Eliteidrett utan feste i motbakkane
Morgondagens heltar må visa verda vintervegen, men også gjera resultat om til kapital.
Therese Johaug og Heidi Weng under 10 km klassisk for kvinner på Beitostølen i november.
Foto: Terje Pedersen / NTB
hompland@online.no
Profesjonell, kommersiell og pengedriven toppidrett er ei verd for seg. Han leverer medaljar, rus og rekordar, produserer TV-underhaldning og bygger posisjon og status for utøvarar, klubbar og sportsfirma.
Globalt er fotballen størst og rikast, men me er nøgde med å visa verda vintervegen. Sjølv om forholda er unormale, og den kalde, fine tida lar venta på seg, er vinteridretten i gang som kongeleg norsk hoffleverandør av stjerner. Warholm og Ingebrigtsen, Zuccarello, Haaland og Hovland skin sterkare internasjonalt, men våre nasjonalheltar bør ha ski på beina og gjerne børse på ryggen.
HANDBALL-EM er flytta til det hardt ramma Danmark fordi det ikkje var koronatrygt i det nye hallmonsteret i Trondheim. Handballjentene sprudlar som før i adventstida, også utan sauebjøller og med tause pappfigurar på tribunen. Kristine Lunde er tilbake og har stengt målet, med ei rørande personleg historie på kjøpet.
TV3 og Viaplay har kjøpt turneringa. Det ser ut til gje god utteljing, for reklamepausane et opp ekspertkommentarar og reprise av flygarar og andre sportslege høgdepunkt. Dersom ikkje for mange spelarar og lag går i koronafella og hamnar i karantene, kan me fryda oss fram til finalen 20. desember.
MANGE ER KALLA, men få er utvalde i toppidretten. Det er noko paradoksalt og vakkert over at aldrande funksjonærar, nokre av dei kan ha vore fortidas lokale heltar, stiller opp som frivillige på barneskirenn i vestar med teksten «morgendagens helter», sponsa av Equinor.
Dei fleste som satsar hardt, når aldri heilt opp. For som langrennskometen Helene Marie Fossesholm, som har sett medisinstudiet på vent, så viseleg seier det: «Det nytter ikke å hvile på rognebæra.»
Somme kan bli kortvarige julestjerner eller bli hugsa for uventa og overraskande enkeltprestasjonar. Fungassen Espen Rostrup Nakstad har fått ei ekstra koronastjerne i boka fordi han har ei lovande framtid i langrennssporet bak seg.
EIN EKSTRA KVALITET er når dei som det har gått mykje opp og ned for, kjem tilbake etter å ha vore skada, utbrende, overtrena eller hatt ymse andre avbrekk i karrieren. Det er berre å bøya seg i hatten for den labile Heidi Weng, Egebergs Ærespris til den aktlause Therese Johaugs closteboldømde leppe, 20 blinkar for Tiril Eckhoff og at Tarjei Bøe endeleg har kome over kyssesjuka og kan slå veslebroren.
Då landslagsfotballen koronahavarerte på veg til Romania, fekk me nye og uventa eingongsheltar i Wien: Det tappert kjempande nødlandslaget er nominert til årets nyord.
I EIN KLASSE FOR SEG stiller Petter Northug som norsk toppidretts Lasarus. Etter pokerspeling, glamourmodellstrid, bilkrasj og falskt vitnemål mot sin neste sona han si straff og slo frykteleg tilbake mot svenskane i Falun. Så la han opp på topp.
Men det er ikkje lett å venda tilbake til «eit normalt liv» når ein aldri har hatt det. Det finst usunne sjeler i sunne lekamar, og omvendt. Det er ikkje nok å prestera: I den norske idrettsfamilien skal ein også vera rollemodell og førebilete for ungdommen.
Etter råkøyring og kokain går det rykte om at Northug ligg i hardtrening for å stilla opp i lange løp – ikkje som angrande narkosyndar, men som meister i toppform. Det ville vera ei ekstremutgåve av rise and fall and rise og gjera han til trippelhelt. Som ein forsmak har han levert ein video med julesong om at han ikkje har vore snill gut i år, men at han skal heim til far i jula.
NOKRE FÅ etablerer seg
stabilt på topp. Som systematikaren Bjørndalen og den uheldige Brå har dei konkurransehovud, karisma, stamina og sigersglede og presterer igjen og igjen. Slikt varer ikkje evig, men kan føra med seg ein biografi av Thor Gotaas og nostalgiske møte med andre tidlegare stjerner i Mesternes mester.
Somme klarer å transformera idrettslege triumfar til økonomisk kapital. Nokre sit att med premiepengar i banken, reklameinntekter, jobb som ekspertkommentator eller hos sponsoren. Det sikraste har vore sportsdrikkar og sportstøykolleksjon i ull med namnet som merkevare. Ingen har drive det lenger enn Bjørn Dæhlie, som er blitt så rik på eigedomsinvesteringar at han flyttar frå Nannestad og omland til Bø i Vesterålen for å spara formuesskatt.
BYRÅSJEFEN har ein lang karriere og gode prestasjonar som engasjert tilskodar til fotball og vintersport på TV. Men nå har det snike seg inn ei uggen kjensle i gleda over prestasjonane. Han ser ikkje fram til innspurten i cup og fotballserie langt utanfor den normale sesongen, og slett ikkje til Tour de Ski, skiflyging og den tysk-austerrikske hoppveka som jaktar på smotthol og unntak frå unntakstilstanden i koronaens episenter. Å tevla utan publikum er ille nok, men for rettferds skuld må dei vel legga inn parameter for kroppstemperatur i tillegg til avsats og motvind.
Dette er i ferd med å utvikla seg til ein tragisk parodi, meiner Byråsjefen. Som samfunnsmessig føredøme og som helsevern for utøvarane burde eliteidretten halda seg på bommen til koronavinden har snudd. Men det kjem neppe til å skje, for kommersen er ein pest som stenger for klårsyn og bakkekontakt.
BREIDDEIDRETTEN må rimelegvis finna seg i å vera ein berekraftig del av samfunnet. Den internasjonale eliteidretten demonstrerer at han ikkje er det, men lever i si eiga, frikopla boble.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Internasjonal og kommersiell TV-idrett lever i si eiga, frikopla boble.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida