Korleis har du det i dag?
Sjansane er store for at ein nigerianar meiner han har hatt ein betre dag enn du.
Vêret øydelegg dagen: Endelause bilkøar, stengde skular og straumbrot fleire stader i landet vart resultatet av snøvêret denne veka.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
– Har du hatt ein bra dag i dag? spør veninna.
Vi har ikkje sett kvarandre på ei stund.
– Eg veit ikkje heilt, svarar eg.
Eg opnar munnen og skal til å underhalde henne med ei småsarkastisk skildring av korte bein og høge snøskavlar og for lite tid til å kome seg på jobb. Men eg ser at auga hennar vert tåkete. Munnen min lukkar seg så fort at tennene gjev frå seg eit klikk. Ho var ikkje budd på at eg kunne finne på å vere misnøgd, igjen.
Forskarar ved det amerikanske instituttet Pew Research har stilt personar frå 36 land det same spørsmålet: «Korleis vil du skildre dagen din i dag? Har det vore ein typisk dag, ein særskilt god dag eller ein særskilt dårleg dag?»
Og di fattigare og meir valdeleg landet var, di større var sjansane for at svaret var at ein hadde hatt ein god dag. Tendensen går heilt motsett veg av levekårsoversynet til FN over verdas beste land å bu i. Land som skåra høgast på Pew-målinga, ligg gjerne langt nede på FN-lista. I Nigeria og Colombia sa høvesvis 72 og 61 prosent av menneska at dei hadde hatt ein god dag. Men Nigeria ligg på 152. plass på levekårslista til FN, sjølv om landet har høgast BNP i Afrika. Det er rekna at over 70 prosent lever under fattigdomsgrensa. I Polen, som ligg på 46. plass på FN-oversynet, svara 11 prosent at dei hadde hatt ein særskilt god dag.
I Noreg stirar eg ut vindauget på snødrevet og tenkjer på rådet eg fekk av mor mi: «Seier du til deg sjølv at dette går bra, så gjer det gjerne det.» Er det difor nigerianarane og colombianarane er så positive? Kanskje handlar det om å overleve. Heilt sidan 2003 har Nigeria vore eit av dei mest optimistiske landa i verda, ifølgje World Happiness Report. Men gallupforskarane meinte optimismen var så stor fordi folket rett og slett ikkje kunne tenkje seg nokon verre situasjon enn den dei stod i.
Er europearar då sure fordi velferdskvardagen har gjort oss så bortskjemde at vi tek det som ein menneskerett å klage? Det er lettare enn nokon gong å halde seg oppdatert om verda, og snøvêret er faktoren som øydelegg dagen. VG sende denne veka ut ei tilråding om heimekontor på grunn av snøkaoset, og sakene lét ikkje vente på seg: «Fleire skular stengt i Telemark», melde ei avis. Ei anna melde at toget stod, ei tredje om endelause bilkøar. Eg skjønar at klaginga er eit symptom på at vi har det bra. I tillegg skjønar eg at eg ikkje er på Sunnmøre lenger, der skulen ikkje stenger før vassrøyra har frose.
– Har du hatt ein god dag, då? spør eg til slutt veninna.
Ho svarar kort på spørsmålet mitt:
– Ja, takk!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Seier du til deg sjølv at dette går bra, så gjer det gjerne det.
Fleire artiklar
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Å møte seg sjølv i døra
Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
Dufta av kvantekaffi
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.