Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

På eldreministerpost

«Kva skal landet eigentleg med ein eigen eldreminister?» spør Dagens Næringsliv denne veka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

2723
20180126
2723
20180126

Det blæs frå storhavet, men det er varmt og godt i stova til farmor.

– Eg har ikkje noko å by deg, seier ho og slår av Visjon Norge på TV-en.

Ho kjem seg ikkje på butikken sjølv lenger, fortel ho. For farmor fekk to brot i ryggen medan ho låg i senga, for snart tre år sidan. Ein blodsjukdom hadde gjort henne beinskjør. Då heimehjelptenesta kom innom for å sjå til henne, sa ho til dei at ho ikkje kom seg opp av senga. Ho hadde vondt.

Men pleiaren misforstod. Han trudde berre ho var litt deppa, og at det var difor ho ikkje stod opp. Han gjekk. Det gjekk over to døgn, og ho vart liggande. Først då dottera kom innom og letta på dyna hennar, vart farmor send direkte til sjukehus.

I Noreg har vi over 900.000 alderspensjonistar. NAV reknar med at talet vil passere ein million i 2021, og halde fram med å stige deretter. Av alderspensjonistane er 156.100 minstepensjonistar og må klare seg på om lag 15.000 i månaden, ifølgje pensjonssatsane til NAV. Og i år sende regjeringa ut ei stortingsmelding om at mange kommunar har eit for dårleg tilbod til sine eldre. Men då det denne veka vart vedteke at Noreg får eigen eldreminister, var den første reaksjonen: «Kan dette vere naudsynt?» «De gamle har fått nok», skreiv komikar og politikar Per Inge Torkelsen til NRK. Han påstår at Noreg har dei friskaste, rikaste og mest sutrete pensjonistane i verda. Og politisk redaktør i DN tykkjer at det ligg noko ubehageleg i ideen om at eldre skal ha ein eigen minister, mens andre omsorgstrengande må «henge med som best dei kan». Men kvifor setje to slike grupper opp mot kvarandre? Får ikkje helse- og omsorgsministeren betre høve til å ta seg av andre omsorgstrengande når han får ein kollega til å ta seg av dei eldre?

Historia om farmor er ikkje unik. Ei kartlegging av dei tilsette i eldreomsorga i 2016 viste at sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar ikkje har den kompetansen dei skal. Seinast i romjula rapporterte TV 2 at omsorgstenestene til eldre vert reduserte i høgtidene, og at eldre då vert forsømde.

Attende hos farmor kjem det ein forblåst sjukepleiar inn døra. Ho smiler frå øyre til øyre mens ho måler blodprosenten til farmor. Og trass i problema er farmor glad for den hjelpa ho får. Heile 89 prosent av pensjonistane i Noreg rapporterer faktisk at dei er nøgde med livet. Men ulikskapen frå kommune til kommune er framleis for stor. Då farmor vart send heim att frå sjukeheimen, måtte ho ringe til heimehjelpa to mil unna når ho trong hjelp. Ei stund vart det dei som avgjorde når ho fekk medisinane sine, og når ho fekk gå på do.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det gjekk over to

døgn, og ho vart liggande.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij i finalen i lynsjakk i New York nyttårsaftan.

Foto: Michal Walusza / Fide

KommentarSamfunn

Ingen vaksne heime

Magnus Carlsen styrer sjakkverda som han vil – på gode og dårlege dagar. Ein time inn i det nye året gav han seg sjølv eit nytt gull i VM i lynsjakk.

Atle Grønn

Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Astrid Sverresdotter Dypvik

Å møte seg sjølv i døra

Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.

President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Ordskifte
SølveSelstø

Dufta av kvantekaffi

«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»

2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

MiljøSamfunn
Per Anders Todal

Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis