Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Innsidar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1905
20220923
1905
20220923

Politisk plasserer eg meg verken på høgre- eller på venstresida. Eg høyrer meir til på innsida, har eg funne ut.

Med det meiner eg ikkje at eg søkjer mot sentrum i det politiske landskapet. Heller ikkje at eg er så integrert i den partipolitiske kulturen at eg kjenner meg heime alle stader i den fargerike politiske fellesskapen vår.

Det eg meiner, er at når nokon forsvarer eit standpunkt i ei sak, lever eg meg så sterkt inn i argumentasjonen at eg ikkje berre er samd, eg går opp i ei høgare eining med talaren. Vi blir eitt, så å seie. Når så motparten kjem med sitt innlegg, kuvender eg og er like overtydd om det motsette standpunktet.

Eg skjønar ikkje dei som hissar seg opp når dei høyrer på politiske debattar. For meg er det ei ubroten kjede av retoriske høgdepunkt.

Sjølv ser eg på dette som ein god eigenskap, eit teikn på at eg har empati og evnar å ta inn over meg kjenslene og tankeverda til medmenneska mine. Men vennene mine ser det ikkje på same måte. Dei meiner det er utslag av prinsippløyse og konfliktvegring. Og det har dei sikkert rett i.

Det er særleg ei som hissar seg opp over at ho ikkje «blir møtt på meiningane sine», som ho kallar det.

– Denne saka er avgjerande for framtida vår. Dette er eit viktig vegval, og det vi gjer no, vil få følgjer for mange generasjonar framover! nærmast skrik ho fortvilt til meg.

Og eg kan ikkje anna enn seie meg samd i det.

Men det er ikkje det ho vil. Ho vil ha motstand og temperatur i samtalen. Så for å oppnå det «spissar» ho påstandane sine og ytrar dei mest hårreisande standpunkt for å provosere meg til å ta stilling og komme med motlegg.

Då protesterer eg sjølvsagt og argumenterer imot. For eg skjønar jo at ho eigentleg ikkje meiner det ho seier.

Samtalen vår blir ein omsnudd versjon av det sadomasochistiske paradokset:

– Pisk meg! styn masochisten lengselsfullt.

– Nei, svarer sadisten med eit infamt glis.

obo

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis