Olga Meyer (1930–2018)
Olga Meyer vart portrettintervjua i Dag og Tid i 1998.
Foto: Tiril Rem
Olga Meyer sette spor i norsk mediehistorie med ei lang rekkje samfunnsprogram i NRK radio, blant anna i «Sånn er livet», «Kvardagen» og «Forbrukaren har ordet». Dei siste fem åra som journalist skapte ho stor interesse med innsamla dyrehistorier, fortalde i Nitimen i 1995–2000. Ho gav også ut fem bøker med desse historiene om dyr frå heile Noreg. Olga Meyer var eit heilstøypt, ærleg, hjarteleg menneske. Snobberi og jåleskap stod lågt i kurs.
Ho voks opp på gard i Fana sør for Bergen og kjende seg sterkt knytt til Distrikts-Noreg og jordbruket. Olga var ein kløppar til å reparere nettinggjerde og hadde blikk for korleis ein sau skal sjå ut. Èin rase stod over alle andre – gleda over å sjå ein sjeviotsau langs vegen kunne svekke Olga som sjåfør.
Ho utdanna seg til lærar i Volda og underviste blant anna på Ekeberg i Oslo. I alle år etterpå tala ho varmt om elevane sine der. Etter eit kvileskjer til sjøs vart ho i 1969 tilsett som programsekretær i NRK. Det var ikkje tilfeldig kven som sørgde for det: Hartvig Kiran, nynorskmann og sjef for opplysingsavdelinga i radio. Olga Meyer var heile livet ein solid støttespelar for nynorsken. Ho var æresmedlem i Noregs Mållag og fekk Kringkastingsprisen i 1981.
I jubileumsboka Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005, skriv Olga om ei oppleving på husmøtet i NRK, der sjefar og programmedarbeidarar møttes:
«På dette første husmøtet mitt hende det noko som fekk meg til verkeleg å spissa øyro. Det galdt pålegg frå NRK-leiinga om meir nynorsk i radiosendingane: Elster viste til at han tidlegare hadde gjeve programavdelingane melding om å sjå til å auka nynorskprosenten, men utan at han hadde vore fornøgd med resultatet.»
To avdelingar fekk klar beskjed om å ta saka alvorleg og koma med nye opplegg.
«Eg undra meg: Tenk at ein Oslo-mann tok nynorskprosenten så alvorleg! Det var ei god oppleving. Me i målrørsla har mykje å verdsetja Torolf Elster for.»
NRK har også mykje å takke Olga Meyer for. Ho var ein varm tilhengar og forsvarar av NRK som institusjon.
Ho elska hestar, og særleg fjordingen, som visstnok kan vera utspekulert. Ho fortalde mange gonger historia om fjordingen heime på garden: Når han vart lei av innpåslitne ungar som klora seg fast på ryggen, tok han ein brå tur under eit tre med låge greiner.
Det var ikkje alle kollegaer som forstod vitsen med å lage program om utryddingstruga husdyrrasar da Olga introduserte temaet i «Sånn er livet». Særleg i bynære strok er ville dyr meir i vinden. Men ho var ikkje enkel å feie av banen. Ho har æra for at langt fleire fekk augo opp for at også dyra vi lever av, er verneverdige. At ho ikkje var så glad i ulven, var velkjend, eit tema som også fann vegen til «Sånn er livet», der reine ulveslaget stod med Olga og Kai Sibbern som programleiarar, den siste som urban motvekt.
I samband med folkerøystinga om EEC i 1972 bestemte kringkastingssjef Torolf Elster at NRK skulle praktisere balanse på kort sikt. Og Olga, sterk EU-motstandar, vart peika ut til å vera med i utvalet for radio som med stoppeklokke i hand skulle overvake at retningslinene vart etterlevde.
Olga Meyer og eg hadde NRK felles, og meir til. Men balansen på kort sikt synda vi nok mot da vi to drog til Sveits for å lage program om økologisk landbruk i 1970-åra. Vi vart kalla inn på teppet i Kringkastingsrådet fordi vi hadde spreidd vondord om kunstgjødsel. For engasjementet hennar strekte seg langt og omfatta miljøsak, kvinnesak og dei einslege. Olga Meyer var ein journalist med meining.
Astrid Brekken
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida