JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

LO er ein ustø koloss på oljeføter

I konkurransen om nye medlemmer er det ein veikskap for LO at dei er så partilojale.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på LOs 35. ordinære kongress onsdag i førre veke.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

5468
20220610
5468
20220610

hompland@online.no

LO nærmar seg ein million medlemmer, inkludert pensjonistar og lærlingar. Eller for å vera presis: LO har ingen individuelle medlemmer, men er ein hovudorganisasjonen for 25 fagforbund. Den enkelte er ein del av LO-familien gjennom si lokale fagforeining og sitt nasjonale forbund. Forslag om eit forbundslaust LO har aldri slått gjennom.

Ved skipinga i 1899 var namnet Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon (AFL). Det var den faglege greina av arbeidarrørsla, med tvillingen Det norske Arbeiderparti (DNA) som den politiske. Namnet blei endra til Landsorganisasjonen i Noreg (LO) i 1957 for å ta av den proletære hatten og skapa rom for fleire. Gradvis forsvann også ordninga med at fagforeiningar kunne ha kollektiv medlemskap i partiet. Nå står bare forbokstavane LO og A att.

STORDOMSTIDA TIL LO som fagpolitisk aktør var i Gerhardsens dagar, då Arbeidarpartiet hadde regjeringsmakt og reint fleirtal. Då var samarbeidskomiteen mellom DNA og LO ein sentral arena for auka produktivitet, betre sosiale velferdsordningar og moderate lønnskrav.

Sidan har LO fått mindre direkte makt. I den norske modellen med samarbeid mellom regjeringa og dei organiserte arbeidsgjevarane og arbeidstakarane må LO dela det tredje hjørnet av bordet med andre hovudorganisasjonar i arbeidslivet: Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), som dekker mange av dei same yrkesfelta som LO, men held seg partipolitisk uavhengige; Unio, som organiserer høgskuleutdanna, særleg lærarar og sjukepleiarar; Akademikerne, som er meir eksklusive og dominerte av lækjarar og ingeniørar som er mindre glade i kollektive tariffar enn i lokale og individuelle avtaler.

LO STÅR STERKT i yrke og på arbeidsplassar der organisasjonsgraden tradisjonelt er høg, men det nye arbeidslivet i utdanningssamfunnet er ikkje på deira side. Dei prekarierte er vanskelege å organisera, og dei velutdanna sviktar LO. Det er ikkje lenger slik at Norsk Tjenestemannslag har medlemmer frå statsråd til bod i departementa, frå professorar til garderobevakter på universiteta og frå sjefar til kabeltrekkarar i NRK.

Skrekkscenarioet for LO er at mens organisasjonsgraden totalt fell, vil dei andre til saman få fleire medlemmer enn LO.

Eit svar har vore å gjera medlemsboka meir gullkanta, med kollektive forsikringsordningar og rabattar både her og der i kraft av å vera store. Og å få auka skattefrådrag for fagforeiningskontingenten og eit tryggare organisert arbeidsliv med Arbeidarpartiet i posisjon. «Ække det bra?» som statsminister Støre spurde på LO-kongressen.

EIT FORSVARSTILTAK er å bygga om organisasjonen ved å fusjonera. Ei retning er med samarbeidande kartell etter sektorar: industri, service, kommune, stat. Ei anna er samling i to dominerande forbund med namn som er til å forveksla: Fagforbundet og Fellesforbundet.

Fellesforbundet er det gamle Jern og Metall som dominerer i privat sektor og har tatt opp i seg meir eller mindre svinnande bransjar. Fagforbundet blei desidert størst etter fusjonen mellom Kommuneforbundet og Helse- og sosialforbundet.

Den interne kjøtvekta i LO har skifta tyngdepunkt frå privat til offentleg sektor, frå industri til kontor og velferds­yrke. Men stadig er industriarbeidarane kjernen, ikkje mist fordi dei er frontfag i lønnsoppgjera. Når konkurranseutsett industri har lagt ramma, er ho ikkje lett å rikka, same kor mykje applaus lærarar og helsepersonell fekk under pandemien.

LO-KONGRESSEN er ein konsensusmaskin med innebygd motstand mot delte voteringar. Redaksjonskomiteen ein forhandlingsinstitusjon som syr saman kompromiss som er så uklare at alle får litt. Dei klarte å få til eit samrøystes vedtak om eit grønt skifte der petroleums­utvinning skal vera økonomisk og klimamessige berekraftig, noko som kan tolkast på ymist vis. Fasit er at LO ikkje må legga seg på tvers i saker som er sentrale for Arbeidarpartiet.

Til gjengjeld tøffa kongressen seg med råd om at Noreg skal boikotta Israel og slutta seg til FNs nei til atomvåpen.

I KRAFTPOLITIKKEN tapte ein høglydt opposisjon for ein stillare majoritet i det regjeringslojale og systemtrugne sentrum. Sjølv om tidlegare LO-leiar Roar Flåthen har brukt kraftfulle formuleringar frå den klassiske verktøykassa om eksportkontroll, styring og regulering, følgde fleirtalet formaningane frå Støre og gjekk mot å vengeklyppa statsføretak og innføra ein strengare handlingsregel for kraftmagasina.

Mens somme ventar på Energikommisjonen og andre på motmeldinga frå den refuserte Gerd-Liv Valla, la LO seg til høgre for Norsk Industri og far til energilova, Eivind Reiten frå Senterpartiet og Norsk Hydro.

DET ER EIN STYRKE og ein veikskap for LO at dei har så nære band til Arbeidarpartiet. Det er ein styrke fordi sentrale tillitsvalde sit i partileiinga og kan påverka politikken. Det er ein veikskap fordi LO på den måten blir lojal støttespelar for det som til kvar tid er Arbeidarpartiets politikk, også på område der breie lag av medlemsmassen er misnøgde og krev sterkare lut.

Det styrker heller ikkje mistanken om mangel på politisk dømmekraft at den nyvalde LO-leiaren har brukt tid og krefter på å krevja at SV må med for å stabilisera fleirtalet for ei A-leia regjeringa, når verken SV eller Senterpartiet vil.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Den interne kjøtvekta i LO skiftar tyngdepunkt frå privat til offentleg sektor.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis