Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Når kulturlandskapet blir rydda av vegen

Norske vegar blir stadig breiare og lengre. Det trugar kulturlandskap og verneverdige naturområde.
– Det finst ingen nasjonal debatt om kulturminne som går tapte på grunn av vegutbygging, seier kulturhistorikar Sjur Harby.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Konflikt knytt til vegutbygging og dyrka mark er synleg mange stader i landet. Her blir åkrar lagde under asfalt ved utbygging av ny E6 ved Halden.

Foto: Samfoto/NTB scanpix

7534
20170609
7534
20170609

Vegutbygging

ronny@dagogtid.no

«Han kjøre’ E6, den strakaste vei’n», syng Bjarne Brøndbo i D.D.E. I songteksten, som er skriven av Idar Lind, handlar det for ein trailersjåfør om å koma seg så raskt som råd heim til Bodø, til kjærasten som er i gang med å føde. Difor «bruke’ han gasspedal’n» på E6 i songen, for «E»-en i bilvegen garanterer nettopp snøggleik. «E» står for Europaveg. Det finst ulike slag vegar i Noreg, riksvegar og fylkesvegar. Men Europaveg er vegen for dei som vil fort fram.

Europaveg er ein gjennomfartsveg med høg fartsgrense for tungtrafikk og trafikk over store avstandar. Vegen har få svingar og eit minimum av vegkryss. Men den strake vegen kan for andre vera den verste vegen. I alle fall når han går gjennom dyrka mark, kulturlandskap eller verneverdige naturområde. Og nett i dag er det større grunn enn tidlegare til å rope varsku.

I vår gav Stortinget grønt lys for nye vegplanar. Nasjonal Transportplan (NTP) har opna opp for 140 nye vegar og togliner i Noreg. Ein NTP blir lansert kvart fjerde år. Planen som samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen lanserte i år, overgår planane frå førre år i omfang: Dei neste 12 åra skal det byggjast veg for 933 milliardar i Noreg. I tillegg kjem bompengane som skal brukast på vegutbygging. Mange av vegprosjekta vekkjer lokal og regional debatt.

Åkersvika

Vi gjer som i D.D.E.-songen, vi tek òg E6 nordetter. Ein skal ikkje køyre langt på E6-en før ein støyter på konfliktar mellom vegvesen og vernestyremakter.

Åkersvika naturreservat ligg ved Hamar, og over dette reservatet skal den nye motorvegen gå. Åkersvika er eit internasjonalt verna reservat for hekkefuglar. Den nye E6-en inneber ein firefelts motorveg gjennom dette våtmarksreservatet. Prosjektet vekkjer stor lokal motstand. Våtmarka er verna gjennom den såkalla Ramsarkonvensjonen – ein internasjonal avtale for vern og berekraftig bruk av våtmarker.

Men staten visste råd: i 2013 gjekk regjeringa inn for oppheving av delar av reservatet, og kom samstundes med ei form for kompensasjon; som plaster på såret vart nedre del av Leira i Skedsmo føreslege som verna område – eit område som naturvernarar i fleire tiår har slåst for. «Hvorfor kan statlig ødeleggelse av Åkersvika rettferdiggjøre mangelfullt vern av Leirelvsletta?» heitte det i Romerikes blad. Dåverande miljøvernminister Bård Vegar Solhjell forsvarte vedtaket med at «hensynet til dyrka mark, lokale interesser og økonomi må veie tyngre enn hensynet til verneverdien i området».

Vedtaket skapte ein debatt som enno pågår. Forskarar og ornitologar peikar på at hekkeområdet som blir råka, ville vore klassifisert som uerstatteleg under Storbritannias lovverk.

– Kva er vitsen med å ha eit lovverk knytt til slike saker når det ikkje blir halde i hevd og når det er linjalens lov som tydelegvis gjeld for Vegvesenet: rette vegbaner, koste kva det koste vil, seier arkeolog, kulturhistorikar og leiar for debattforumet Disen Kolonial, Sjur Harby.

Som hamarsing og granne til Åkersvika har Harby fylgt kritisk med på utviklinga av vegprosjektet.

– Åkersvika er eineståande i nasjonal og nordisk samanheng. Det handlar ikkje berre om naturreservatet; Åker gård som ligg der, var ein av dei større jordbrukseigedomane i Aust-Noreg. Også kulturhistorisk er området unikt, ikkje minst på grunn av arkeologien i området.

Lågendeltaet

Reiser du vidare opp E6, møter du ein ny konflikt av same karakter: Statens vegvesen skal byggje ny E6 frå Vingrom til Ensby. Det er tale om ulike traséalternativ, men alle vil råke Lågendeltaet naturreservat, som er ein del av Gudbrandsdalslågen.

Lågendeltaet har høg nasjonal verdi og vart verna i 1990. Ikkje berre er deltaet samansett av eit stort og variert gruntvassområde, med øyar og strandenger, saman med dyrka mark, men det er påvist 224 ulike fugleslag i deltaet. Av desse er 58 å finne på raudlista – oversynet over plante- og dyreartar som står i fare for å bli utrydda eller bli reduserte i stor grad i Noreg over tid. Det finst både ei nasjonal og ei global raudliste. Hekkefuglar mellomlandar i dette deltaet, som andefuglar, vadarar og gjæser. Dei beitar på vassplanter, insekt og fiskeyngel. Dette er avgjerande for fuglane, så dei kan feite seg opp før dei flyg vidare til hekkeplassen.

I tillegg kjem fiskeslaga som brukar reservatet til yngle- og beiteområde, som den spesielle hundeauren og lagesilda.

«Å få en firefelts motorvei med trafikk i 110 km/t gjennom dette området, vil være svært ødeleggende», skreiv Heidi Kristoffersen og Paul Lindviksmoen, leiarar i Oppland og Lillehammer Naturvernforbund til Oppland Arbeiderblad i vinter.

Trugar dyrka mark

Reiser vi endå lenger nordetter, støyter vi på atter nye konfliktar. I Trøndelag er ny firefeltsmotorveg gjennom E6 frå Åsen til Mære under planlegging. Det har enno ikkje kome eit vedtak på bygging. Dersom det kjem eit ja, blir vegprosjektet det dyraste nokon gong i Nord-Trøndelag, på 12 milliardar kroner.

Også dette prosjektet møter motstand. Denne gongen gjeld det ikkje naturreservat, men eit kulturlandskap med store areal av dyrka mark og gamle trøndergardar. Landbruksdirektør Kirsten Indgjerd Værdal hjå Fylkesmannen i Nord-Trøndelag seier til Trønder-avisa at den nye E6-en vil bli «utrolig arealkrevende». Firefeltsvegen vil få ei vegbreidd på opptil 23 meter, og samtidig skal det vera sju–åtte planskilte kryss med tilkopling til lokalvegnettet. Desse kryssa kan gje ei breidd på 200 meter over ei strekning på 1000 meter. Bøndene i Gilstadlia reagerer i avisa Innherred på at kulturlandskap går tapt. 39 innbyggjarar i Gilstadlia har sendt inn høyringsfråsegner til Statens vegvesen.

Vegen vil gå igjennom dyrka mark av god jordkvalitet. Dette er jamvel også Vegvesenet klar over, for i rapporten om utbygginga understrekar dei at omlegginga av E6 strir både imot nasjonale og regionale mål for landbruket.

Ingen nasjonal debatt

Vi kan halde fram reisa langs E6 og vidare vestetter og nordetter langs andre europavegar og støyte på nye konfliktar. I alle delar av landet vekkjer store vegprosjekt debatt på lokalt og regionalt nivå, men den nasjonale debatten lét vente på seg. I alle fall når det gjeld kulturlandskap og naturreservat, for onsdag denne veka trykte VG ei sak om at ikkje alle prosjekta i Nasjonal Transportplan er lønsame. VG har målt nytteverdien for ulike prosjekt, altså verknaden ein veg eller ein bane gjev for trafikantar, godstrafikk og samfunnet som heilskap. Spart reisetid er éin verknad – undersøkinga viser til dømes at spart reisetid på den nye Meråkerbanen som etter planen skal byggjast i 2018 til 2023, er på berre sju minutt.

«NTP er ikke bare investering i vei og jernbane, men også en investering i oppslutning fra velgerne», seier Steinar Strøm, professor i økonomi ved Universitetet i Torino, til VG.

– I den samanhengen ville det vera interessant å sjå om ulønsame prosjekt er knytte til vegutbyggingar som trugar kulturlandskap eller verna naturområde. Det er synd at desse lokale konfliktane ikkje utvikla seg til ei større nasjonal sak. Dette føyer seg berre inn i ein større mangel ved debattklimaet i Noreg, som kulturminne og bygningsvern, fortel Sjur Harby til slutt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er linjalens lov som

gjeld for Vegvesenet:

rette vegbaner, koste

kva det koste vil.

Sjur Harby, kulturhistorikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis