Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Ålmenta har fått svekt kontroll over embetsutnemningar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forsvarsminister Frank Bakke-Jenssen stod ikkje på søkjarlista til stillinga som fiskeri- direktør.

foto: Jil Yngland / NTB

3336
20210205
3336
20210205

Kommentar

redaksjonen@dagogtid.no

I Dag og Tid 29. januar 2021 skriv Vidar Ystad om praksisen der ei regjering utnemner medlemer av regjeringa til embete i staten. Han fortel om Løvland-regjeringa som i mars 1908 nytta høvet til å utnemne fire av statsrådane til nye embete. Dette tykte ikkje kong Haakon var bra, og han gav uttrykk for det i statsrådsmøte.

Sidan 1908 har sitjande regjeringar visstnok ikkje utnemnt eigne regjeringsmedlemer til embete før regjeringa Solberg gjorde det i 2014, då fiskeriminister Elisabeth Aspaker vart utnemnd til fylkesmann i Troms. Det vart gjort også i 2018, då helseminister Bent Høie vart utnemnd til fylkesmann i Rogaland, og i 2020, då forsvarsminister Frank Bakke-Jensen vart utnemnd til fiskeridirektør.

Uvanleg praksis

Kong Haakon likte ikkje å skulle utnemne statsrådane sine til sivile embetsmenn, og etter det vi veit no, har det ikkje vore praksis med slike utnemningar av regjeringskollegaer før no i Solberg-regjeringa. Mykje har hendt i politikk og statsliv sidan 1908. Kva kong Harald måtte meine om den nye praksisen, veit vi ikkje, og vi får vel heller ikkje vite det. Og godt er det. Dette er statsministerens ansvar. Kva Solberg meiner, hadde det vore av interesse å få vite noko om.

Namnet til Bakke-Jensen stod ikkje på den offentlege søkjarlista då han vart utnemnd i 2020. Departementet hadde vist til rekrutteringsomsyn og omsynet til tillit til statsrådens arbeid i departementet. Sivilombodsmannen kom til at grunngjevinga til departementet for å gjere unntak, ikkje var tilstrekkeleg. Ombodsmannen har rett.

Å godta slike omsyn er for lettvint. Dersom påstandane ikkje kan dokumenterast med pålitelege undersøkingar, blir det berre spekulasjonar og gjetting.

Omsynet til tilliten i departementet som statsråden er sjef for, vart også nemnt som grunngjeving for at ikkje namnet skulle bli kjent for ålmenta. Denne påstanden er det vanskeleg å tru at ein politikar på statsrådsnivå kan ha stødd seg til. Tilliten til statsråden vil snarare bli svekt når det blir kjent at statsråden ikkje ville stå på søkjarlista. Det er ei ærleg sak å søkje ei stilling, og det lyt ein også stå ved.

Kontroll

Før 2005 var kontrollen med embetsutnemningar betre. Regjeringa sende ei melding til Stortinget med opplysningar om alle embetsutnemningar. Meldinga var offentleg, og alle kunne difor gjere seg kjende med kven som hadde søkt eit embete, og kven som var innstilt. Denne ordninga tok slutt, og opplysningane om kven som hadde søkt, og kven som hadde vore innstilt, gjekk til Stortinget i eit særskilt brev som ikkje var offentleg. Kontrollen som før hadde vore offentleg, vart no løynd for ålmenta.

Frå USA har vi no sett kor inngåande kontrollen med embetsutnemningar er der. Dei fleste vil meine at dei går for langt. Men heilt å halde ålmenta utanfor, slik vi gjer, er verken rett eller klokt.

Det må bli mykje vanskelegare å gjere unntak frå den offentlege søkjarlista. Det kan synast som at det i dag ikkje er mykje som skal til. Sjølvsagt kan det bli utriveleg å få ein offentleg diskusjon om sin person, men det lyt han eller ho tola, som vil ha eit offentleg embete.

Arne Fliflet er høgsterettsadvokat og tidlegare sivilombodsmann.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er ei ærleg sak å søkje ei stilling, og det lyt ein også stå ved.

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis