Overgangsrite
Ein overgangsrite, rite de passage på fransk, har vi alle gjennomført på eit eller anna vis. Det handlar om korleis vi markerer ein overgang i livet. Dei vanlegaste ritane er dåp, bryllaup og konfirmasjon. Dei er ritualiserte. Men vi utfører òg ritar som vi ikkje er medvitne om.
Elevar ved Oslo by Steinerskole er ramme på å vise at dei er i ein overgang frå barn til vaksen. Når eg passerer skulen deira i St. Olavsgate, blir eg møtt av ein eim av tobakksrøyk. Her dampar både jenter og gutar i veg. Gjer dei det fordi det smakar godt? Neppe, så snart dei er komne i 18–19-årsalderen, stumpar dei røyken, for då kjenner dei seg vaksne nok.
I ungdomstida mi var røyking bak skulebygget òg eit ritual. Ein annan måte å markere overgangen til den vaksne verda på, mest for gutar, var å mekke bil. Dette var slett ingen dum måte å utføre riten på. Gutane heldt seg i form ved å stikke hovudet ned i panseret eller krype under bilen for å skru, og dei lærte eit viktig handverk. Rånarmiljøet hadde pedagogiske føremoner som òg verka på helsa.
Dagens bilar er for teknologiske til at dei kan mekkast på. Mekking synest å ha kvorve som overgangsrite. Det same gjeld røyking, som Helsedirektoratet har kjempa imot gjennom lovverk og kampanjar.
Her ein dag såg eg ein gut i sin beste rite de passage-alder. Han sat på jarnbanestasjonen i ei vestlandsk bygd. Kva gjorde han? Han åt ein heil pose med seigmenn – sakte og stakkarsleg. Kanskje var han i beit for andre måtar å utføre «ritualet» på? Sukker har i grunnen ein omvend funksjon: Sukkertøy assosierer vi med barndomen, det fører deg ikkje over i neste livsfase.
Vi kjempar mot tobakk av medisinske grunnar. Men kva med den sosiale, ja, rituelle funksjonen til tobakk? Er sukker sunnare enn nikotin som «ritualverktøy»? Medan vi ventar på ein ny måte å markere overgangen på, aukar sukkerforbruket.
Ynnor Snaaps
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Å møte seg sjølv i døra
Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
Dufta av kvantekaffi
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.