Det kjem an på korleis ein ser det
Når frustrerte fruer i Framstegspartiet blir offer for trugsmål og inngripande overvaking.
DRAMA/KOMEDIE
Oslo tingrett, sal 250:
Hovudforhandling
08.09.2020–13.11.2020
Vinmonopolet stenger klokka 18 på kvardagar
Staten versus Laila Anita Bertheussen
Saksnummer: 20-020518MED-OTIR/04
Saka gjeld: straffeloven §§ 115, 263, 225, 190 2. ledd
WAYS OF SEEING 2
Manus: Laila Bertheussen
Sett i scene av Laila Bertheussen
I hovudrolla: Laila Bertheussen
I biroller: Tor Mikkel Wara, hennar sambuar og tidlegare justisminister
Fru og herr Tybring-Gjedde, skremde gjæser
Anonyme frå PST og Kripos
Statistar frå Framstegspartiet i Oslo og Human Rights Service
Dessutan medverkar: John
Christian Elden som Komiske Ali, Ketil Lund som Ketil Lund, Pia Marie Roll som skurken og Erna Solberg som brukte dei orda.
Laila frå Lødingen blei opprørt og irritert då ho fekk det for seg at privatsfæren var invadert og intimidert. Då politiet la saka til side og få forstod alvoret i det ho var overtydd om at ho hadde sett, blei ho handlekraftig og utkropen. Ho tusja «rasisit», produserte alternative fakta og konstruerte hendingar for å få forteljinga om trakassering til å fenga og henga saman. Då iscenesetjinga rakna og prosessen mot henne starta, opplevde ho det som hos Kafka: «En eller annen må ha ført falskt vitnesbyrd mot Josef K., for en morgen ble han arrestert uten å ha gjort noe galt.»
Det er slik Laila frå Lødingen og Røa ser det, og det er slik forsvarar Elden legg det fram. Framande makter må ha flytta inn. Og det skal sambuaren, Tor Mikkel Wara, ha: I bakgrunnen syng han, master i filosofi, tidlegare justisminister og kommunikasjonsrådgjevar i Fyrstehuset, «Stand by your woman».
Laila Bertheussen er under tøft press, tar risiko i grenseland og blir dolka i ryggen. Men det er påtalemakta som skal prova at ho er skuldig, og så langt er det mange indisium, men ingen rykande pistol.
BERTHEUSSEN-SAKA gir interessante gløtt inn i kva som rører seg i klandestine subgrupper nær makta i Framstegspartiet og i partiets kjæledegge Human Rights Service. Dei er så vane med å sjå seg sjølve som offer og tenka i komplott at dei ser konspirasjonar i høglys ålmente. Dei har så dårleg kontroll på skiljet mellom statssaker og private interesser at dei drøfta trumpske planar for korleis justisministeren skulle gripa inn og instruera politi og rettsvesen. Og bytullingane i patriotismens fyrtårn kasta seg over offentleg støtte til frie teatergrupper.
Tybring-Gjeddene skalv som persilleblad og sprang som «skremte gås» då dei fekk trugande brev. Men då politiet saumfór huset på Røa etter kvitt pulver og andre terrorspor, var Laila Bertheussen mest opptatt av at dersom ho ikkje rakk polet før stengetid, ville nokon ligga tynt an.
Like før saka snudde 180 grader og politiet kom på frimerkesporet, lét statsministeren seg forføra til å refsa folka bak Ways of Seeing for å truga samfunnstryggleiken og demokratiet og gjera det farlegare å vera politikar. Ho ville nok ikkje ha brukt akkurat dei orda i dag, men ho har ikkje hatt ryggrad til å beklaga.
SPALTISTEN er framleis ein av dei få hundre som har sett stykket Ways of Seeing. Han melde det til og med på eit vis i Dag og Tid (22. mars 2019), men innrømmer at han var mest opptatt av tidlegare høgsterettsdommar Ketil Lund i rolla som Ketil Lund, der han vandra nonsjalant rundt på scena og fortalde om ungdommeleg epleslang og Lund-kommisjonen og innimellom las doserande frå aviskronikkar om telefonavlytting, dataovervaking og maktas rotsystem.
Sidan fekk teaterstykket nytt liv og rolla vidare då det blei etterlikna av røyndomen, men med omvendt forteikn.
Spaltisten er ikkje teaterkunnig, men han kjenner skrifter av målaren, forfattaren og kritikaren John Berger (1927–2017). Han hadde eit skarpt blikk på både maktelite, svarte boksar og kunstnarisk jåleri. Han såg kunsten som hjelp til å snu synsvinklar, tolka ideologiske tilsløringar og stilla spørsmål ved kulturelle og politiske sanningar som blir tatt for gitt. Han mynta det ut slik: «The way we see things, is affected by what we know or what we believe.»
BYRÅSJEFEN liker ikkje utidig filming av folks hus og heim. Han meiner det er eit alvorleg trugsmål mot personvernet at Storebror veit så mykje om oss. Men dei hemmelege tenestene er trass i alt under ein viss demokratisk kontroll, og opplysningane dei samlar inn, kan vera viktige for rikstryggleiken.
Det er alvorlegare med alt det dei teknologiske småbrørne veit om oss gjennom appar og algoritmar når me frivillig og i tankeløyse gjer oss avhengige av overvakarane. Under dekke av å gjera kvardagen enklare for oss er denne overvakingskapitalismen ute etter å tena pengar på å lagra og selja vidare opplysningar om oss, eller gje dei ut til politiet når dei får pålegg om det. Det er ikkje nok med eit eple om dagen for å halda dokteren og politiet unna: Apple veit det frå minutt til minutt. Snart vil dei vel få tak i kva me tenker også.
VERTINNA har sine helseplager, men ho er glad for at ho ikkje er i Laila Bertheussens appar. Ho vil ha for seg sjølv kvar ho i løynd går mellom klokka to og kvart over to om natta, kor mykje ho handlar for på Meny, kor mange steg ho tar, og kva puls og blodtrykk er mellom kl. 18.26 og 18.36.
Ho er også nøgd med at ho ikkje er på Messenger og veltar ut av seg kva ho tenker når ho sit der med nokre glas og irriterer seg. Og Spaltisten finn det best at fjaset i dei ufiltrerte skifta våre skjer under fire augo.
Andreas Hompland
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Laila Anita Bertheussen (54) er tiltalt etter straffelovas § 115, som omhandlar «angrep på de høyeste statsorganenes virksomhet».
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida