«Bioteknologien skaper nye familier», skreiv Morgenbladet for to veker sidan.
- Det er ikkje lenger vanleg for ein familie å ha nok born til sitt eige fotballag.
Foto: Musea i Nord-Østerdalen
Eg står inne på ein leiketøysbutikk og betalar for gåva til nevøen min.
–Treng du ein pose? spør kassadama og smiler. Eg smiler attende og lurer på kor mykje av omsetjinga til leiketøyskjeda eg eigentleg er ansvarleg for. Då eg har betalt, kjem eg fram til at eg har stått for plastposar nok til å fylle ein heil kval. Og eg har ikkje ein gong born sjølv. Eg takkar nei og stappar leikebilane opp i ryggsekken. Men det er ikkje det at eg har så mange tanteborn som står for leiketøysinflasjonen i budsjettet mitt. Eg har berre ikkje éit og eit halvt sysken, slik som den norske kjernefamilien tilseier. Eg har sju.
– Sju?! får eg i andletet, anten lattermildt eller direkte bekymra. Det er ikkje vanleg for ein familie å ha born nok til eit eige fotballag lenger. Og medan tanken slår rot i hovudet mitt, innser eg at eg må forklare stakkarane korleis det heng i hop òg. Foreldra mine har berre ikkje halde saman. Fleire gonger.
For far min har prestert å få fire born med tre ulike kvinner. Eg er eit av dei. Mor mi har to med stefaren min, som har to frå før. Han ho nyleg har forlova seg med, har òg to born. Den eldste bror min er seks år eldre enn meg, og den yngste syster mi er 18 år yngre enn meg. Ingen av dei er heilt biologiske, ingen av dei er adopterte, og ingen av dei er kunstig produserte.
«Jeg mener at å vokse opp med begge sine biologiske foreldre er det mest optimale for barna», er motargumentet mot lovleg egg- og sæddonasjon i Noreg frå overlege og professor i barnemedisin, Vegard Bruun Bratholm Wyller til Morgenbladet. Bioteknologirådet sitt framlegg om å tillate eggdonasjon skal verte handsama på Stortinget i haust. Med slik donasjon er det mogleg for homofile og ufriviljug barnlause å få born.
Jamvel har to menneske i lag større sjanse til å overleve småbarnsperioden, meiner Forskning.no. Og korleis skal ein eigentleg forklare at mor og far har fått eit anonymt egg frå Sør-Afrika, og då bestemt at jentungen ikkje skal få vite kvar ho eigentleg kjem frå?
Samstundes veks så mange som 25 prosent av norske born opp utan to biologiske foreldre, ifølgje Aleneforeldreforeningen. Om dei er aldri så naturleg unnfanga.
For det å vere forelder er meir enn å vere biologisk knytt til eit barn. «Nye familiar» er ikkje så nytt. Og dersom ein er ufriviljug barnlaus og søkjer hjelp, er ikkje sjansen større for at ungen får omsorga ho treng når ho først er sett til verda?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Nye familiar»
er ikkje så nytt.
Fleire artiklar
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Å møte seg sjølv i døra
Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
Dufta av kvantekaffi
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.