Ein fredsavtale med naturen
Nesten alle land i verda er samde om at vi skal leve i harmoni med naturen. På naturtoppmøtet i Montreal prøver partane å gjere vakre visjonar om til realitet.
Skogbrann ved Labrea i delstaten Amazonas i Brasil. Her brenn det ofte i regnskogen, og bak brannane står folk som vil ha beiteland og dyrkingsjord.
Foto: Edmar Barros / AP / NTB
Les også
I 2019 publiserte ei gruppe forskarar ein rapport om dei økonomiske verdiane knytte til økosystemtenester frå Oslofjorden og tilstøytande strandsoner.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Kva er naturen verd?
Les også
Historisk naturavtale
Les også
Lågendeltaet naturreservat, her ved Lillehammer bru.
Foto: Jan-Tore Egge / Wikimedia Commons
Business og biomangfald
Les også
Prins William plantar tre med elevar ved den britiske skulen Al-Khubairat i Al-Jubail Mangrove Park i Abu Dhabi i Dei arabiske emirata.
Foto: Jon Gambrell / AP / NTB
Natur som avleiingsmanøver?
Fakta
1 million artar er truga av utrydding.
Økosystem er i kritisk forfatning verda over.
Bestandane av ville dyr er redusert med 69 prosent sidan 1970.
Menneskeleg aktivitet har endra 75 prosent av overflata på jordkloden.

Miljø
tone.smith@a1.net
Tone Smith er økonom og skribent. Ho skriv om naturmangfald i lys av FNs naturtoppmøte, som starta i Montreal denne veka.
Dei siste åra har det kome mange dårlege nyhende om tap av natur og artsutrydding. Ikkje berre blir stadig fleire plante- og dyreartar borte, men utryddingstakten aukar. Dette er det dystre bakteppet for naturtoppmøtet som tok til i Montreal i Canada denne veka. Målet er å kome fram til ein avtale som kan få mykje å seie for framtida til naturen i verda.
FN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) er 30 år gammal, men har levd i skuggen av FNs klimakonvensjon, som er meir kjend. No har også naturvern blitt storpolitikk. Naturtoppmøtet i Montreal er eit medlemsmøte for alle landa som er part i konvensjonen, derav namnet Conference of the Parties, eller i kortform: COP. (Den forkortinga kjenner vi òg frå klimatoppmøta.)
196 statar har slutta seg til biomangfaldkonvensjonen, det vil seie nesten alle land i verda. Berre USA står utanfor.
Eigenverd
Kva er det så som gjer det så viktig å ta vare på naturen? Mange ting. Naturen gjev oss mellom anna mat, fiber, treverk, brensel og gratis vassreinsing. Han gjev oss òg estetiske opplevingar og er ein del av livsverda vår. I tillegg slår både den norske naturmangfaldslova og CBD fast at naturen har eigenverd.
Likevel er det den eksistensielle trusselen for mennesket som gjer at naturtap har kome høgare på den politiske dagsordenen, og «naturkrise» har blitt eit daglegdags omgrep. Stadig oftare høyrer vi dessutan om kva naturen har å seie for økonomien, og om utsiktene til forteneste som ligg i «det grøne skiftet». Dette har skapt mykje større interesse for desse spørsmåla frå næringslivet.
Naturavtalen
Det har vore jobba med tekstutkastet til naturavtalen i fleire år, men partane er enno ikkje samde om særleg mykje. Nokre element har dei likevel klart å einast om, og vi startar der.
Den overordna visjonen i avtalen er at mennesket i 2050 skal «leve i harmoni med naturen». Avtalen skal prøve å oppfylle dei tre hovudmåla i FN-konvensjonen innan 2050: ta vare på det biologiske mangfaldet, sikre berekraftig bruk av biologiske ressursar og sikre ei likeverdig fordeling av fortenesta frå utnytting av genetiske ressursar.
I tillegg er utviklingslanda opptekne av å sikre nok ressursar til at avtalen faktisk kan gjennomførast, og dei har fått gjennomslag for å gjere dette til eit fjerde langsiktige mål.
Nye krav
Rammeverket for naturavtalen skal føre til tiltak som kan stanse og reversere tapet av naturmangfald innan 2030. Kva slag tiltak ser ein så føre seg? Avtalen inneheld 22 mål som skal bli nådde innan 2030. Desse inkluderer plikt til å restaurere skadd natur, å kontrollere invasjonen av framande artar, berekraftig bruk og forvalting av ville artar, å redusere ureining og å fase ut naturskadelege subsidiar.
Per i dag er det einaste konkrete kravet i konvensjonen at partane utarbeider nasjonale naturmangfaldsstrategiar og handlingsplanar og rapporterer om desse til CBD. Det er her naturavtalen kjem inn i biletet. Det er ikkje snakk om ein juridisk bindande avtale, men eit rammeverk for handling som skal rettleie land så dei kan oppnå måla i konvensjonen.
Korleis lykkast?
Noreg, EU, somme næringslivsaktørar, WWF (Verdsnaturfondet) og mange andre meiner at det som trengst, er ein «parisavtale» for naturen. Om klimaavtalen frå Paris eigentleg er så storarta som somme skal ha det til, er eit ope spørsmål. Førebels ser det ut til at dei uttalte ambisjonane i Parisavtalen er mykje høgare enn gjennomføringsevna, og det står att å overtyde verda om at «frivillige lovnader» er vegen å gå.
I dei førebuande forhandlingane om naturavtalen har mykje handla om å få på plass gjennomførings- og oppfølgingsmekanismar. Partane skal ikkje berre fortelje kva dei har planlagt å gjere, og kva mål dei har sett seg, men òg kva dei oppnår undervegs. På same vis som i Parisavtalen ser ein føre seg at det blir gjort ein såkalla global stocktake, ei slags «vareoppteljing» eller evaluering, med jamne mellomrom. Truleg inneber det at partane må stramme til nokre hakk når dei oppdaterer dei nasjonale handlingsplanane etter kvar gjennomgang.
Ambisjonar for vern
Førebels er det likevel lite semje om ambisjonsnivået for dei talfesta måla. Klima- og miljøminister Espen Barth Eide jobbar saman med andre ministrar i ein såkalla høgambisjonskoalisjon for å sikre eit mål om at minst 30 prosent av verdas land og hav blir verna eller underlagde andre vernetiltak innan 2030. Det er relativt høg oppslutnad om dette målet internasjonalt, men CBD er ein konsensusdriven konvensjon – alle skal med. Dermed kan det skape trøbbel om berre nokre få land strittar imot.
Mykje av naturarealet og naturmangfaldet som er att i verda i dag, finst i utviklingsland. Og eit sentralt spørsmål i Montreal blir kva for område som skal vernast. Det er ein vesensforskjell om partane går for 30 prosent vern i kvart land eller 30 prosent globalt. Om utviklingsland skal verne meir enn industrilanda gjer, må dei rike landa truleg betale for det.
Urfolk
Ei rekkje urfolksorganisasjonar har vore bekymra for konsekvensane av ambisiøse mål om vern. Mange tidlegare naturvernprosjekt har fortrengt dei folkegruppene som levde i eit område og tok godt vare på naturen, og slik medverka til at området vart rekna som verneverdig. Dette problemet er erkjent i CBD, og naturavtalen kjem truleg til å innehalde eit overordna prinsipp om at han skal ta omsyn til både menneskerettar generelt og urfolksrettar spesielt.
Rota til naturkrisa
Så godt som alle ønskjer seg ein verdsomspennande naturavtale. Det er derfor rimeleg sannsynleg at ei eller anna form for avtale blir vedteken i Montreal denne månaden. Spørsmålet er kor konkret og ambisiøs avtalen blir, kven som eventuelt må gi mest til slutt, og om partane klarar å einast om ein avtaletekst som verkeleg får noko å seie.
Mange forskarar og miljøorganisasjonar har mint oss på dei underliggjande årsakene til naturkrisa. Slikt er vanskeleg å snakke om: Det tok 29 år før omgrepet «fossil energi» vart nemnt i eit vedtak under klimakonvensjonen.
Vanskeleg vekst
CBD har nok ikkje ein tilsvarande elefant i rommet, men det internasjonale naturpanelet har peika på at vi treng gjennomgripande endringar i økonomien, og må bort frå det snevre fokuseringa på økonomisk vekst. Likevel er det ingenting om redusert vekst eller vekstfrie økonomiar i avtaleutkastet. Truleg vil det vere for store kamelar å svelgje både for industri- og for utviklingsland.
Mange utviklingsland meiner likevel at overforbruk i rike land må på dagsordenen. Førebels er det usikkert om noko slikt kan få tilslutning i Montreal. Både EU og Noreg er erklært ambisiøse på vegner av naturavtalen, men ingen av dei tek til orde for redusert forbruk. Espen Barth Eide har likevel sagt at Noreg kjem til å støtte tekstforslaget som ligg føre, om å «eliminere overforbruk av naturressurser og andre materialer».
Finansieringa
Også finansiering blir eit krevjande forhandlingstema i Montreal – og truleg enda meir på denne konferansen enn dei tidlegare. Og også dette temaet er knytt til spørsmål om global solidaritet og fordeling. Mange vestlege land argumenterer for at finansieringa av naturavtalen i stor grad må kome frå private kjelder. Utviklingslanda ønskjer derimot statleg finansiering frå dei rike landa. Dette blir utan tvil eit nøkkeltema på årets naturtoppmøte: Utviklingslanda kjem neppe til å gå med på å setje ambisiøse mål dersom Vesten ikkje lovar å bla opp.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.