Natur som avleiingsmanøver?
Naturbaserte klimaløysingar kan bli stridstema på naturtoppmøtet.
Prins William plantar tre med elevar ved den britiske skulen Al-Khubairat i Al-Jubail Mangrove Park i Abu Dhabi i Dei arabiske emirata.
Foto: Jon Gambrell / AP / NTB
Les også
I 2019 publiserte ei gruppe forskarar ein rapport om dei økonomiske verdiane knytte til økosystemtenester frå Oslofjorden og tilstøytande strandsoner.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Kva er naturen verd?
Les også
Historisk naturavtale
Les også
Lågendeltaet naturreservat, her ved Lillehammer bru.
Foto: Jan-Tore Egge / Wikimedia Commons
Business og biomangfald
Les også
Skogbrann ved Labrea i delstaten Amazonas i Brasil. Her brenn det ofte i regnskogen, og bak brannane står folk som vil ha beiteland og dyrkingsjord.
Foto: Edmar Barros / AP / NTB
Ein fredsavtale med naturen

Miljø
tone.smith@a1.net
Dei nordiske miljø- og klimaministrane vedtok i november ei erklæring om såkalla «naturbaserte løysingar». Slike tiltak er viktige for å løyse både klima- og naturkrisa, heitte det der. Ministrane vil derfor jobbe for at naturbaserte løysingar skal få ein sentral plass i forhandlingane om ein internasjonal naturavtale.
Dette temaet kjem til å stå sentralt i partsmøtet under biomangfaldskonvensjonen og blir truleg omstridd. Dei nordiske landa er ikkje aleine om å fronte naturbaserte løysingar. Også EU og dei fleste andre vestlege land er sterke tilhengarar av det. Mange utviklingsland er derimot negative, det same er fleire urfolk og miljøorganisasjonar.
Både og
Før vi går nærare inn på konflikten, må vi forklare kva «naturbaserte løysinger» er for noko. Dette uttrykket spring ut av samanhengen mellom klimaendringar og tap av natur, dei to største utfordringane verda står overfor. På eine sida er klimaendringar ei viktig årsak til tap eller skadar på av natur og økosystem. Samstundes får ein skadd natur mindre kapasitet til å lagre eller ta opp CO2, noko som igjen påverkar klimaet.
Effektane av klimaendringar blir også større når naturen taper evne til å fungere som buffer mot tørke eller flaum, til dømes ved at våtmarker blir dyrka opp og elvar blir lagde i rør. «Naturbaserte løysingar» er tiltak som skal avgrense klimaendringane og naturøydelegginga på ein gong.
Sidespor
Døme på slike naturbaserte løysingar kan vere grøne tak, restaurering av myr, etablering av våtmark eller planting av tre. Særleg handlar det om tiltak som kan hjelpe med å fjerne CO2 frå lufta og binde karbonet i organisk materiale. Denne koplinga mellom klima og natur blir i sin tur eit argument for at vi kan kompensere for utslepp av klimagassar gjennom prosjekt som bind karbon på naturleg vis.
Problemet med ei slik tilnærming er at ho tek søkjelyset vekk frå at vi både må fase ut fossil energi og auke opptaket av karbon i naturen om vi skal ha nokon sjanse for å nå måla i Parisavtalen. Naturbaserte løysingar medverkar i staden til å legitimere vidare bruk av fossil energi. Slik sett blir naturbaserte løysingar enda eit sidespor i klimapolitikken.
Problemet er at naturbaserte tiltak ikkje reduserer sjølve klimagassutsleppa. Dette var grunnen til at utviklingslanda gjekk sterkt imot prinsippet om naturbaserte løysingar på klimatoppmøtet i Glasgow i fjor. Dei understreka at industriland må kutte i eigne utslipp, ikkje berre betale for restaurering av natur eller treplanting i utviklingsland.
«Klimanøytrale»
I praksis ser vi alt korleis naturbaserte løysingar har blitt svært attraktive som avbøtande eller kompenserande tiltak. Marknaden for slike kompensasjonsordningar er nemleg i ferd med å få verkeleg store dimensjonar. Sidan alt frå storkonsern til statar og byar for tida erklærer at dei skal bli klimanøytrale, har etterspørselen etter kompensasjonskvotar vakse seg så stor at det rett og slett ikkje finst areal nok på jordkloden for alle dei avbøtande tiltaka.
Særleg ivrige er dei store ureinarane, inkludert oljeselskapa. Til dømes satsar Shell no stort på naturbaserte løysingar.
Da selskapet i fjor blei dømt til å redusere nettoutsleppa sine med 45 prosent innan 2030, jubla miljørørsla. Men djevelen er ofte i detaljane. Prefikset «netto» tillèt at Shell kan satse på å kompensere framfor å kutte i eigne utslepp, og det er nettopp det selskapet gjer i sin nye strategi Powering Progress.
Shell har fått skarp kritikk for dette. For tida går det nemleg føre seg ein iherdig kamp om kvar grensa for merkelappen «grønvasking» skal gå. Dei selskapa som ligg i front, meiner at kompensasjonsordningar ikkje kan spele noka stor rolle i netto null-strategien til eit selskap. Klimakompensasjon må i så fall kome som eit tillegg til utsleppskutt, ikkje i staden for det.
Også norske Equinor viser entusiasme for naturbaserte løysingar, omtalte i det korte notatet Equinor Biodiversity Position. Vidare skriv Equinor i sin «2022 Energy Transition Plan» at på sikt vil avbøtande tiltak utgjere ein viktig del av bidraget frå selskapet til å handtere klimautfordringane.
Lang, vond historie
I vår gjekk ei rekkje organisasjonar saman og formulerte eit internasjonalt opprop mot at naturbaserte løysingar skulle bli tekne inn i naturavtalen. Oppropet var initiert av tolv miljøorganisasjonar og urfolksorganisasjonar. I Noreg var ungdomsorganisasjonen Spire den einaste som skreiv under.
Oppropet peika på at denne typen «løysing» alt har ei lang og vond historie mange stader. Å betale for å få plante tre i fattige land langt borte har lenge vore ein måte å kompensere for klimagassutsleppa sine på, anten det er land som skulle oppfylle pliktene sine i Kyotoprotokollen, eller enkeltpersonar og bedrifter som vil kompensere for utsleppa sine frivillig.
Men i prosjekt etter prosjekt har det vist seg at tiltaka har gått ut over lokalbefolkninga, som kan bli utsett for landran, tvangsflytting eller andre menneskerettsbrot. Ofte blir det etablert skogplantasjar med hurtigvoksande tresortar som dannar monokulturar og skader naturmangfaldet.
Medvitet om desse problema er mykje høgare enn for berre nokre år sidan, og rettsperspektivet vil truleg stå sterkt i den endelege naturavtalen. Likevel er det vanskeleg å sjå føre seg korleis naturbaserte løysingar i det omfanget det blir lagt opp til, skal kunne skje utan at det påverkar urfolk, småbønder og lokalsamfunn i utviklingsland. Dette fenomenet har blitt opphav til eit nytt omgrep: karbonkolonialisme.
Money, money, money
Å restaurere skadd natur eller plante tre høyrest kanskje uskuldig ut. Men som vår heimlege historie med sitkagrana viser, er ikkje ting alltid like enkle i praksis som i teorien. Ei massiv satsing på naturbaserte løysingar kan difor både bli ein avleiingsmanøver i klimapolitikken og ein risiko for naturmangfaldet og urfolk og lokalsamfunn i utviklingsland.
Så kan vi spørje kor viktig det er om satsing på naturbaserte løysingar blir tekne inn i den nye naturavtalen eller ikkje, for denne trenden er alt undervegs. Og det står mykje pengar på spel. Ein rapport frå FNs miljøprogram (UNEP) og Verdas økonomiske forum anslo i fjor at verda må investere 536 milliardar dollar årleg i naturbaserte løysingar fram til 2050 for å kunne dekkje den forventa etterspørselen etter klimakompensasjon.
Dermed gjeld det å gjere naturbaserte løysingar attraktive for investorar, slik at nok kapital blir styrt i den ønskte retninga. Det er ikkje utan grunn store selskap og finansverda har blitt interessert i å delta på toppmøta om naturmangfald det siste tiåret. Her er det pengar å tene.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.