Den tredje vegen blir stadig breiare
SV har repetisjonsøvingar om Nato. Raudt står klar til å overta rolla som utanriksopposisjon.
Dagen etter stortingsvalet i fjor feira partileiar Bjørnar Moxnes og første nestleiar Marie Sneve Martinussen at Raudt kom over sperregrensa.
Foto: Heiko Junge / NTB Foto: Heiko Junge / NTB Foto: Heiko Junge / NTB
hompland@online.no
Det postrevolusjonære Raudt har vakse formidabelt etter at dei sprengde sperregrensa. Partiet har fotfeste i forskeria og velferdsstatens utdanna sjikt, og det kjem tilsig frå vanleg arbeidarklasse og prekære lenger nede ved bordet.
RAUDT HAR OMSKAPT seg til noko anna enn AKP(m-l) og Raud Valallianse, og det er meir enn eit hamskifte. Nokre gamle kadrar er reinska ut, men fleire har måla seg i vernefarge og funne plass i hornet på veggen, utan å ta ordet «revisjonisme» i sin munn. Éi blei sjefredaktør i Aftenposten, og éin er riksbibliotekar.
Etter 15 år er Raudt i konfirmasjonsalderen, og etter eige val er partiet foreldrelaust. Der andre leitar fram ein Sverdrup, ein Bondevik, ei Gro, ein C.J. Hambro og ein Willoch, har Raudt retusjert sine opphavsmenn. Moxnes vil vera i sanntid utan å dra med seg fortida. Pål Steigan, som lenge hadde det høgaste politiske nivået, har funne ein konspiratorisk og historisk søppelhaug for seg sjølv.
DEN NYE SPESIALØVINGA er å henta fram skrota forslag frå LO, Arbeidarpartiets program eller Hurdalsjøplattforma. Det er ein komfortabel posisjon, for det er mykje å ta av for eit parti som ser seg som ei høgrøysta vaktbikkje som tør der andre teier.
Om dei dreg fram referansar, er det gamle hovdingar i Arbeidarpartiet. Den raude herolden Mímir Kristjánsson har skrive bok om Martin Tranmæls metode då arbeidarrørsla nedkjempa ytre høgre. Når han gir råd om vegen vidare, stiller han spørsmålet: «Hva ville Gerhardsen ha gjort?»
Om ein ser bort frå at Gerhardsens marsjordre på Kråkerøy var å knusa kommunistane, har Raudt skaffa seg ny partibunad, der «kommunisme» er sett i semantisk parentes. Raudt tar ikkje mål av seg til å vera eit nytt SF/SV, ein hakkespett som pikkar Arbeidarpartiet i øyret. Dei dagdrøymer om å overta Arbeidarpartiets historiske rolle som breitt folkeparti og vinna folkefleirtalet på parlamentarisk vis – utan væpna revolusjon og proletariatets diktatur.
BYRÅSJEFEN ELSKAR å erta Vertinna som angrar på at ho lét seg forføra til å røysta på det smilande og storsnuta Senterpartiet, som lova å snu opp ned på det meste. Nå vandrar ho vel vidare til Raudt, som andre som kjøpte skinnet før bjørnen var skoten?
Det fnyser Vertinna av. Ho ser ikkje bort frå at dersom ho hadde sett seg ned med ein valomat, ville Raudt ha skåra høgt på enkeltsaker i velferdspolitikken. Men ho ser det store bildet, og der veg Nato, EØS og vilkåra for privat næringsdrivande tyngre. For henne er politikk noko anna og meir enn summen av enkeltfaktorar; det har også med historie, kultur og kjensler å gjera. Og der er ho immun mot dei unge, mørkeraude – same kor strigla, velkledde, veltalande og sympatiske dei står fram.
Grunnen er at Vertinna var utsett for dei innpåslitne maoistiske fedrane, mødrene og besteforeldra deira. Dei var kanskje ikkje så mange, men dei gjorde mykje av seg, der dei trilla det revolusjonære avkommet rundt i barnevogn i demonstrasjonstog og kom på dørene og falbaud Klassekampen. Dei prøvde å innynda seg, men som Jehovas vitne var dei ein pest og ei plage dersom ein gav dei veslefingeren.
Vertinna hegnar om dei røynslebaserte fordommane sine, ho forstår fundamentalistiske sekter, og derfor fordømmer ho dei. Ho innser at det kan vera urettvist å la opphavets synder gå i arv utan å gje etterkomarane ein sjanse til å prova noko anna, men slik er det berre.
NÅR VENSTREPARTI VEKS, fører rævadiltareffekten med seg veljarar som står fjernt frå kjernesakene, særleg i utanriks- og tryggingspolitikken. Dette skakar SV. I skuggen av det russiske åtaket på Ukraina har dei kome i stuss om Nato og andre historiske hjartesaker med opphav i fredsarbeid langs den tredje vegen.
Dagens Raudt er for nasjonal opprusting og vil melda Noreg ut or Nato. Dei er mot å senda krigshjelp til Ukraina, for det er usikkert kven som får hand om våpena i dei kaotiske tilhøva i grenseland.
I SV er det repetisjonsøvingar om desse spørsmåla. Raudt står klart til å overta som utanrikspolitisk opposisjon, om SV etter ekstraomgangar tar farvel med plenen og diskuterer seg inn i Nato.
VÅPENSAL ER EIT GNAGSÅR for den sjølvutnemnde fredsnasjonen. Det blir stadig referert til eit vedtak frå 1959 om at Noreg ikkje skal eksportera skarpe våpen til land i krig, i borgarkrig eller der krig trugar. Byråsjefen undrar seg over at ingen har mint om korfor dette prinsippet blei spikra, for det var ein av dei store politiske skandalane i Gerhardsens sanktifiserte regjeringstid.
Det hadde seg slik at amerikanarane kjøpte norske våpen som skulle leverast til det kubanske svinet deira, kuppmakaren og diktatoren Batista, som var i krig med revolusjonære opprørarar. Men då våpenlasta kom fram, hadde Castro sigra.
Dette pinlege våpensalet samla borgarlege parti og utanomparlamentariske fredskrefter. Regjeringa var samd i kritikken, men ville ikkje byta ut forsvarsministeren. For å halda gudfaren Gerhardsen ansvarsfri var forteljinga at han var i Paris og heldt ein forsonande fredstale då eksportvedtaket blei gjort.
På spørsmål om saka kunne føra til mistillit mot statsråden i Stortinget, spikra Nils Hønsvald den hønsvaldske parlamentarismen: «Det foreligger ingen politisk situasjon, for Arbeiderpartiet har flertall.»
Men regelverket blei stramma inn, og året etter blei Nils Handal bytt ut med Gudmund Harlem som forsvarsminister.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Då den norske våpenlasta kom fram til Cuba, hadde Castro sigra over diktatoren Batista.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida