Det konservative som størkna lim
Høgre har ikkje nye idear, men dårlegare løysingar. Statsministeren har nok med å ro.
Statsminister Erna Solberg (H) drøymde om å skapa full, borgarleg samling, skriv Anderas Hompland.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix
hompland@online.no
ER DET NOKON som minnest Høgre? Det var eit konservativt parti som overlét nasjonalkonservatismen til Bondepartiet, og som sjølv balanserte mellom verdikonservatisme og næringsliberalisme, mellom embetsstand, borgarar og kremmarar, mellom moral og marknad. Dei bygde på det kristne kulturgrunnlaget, skulle syna sosialt ansvar og «forandre for å bevare», som Lars Roar omsette det frå Edmund Burke. Andre var meir opptatt av skatt, privat armslag og eigedomsrett, byråkrati og formynderi, avundsjuke og sniksosialisering, strukturelle reformer og systemendringar for å demontera huset Gerhardsen bygde.
Partiet skulle vera til å kjenna att som ein brei sofa, sjølv om innpakkinga skifta og orda var utflytande. Erling Norvik frå Vadsø, generalsekretær 1970–1974 og formann 1974–1980 og 1984–1986, kasta seg i kalosjane og personifiserte høgrebølgjas folkelege andlet i Willochs tid. Han omtalte Høgre som eit «progressivt, liberal-konservativt og moderat sentrumsparti». Jo Benkow, som var formann frå 1980 til han blei knivstukken i ryggen av partifellar i 1984, drog det lengst inn i mjuk ull: «Det som er avgjørende, er at Høyre kan bety noe godt og riktig for folk flest.»
PROGRAMMATISK er dette samla under merkelappen «konservativ fremskrittspolitikk», men inntrykket var Høgre som kalkulatorparti. For å skaffa partiet av med dette ry skreiv den miskjende og hardt kjempande partileiaren Erna Solberg (Odd Isungset) boka Mennesker, ikke milliarder i 2011.
Til valet i 2013 hadde dei, med eit lån frå svenske tilstandar, funne opp seg sjølv som «det nye arbeidspartiet». Slagordet var «Nye idéer og bedre løsninger». Båe delar gjorde sitt til valsigeren over den raudgrøne regjeringa som hadde tapt handlekraft.
HØGRES VEG til makt hadde tidlegare vore gjennom samarbeid med det politiske sentrum, så det var ukomfortabelt å regjera i mindretal med eit parti til høgre for seg sjølv.
Erna Solberg ville forsona; draumen var å skapa full, borgarleg samling. Men då målet var nådd, synte det seg at Stjerna Erna var komen til eit helvete og ikkje til ein harmonisk himmel. Som statsminister i ei sprikande fleirtalsregjering minner ho mest om ein riksmeklar. Ho er fulltids sysselsett med å gjeta Kongens harar, dekka over fiendskap og finna andre måtar å seia det på for å hindra snikoppløysing av regjeringa. Det blir ikkje mykje styringsfart når ein må bruka meir krefter på å ausa enn på å ro den sprukne holken.
I dette spelet er Høgre utydeleg. Trøysta er at dei er det nødvendige limet i den borgarlege regjeringa, men folk røystar ikkje på lim, har Heidi Nordby Lunde (H, Oslo) sagt. Men ho kjem frå Framstegspartiet før Dolkesjø og har røynsle med klar tale som bloggaren VamPus.
LEIARTRIOEN i Høgre er robust i tydinga fastgrodd. Dei tre har sete saman i ti år og har til saman 42 år fartstid i posisjonane. Erna Solberg (leiar frå 2004) og Jan Tore Sanner (nestleiar frå 2004) tar attval. Det gjer ikkje Bernt Høie, for han skal bli Fylkesmann i Rogaland. Derfor må valkomiteen finna ein godt gift, homofil mann som nestleiar, for det er etablert som sedvane frå 2004.
ETTER FORBØNN frå Vertinna er denne spalta Venstre-fri sone, same kor freistande det er med Trine Skei Grande, den beste leiaren, og partikulturen hennar, og same kor passande det ville ha vore med nokre visdomsord frå Halfdan Hegtun i rolla som Even Brattbakken.
Av den heildekkande mediedekninga skulle ein tru at det handlar om eit statsberande parti og ikkje eit lite tulleparti. Den epidemiske sjølvskadinga i Noregs eldste parti, der det er fleire meiningar enn medlemmer, og mest like mange leiarkandidatar, går langt over Vertinnas forstand, og svært langt inn i Byråsjefens. Dei gode Hjelpeskrivarane åtvarar Spaltisten mot å skriva om dette med å visa til to punkt i pressas Ver varsam-plakat: paragraf 4.6, «Vis omsyn overfor menneske i sorg eller ubalanse», og paragraf 4.9, «Ver varsam ved omtale av sjølvmord og sjølvmordsforsøk».
***
RETTINGAR. Spaltisten mora seg i førre veke med tyrkkleif, språkleg slurv og korrektur. Han prøvde å erta den sanktifiserte Dag Solstad som, med forlagsredaktøren på slep, meiner det er inautentisk å endra ordformer som kom til han i skrivestunda, og som foraktar «Lektor Smålig» og andre filologiske petimeter.
Spaltisten skreiv at han set stor pris på den edle sysselen «petimetri». Slikt er risikosport: Lite er meir pinleg enn trykkfeil i rettingar, for det endar ofte med at feil på feil seg bygger. At ordet «petimetri» på trykk kom ut med ein R for mykje – som «petrimetri», må vera eit paradoksalt og ultimat prov på at trykkfeilsdjevelen gøymer seg i språklege detaljar, og at korrektur er ein umogleg kunst.
INNSPELA OM kva NAV kan vera akronym for, var meir vellukka. Ei som var med på svangerskapskurset, fortel at arbeidstittelen undervegs var «Norges Arbeids- og Velferdsetat». Det er uklart om namnet blei droppa av frykt for å provosera knarkane i Brussel.
Førsteprisen går til denne: SATS (Samanslått Arbeidsetat, Trygdeetat og Sosialetat). Det kunne ha blitt ein sprek institusjon, men namnet var dessverre opptatt. Nå som Nav må restarta for å bygga opp att truverdet, ville det vera passande å fusjonera med treningssenterkjeda og satsa på større eigeninnsats og meir personleg ansvar for eiga helse.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er etablert sedvane at den eine nestleiaren skal vera ein godt gift, homofil mann.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida