mellom ungdom), skriven av sosiologane Olivier Galland og Anne Muxel på oppdrag frå det franske Forskingsrådet (CNRS), i samarbeid med grupper på Sorbonne og Science-Po, to av dei mest ærverdige forskingsinstitusjonane i landet.
Materialet er svar frå 6814 franske 15-åringar, elevar i andre klasse i vidaregåande skule. Muslimar, kristne og religionslause (etter eigne opplysningar) har teke del i undersøkinga.
Sentral faktor
Hovudresultata tyder på at religion tvillaust er ein sentral faktor i radikaliseringa av muslimsk ungdom. Ein liknande tendens er å finne hjå dei mest overtydde kristne òg, men langt mindre: Berre 9 prosent kristne meiner at religionen bør forsvarast med vald. Dette har fått kjende islamforskarar som Olivier Roy til å peike på at sjølv om også ein minoritet hjå dei kristne meiner vald er tillate, vil ikkje det seie at dei kjem til å bruke vald om høvet byr seg, noko ein får tru også gjeld for muslimsk ungdom.
Dette har vore eit hovudargument hjå dei som har avvist at religionen har noka drivande rolle. Alt frå tidleg på 2000-talet har alle resultat som syner at muslimar med bakgrunn frå Maghreb-landa i Nord-Afrika set sharia høgare enn fransk lov, vore kalla rasistiske og uvitskaplege. Heilt fram til serien av attentat frå og med 2012, som mest utan unnatak vart utførte av folk med just slik bakgrunn.
Avvisinga har hatt samband med ein sterk uvilje mot å erkjenne kva rolle Frankrike hadde i kolonitida, og etterbyrda av det. Trass i slik uvilje har ein likevel søkt forklåringsnøklar i sosialt elende i område der det bur mange etterkomarar av maghreb-folk – på grunn av manglande omtanke frå styresmaktene om bu- og levekåra deira.
«Nyortodoksi»
At koranlærarar, imamar, heimvende syriakrigarar og andre har funne viljuge rekruttar til terrorceller i slike miljø, er det ikkje tvil om. Tvilen som har vore sådd igjen og igjen, er om dei ungdommane som har late seg rekruttere, er særskilt medvitne, om dei lèt seg forføre av galne folk, om dei ikkje sjølve er offer. Forstyrrande har også omgrepet «radikalisering» alltid vore. Difor har mange meint det ville vore klokare å snakke om «nyortodoksi», ei konvertering av nye generasjonar til ortodoks tenking med nye vriar.
Ei stor undersøking i fleire store forstadsområde frå 2011, leia av statsvitaren Gilles Kepel, synte såleis at det frå tidleg på 2000-talet førekom ei strengare opplæring, ofte frå mødrer og andre gjenforeinte familiemedlemer som kom frå Algerie for å slutte seg til flyktningar frå borgarkrigane der i 1990-åra.
Just det same syner seg i den nye undersøkinga til Olivier Galland og Anne Muxel: Brotet er ikkje mellom den yngste generasjonen og foreldra deira. Tvert om, foreldre i 40-årsalderen har, ulikt sine foreldre igjen, drive ei streng religiøs oppseding.
Nytt er det òg at sjølv om informantane bur i mange av dei særskilt utsette forstadene ved Paris, Lille, Dijon og Marseille, har svært mange av dei mellomklassebakgrunn. Tanken om at det sosiale elendet er grunnårsaka til radikaliseringa, vert med denne undersøkinga svekt.
Dermed blømer no stridane opp mellom dei som har forklåra terroren psykologisk eller som fylgje av sosial naud på den eine sida, og dei som på hi sida har meint at religiøse dogme har spela ei viktig rolle. Aviser, vekeblad og fjernsyn er fulle av denne veritable krigen mellom samfunnsvitarar.
«Absolutisme»
Undersøkinga til Galland og Muxel vert saumfaren for å finne feil: Den muslimske ungdommen er frå særskilde geografiske område – ja, men det er der dei bur, svarar forskarane. Det er ikkje eit representativt utval – det har vi aldri hevda, seier forskarane, men det er klinkande klårt at ein stor del av muslimske 15-åringar tenkjer heilt annleis enn dei andre, såleis ikkje berre om religion og vald, men om homofili, demokrati, tilhøvet mellom folkegrupper og mangt anna.
Eitt springande punkt er at Galland og Muxel har definert ei religiøs grunnhaldning som «absolutisme», ikkje den vanlegare og lettare definerbare «fundamentalisme»-omgrepet. Dei koplar då ulike spørsmål om religionen ungdommane sver til, slik at det kjem fram kven som meiner at religionen er einaste kjelda til sann kunnskap. Altså eit absolutistisk syn på religion. Går religionen framfor alt, er nok desse 15-åringane meir opne for salafistpropaganda enn ein før har trudd.
Olivier Galland og Anne Muxel har fått ordskifta ut av spora frå dei siste 20 åra. Såleis ser vi at sentrale aviser tek standpunkt for og imot tilnærminga deira. Le Monde, rekna som ei alltid regimetrugen avis og difor gjerne halden for å vere i samsvar med hovudoppfatningane til alle sitjande regjeringar, hevdar såleis at heile undersøkinga er eit fordekt og nedvurderande åtak på islam. Libération, vanlegvis rekna som sosialistvenleg eller endå eit hakk til venstre, argumenterer derimot for at det er på tide å ta slike funn som no er framlagde, på ramme alvor.
Sjølv om alle kjende argument om islamofobi, islamisme, sosiale og kulturelle årsaker atter vert mobiliserte, kastar denne nye undersøkinga ikkje berre lys over haldningar hjå 15-åringar, men syner fram den massive uviljen det har vore i politikk så vel som i forsking mot å setje fingeren på kva rolle religiøse dogme – om rettruande, fråfalne, vantru, kjønn og seksuell legning og så vidare – kan ha hatt og har. Har den nye rapporten rett, viser han òg at mange forskarar har late seg styre av eiga ynsketenking.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Foreldre i 40-årsalderen har, ulikt sine foreldre igjen, drive ei streng religiøs oppseding.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida