Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Den rustne kjærleiken til Amerika

USA er stadig stort og farleg mektig, men står på randa av eit sivilisasjonssamanbrot.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Donald Trump då han talte til tilhengjarane sine på eit valkampmøte i Michigan tysdag denne veka.

Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB

5560
20201030
5560
20201030

hompland@online.no

Den som er frå Kysten Lindesnes Åna-Sira og dalstroka innafor, må ha eit amerikansk oppheng. Få har eit syskjenbån på Gjøvik, men mange har fleire i Amerika. Til utpå 1960-talet var Kristiansand fjernare enn Brokklin, der ein hadde slekt og kjenningar som hjelpte nykomarar til rette med ein stad å bu og jobb i byggebransjen: Florlegging og freiming var ettertrakta og godt lønt arbeid. Heimsleg mat og prat fekk ein på Lista avenue og Lapskaus boulevard, på barar, i sjømannskyrkja og i nærområda i Bay Ridge, der ein trefte fleire sambygdingar og medkonfirmantar enn på gata i Flekkefjord og Farsund.

Nå har Brooklyn skifta ham og etnisitet eit par gonger. Dei norske spora er ein aldersheim og ein butikk som sel lutefisk og kompe på postordre. Dei norske etterkomarane har spreidd seg over heile USA, slik at Spaltisten har meir eller mindre nær familie i aust og vest, i byar i rustbeltet og pensjonistkoloniar i Florida.

Det ikkje-assimilerte fleirtalet som ikkje hadde grodd faste røter, reiste heim då arbeidsvilkår og sosiale tilhøve blei betre på denne sida av dammen, men banda er sterke og synlege, og me høyrde cowboymusikk på Voice of America. Då Trond Moi opna restaurant i det nedlagde samslakteriet i heimbygda, kalla han pizzaen «Steven og Stanley». På benkane utanfor kiosken i sentrum sit dongerikledde karar med boots og amerikansk pensjon. Det kan bli ein hyggeleg og nostalgisk prat, men ein må vara seg, for dei lever i restane av den amerikanske draumen og har sterke meiningar og klare meldingar – ikkje minst om innvandring og Trumps misjon.

ME SOM IKKJE elskar Amerika (lenger), har vore prega av antiamerikanisme sidan borgarrettsrørsla, Vietnamkrigen og den kalde krigen og nå følgjer Thomas Seltzers turbomareritt av eit samfunn i forfall, kjem likevel ikkje frå at me er snik­amerikaniserte. Både dei sunnaste og sjukaste sidene ved amerikanske samfunnsforhold, kultur og politikk smittar over på norske talemåtar og plattformer. Me kopierer amerikanske posisjoner og fører våre eigne motsetningar på avvege. Det amerikanske formar oss, om me vil eller ikkje. Derfor er presidentval i USA vel så viktig som eit norsk stortingsval.

NARSISSISTEN TRUMP er ein twitrande og omreisande klovn med sikker hand om 40 prosent av veljarane. Etter fire år med politisk makt spelar han framleis rolla som ein businessmann utanfrå som kjempar mot sumpen av politikarar som berre pratar og ikkje får jobben gjort. Den persondyrkande veljarflokken ser på han som ein sannseiar, og halvparten av dei trur han er Guds utvalde som er send for å redda USA frå utlendingar, gudløyse, pedofili og barbari. Og han stod opp frå koronaen tredje dagen.

Skittkastinga går begge vegar. Amerikanske hovudstraumsmedia og satirikarar overgår kvarandre i å idiotforklara Trump og forakta tilhengarane hans, utan å få tak på kva som rører seg på den anti-elitistiske grasrota. Han er ein parodi, men den gjensidige fordumminga er eit politisk sivilisasjonssamanbrot: When they go low, we go as low.

Det er til å gråta av, men slik er det i eit samfunn på randa av oppløysing og ein førebels berre lågintensiv borgarkrig. The Great Society er blitt mindre. Folket og statane er ikkje sameinte, men har blitt stammesamfunn som ikkje vil forstå kvarandre, men elskar å hata kvarandre. Og våpensalet går som ei kule medan børsen blømer.

Spaltisten OG EIN OPPLYST, oppvakt og opplesen slektning over der har i månader grumora oss med å dra opp mogelege, men lite sannsynlege skrekkscenario for kva som kunne koma av utspel i valkampen, og særleg dersom Trump skulle tapa valet.

Utgangspunktet er at han og tilhengarane er heilag overtydde om at dersom så skjer, kjem det av svik, juks og korrupsjon. Då må rettsvesenet overprøva valresultatet for at rettferda og folkeviljen skal trumfa dei vonde maktene i media, sumpen og den djupe staten – medan stolte gutar og andre væpna militsar tar til gatene og okkuperer vallokala. Då vil det koma meldingar, som frå land det ikkje har vore vanleg å samanlikna USA med, om kor mange som blei drepne under valet.

NÅR TRUMP ROPAR four more years på dei maskelause massemøta, byd herkemugen over med 8,12 og så vidare. Trump har slengt ut av seg at fordi han er blitt så hardt og ulovleg motarbeidd, burde han få ein tredje periode. Diktatorspirer tar gjerne til der, med å fikla med dei konstitusjonelle rammene, til maktapparatet er lojalt bemanna og ein son eller ei dotter kan føra dynastiet vidare.

Det villaste scenariet er blitt stadig mindre usannsynleg: Dersom det ikkje blir landslide, men noko som liknar på uavgjort i vippestatar, vil Trump nekta å gå av. Han aksepterer ikkje eit you’re fired.

Då kan det enda med væpna gateslag og at det militære grip inn for å skapa lov og orden – med eit militærkupp som dreg Trump baklengs ut av Det kvite huset, dersom han ikkje rekk å rømma og få politisk asyl på Taiwan, i Jerusalem eller hos Bolsonaro, Lukasjenko eller Kim Jong-un. Alternativt kan han bli forvist til Elba eller bli sett i husarrest i Trump Tower eller på golfbanen Mar-i-lago, medan han og Rudy Giuliani kjempar seg gjennom skatteprosessane som har stått på vent så lenge den øvstkommanderande hadde immunitet.

Det er slett ikkje sikkert at han døyr i einsemd på St. Helena etter å ha prøvd seg i Moskva og Cartagena.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dei har sterke meiningar og klare meldingar om innvandring og Trumps misjon.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis