Makta er vanskelegare å få tak på
Oppgåver og ansvar er flytta frå politiske organ til privat sektor og offentlege kvasimarknadar.
I 2003 overleverte professor Øyvind Østerud makt- og demokratiutgreiinga som han var leiar for, til statsminister Kjell Magne Bondevik. 25 år tidlegare stod Gudmund Hernes bak den første maktutgreiinga, i Brattelis tid.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
hompland@online.no
Å ha makt er å kunna setja sin vilje gjennom ved motstand, å få andre til å gjera noko dei elles ikkje ville ha gjort. Det er tale om makt over avgjerder, dagsorden, tru og tankar. Ein meir forsiktig måte er å tala om å ha innflytelse til å påverka og ha eit ord med i laget. Det motsette er å vera avmektig.
DET ER 50 ÅR SIDAN den første maktutgreiinga (Gudmund Hernes) og 25 år sidan den andre, som også hadde «demokrati» med i namnet (Øyvind Østerud). Er tida inne for ei ny maktutgreiing? Det tok Videnskapsakademiet opp for eit par veker sidan, for mykje olje og gass er pumpa opp sidan den gong.
Ein stor og gjennomgripande samfunnsmetamorfose, meinte Hernes. Kvar går makta nå? undra Østerud. Dei var samde om at deira utgreiingar peika på trendar og utviklingstrekk som har akselerert, men også tatt av i andre retningar: digitalisering, globalisering, klimatisering, finanskapitalisering, sosial medialisering, fragmentering.
Og bak det heile ligg store demografiske endringar, med auka levealder, færre barnefødslar, likestilling mellom kvinner og menn og diverse kjønn, og større etnisk og kulturelt mangfald.
POLITIKKEN ER RASKARE i ei ny medietid, men går meir i hytt og vêr etter skiftande dagsordenar. Mellom statsmaktene har folkevalde og lovgivande organ tapt makt til domstolane ved at meir av forvaltningas praksis i høve til borgarane er rettsfesta. Den politiske verktøykassa er blitt tommare. Politiske organ er offer for domenetap.
Gudfaren Stein Rokkan skilde mellom den numeriske og den korporative kanalen, mynta ut i devisa «stemmer teller, men ressurser avgjør». Interesseorganisasjonar er blitt sterkare og meir velorganiserte med fleire lobbyistar. «Toppfolkenes partnerskap» blir løfta fram som trepartssamarbeidet i den velsigna norske modellen. Men bakom syng EMK, EØS og ESA.
BYRÅSJEFEN MEINER at dei grunnleggande tilhøva stadig er dei same, og at Forvaltninga alltid er den same og saklege. Der er han nok eit offer for eigen ståstad: Frå heimekontoret ser han ikkje at sentralforvaltninga har overtatt reell makt frå det veksande politikarkorpset, men at begge har tapt makt til utlandet, til marknaden, til hybride organisasjonar, til tilsyn og fristilte føretak. AS-ifiseringa har sigra.
DET HERNES I SI TID med ein vri kalla «forhandlingsøkonomi og blandingsadministrasjon», har fått ein ny twist der marknadsøkonomien er blitt hegemonisk, også for sosialdemokratar: Marknaden er ikkje ein modell, men ei naturleg røynd som må få verka utan innblanding. Rettferd og fordeling er ei anna skål.
I den nye staten er det rydda opp i blanda administrasjon og sosialdemokratisk styringstradisjon og -ambisjon. Hernes gir mykje av æra for det til ryddeguten Tormod Hermansen, men som maktpolitikar, programmakar og statsråd har han sjølv ytt sine skjervar. Noko av det har vore institusjonell abdikasjon, noko vilja systemendringar, men summen er mindre detaljpolitisk handlingsrom.
Det er eit paradoks at jo fleire som blir ramma av forvaltningsvedtak og marknadens urettvise, jo sterkare blir misnøya med politikarane som blir skulda for å vera ein sirkulerande elite utan kontakt med folk flest.
DEI TO HISTORISKE maktutgreiarane trekte på ein måte stigen opp etter seg, for begge tvilte sterkt på om reprise er ein farbar veg å gå for å fanga opp korleis makt og mynde har flytta på seg og er endra i det norske samfunnet – med ei hernesiansk spissformulering: «Maktfordelingen i det norske samfunnet er blitt slik at en maktutredning er blitt umulig.»
Østerud trudde eit nytt forsøk ville koma til å bryta saman før det er etablert, på grunn av kontroversar om identitetspolitisk representasjon. Hernes vil ikkje gje opp jakta på nye heilskapsperspektiv, for den omgrepsmessige overbygnaden heng etter endingar i basis. Men han meinte at då må ein unngå ordet makt og satsa meir sektor- og fagspesifikt.
HER ER DET PÅ SIN PLASS å minna om samleverket Det norske samfunn. Det begynte med ei stensilutgåve i 1966 og kom første gong i bokform i 1968, forfatta av nestorane i sosiologifaget og «tilliggende herligheter». Nå har det nyleg kome i åttande utgåve i tre bind på 1200 sider med 50 kapittel og 77 bidragsytarar frå yngre og middelaldrande slekter, redigert av Spaltistens samtidige sosiologar Ivar Frønes og Lise Kjølsrød.
Verket speglar at det samfunnsvitskaplege kunnskapstilfanget er blitt breiare, meir detaljert, betre dokumentert og djupare, men ikkje meir overordna og samanfattande. Dette kan det bli rikeleg høve til å koma tilbake til og trekka vekslar på i framtidige sideblikk.
AD. DAGSORDENMAKT og mediekanalar: Måndag heldt Stortinget sitt lenge varsla og omframme hastemøte der straumprisopposisjonen skulle gjennomføra mordet på regjeringas kraftpolitikk på vegner av vanlege folk som blir flådde ved pumpene og går ein frysande vinter i møte fordi dei ikkje har råd til mykje lys og varme i husan.
Men der hadde dei sett opp politisk budsjett utan vert, så det blei ei beretning om brølande småløver som ikkje nådde ut til folk flest, men enda som skinnfellar. Framsyninga blei ikkje kringkasta i allmenne statskanalar, men måtte nøya seg med å bli strøymd på Stortingets eigen nettkanal for spesielt interesserte.
Ein kan seia mykje om det britiske imperiet, monarkiet og den avlidne dronninga, men gravferda okkuperte magasina og koloniserte dagsordenen på den norske energiopposisjonens tillyste festdag.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida