Meisterens røyst er loven i Nato
Amerikanarane vil forsvara sitt verdshegemoni og ha Europa med til Sør-Kina-havet.
Presidenten i USA, Joe Biden, og generalsekretæren i Nato, Jens Stoltenberg, fann tonen på Nato-møtet i Brussel denne veka.
Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB
hompland@online.no
Jens Stoltenberg har fått inn eit revidert kapittel i Nato-historia. Det skal vera ein ny start for alliansen Trump truga med å trekka USA ut av, og som den franske presidenten kalla hjernedaud.
STOLTENBERG SKRIV med påhalden penn. Han har gjort det som gjerast skulle av ein generalsekretær i Nato: det som passar USA best. For det har han fått meir enn protokollært skryt av Biden, for utruleg og fantastisk leiarskap. Det er som eit ekko av Trump, som kalla Stoltenberg sin største fan då han tok på seg jobben som unnskyldande støttekontakt og pengeinnkrevjar for 2 prosent.
Same kven som presiderer på den andre sida av Atlanterhavet, er dette Stoltenbergs rolle: His Master’s Voice. Så kan han få lov til å legga til nokre ord om oppgåver som lyder betre enn USAs hegemoniske interesser i økonomi og krigsmakt: verdigrunnlag, menneskerettar, Huawei og klima.
Løftet om å innlemma Ukraina og Georgia i Nato for å ringa inn Russland betre, er lagt på is, men Stoltenberg ivrar for fleire krigsskip i Svartehavet. Mens USA vil ha eit haltande Europa med på å flytta blikket frå Nord-Atlanteren til Sør-Kina-havet og gjera Nato til tryggingspakta Skit.
DÅ TIDLEGARE UTANRIKS- og forsvarsminister Bjørn Tore Godal evaluerte kva Noreg hadde oppnådd med å kriga i Afghanistan, ut over ti falne nordmenn og nokre hundre drepne fiendar, var konklusjonen: Vi har vist oss som ein trufast alliert av USA. Det er ei slags forsikringsordning: Om vi stiller opp når dei kallar på villige i sør, vil dei koma oss til hjelp mot russarane i nord. I alle fall dersom dei på førehand får lagra våpen, øva med atomubåtar, overvaka norsk politikarar og stella seg som dei vil i «omforente områder». Vilkåret er at det ikkje skal kallast «base».
DET ER EI FJØR I HATTEN for «et lite land i verden, herr president» å ha den sivile toppsjefen i verdas mektigaste militærallianse. Det har disiplinerande konsekvensar i det utanrikspolitiske etablissementet, og særleg i Arbeidarpartiet. Både partileiar Jonas Støre og partiets fremste utanriks- og forsvarspolitikar, Anniken Huitfeldt, har hatt Jens som politisk sjef og leiestjerne. Huitfeldt, som ligg an til å bli utanriksminister, uttaler seg faktisk endå meir lojalt og tillitsfullt til Nato og USA enn Bakke-Jensen.
For det skal Erna Solberg ha: Ho tar ein Merkel, held igjen og meiner at Nato ikkje skal vera verdspoliti for amerikanske interesser av ymse slag, og menneskerettar høyrer heime i FN og klima i Paris. Å bli tøffare mot Kina smaker ikkje godt for Solberg, som forhandlar om ein frihandelsavtale etter at ho klarte å krypa ut av den kinesiske fyseboksen – der Noreg hamna etter fredsprisen til Liu Xiaobo på Stoltenbergs og Støres vakt. Men som den utanrikspolitiske realisten Tybring-Gjedde minner om: Det spørst kva amerikanarane og Nato tillét.
***
RETTINGAR. Byråsjefen insisterer på å fortelja om opphavsmannen til ståmopedsynda, som var tema i denne spalta førre veke. Det er ei vandresoge som emeriterte byråkratar framfører med nostalgiske hjartesukk om den gong Forvaltninga hadde initiativ og kontroll, fortente respekt, var bestandig og ikkje lét seg styra av tilfeldige innfall frå politikarar som kjem og går.
ROLF NORMANN Torgersen (1918–2010) heitte mannen, men skreiv seg R.N. Torgersen. Han var jurist og ein temmeleg spesiell vandrepokal i offentleg forvalting i 50 år. Han debuterte i kompensasjonsavdelinga i Justisdepartementet med prosessdokumentet «Tysklands forbrytelser mot Norge», og han var til stades under rettsoppgjeret i Nürnberg.
På 1960-talet var han tett på arbeidet med statens nye veglov, både i Samferdselsdepartementet og i Stortingets transportkomité. På 1970-talet var han direktør i Sekretariatet for trafikksikkerhet, og i det neste tiåret spesialrådgjevar i Samferdselsdepartementet.
R.N. TORGERSEN blei av somme oppfatta som ein liten tsar på sitt område, mens andre såg på han som ganske sær. Hans domene var vegtrafikklova, som han var med og formulerte, omformulerte og forvalta, også gjennom diverse kommenterte utgåver.
Han var ingen løynd eminense, for som offentleg tenestemann var han offentleg synleg og aktiv i debattar om trafikktryggleik. Han fekk sin del av æra for obligatorisk bilbelte, lågare fartsgrenser og fotoboksar.
IHUGA SYKLIST var han. På veg frå bustaden på Uranienborg til jobben i departementet blei han ein gong lettare skadd i møte med ein bil. Då la kona ned sykkelforbod. Kva gjorde R.N. Torgersen? Han fekk skrive inn i vegtrafikklova at det var tillate med sykkel på gangvegar og fortau. Og så sykla han vidare – med frakk og i roleg og fredeleg sameksistens med fotgjengarar.
Det var gjennom denne torgersenske opninga i vegtrafikklova at dei plagsame doningane hamna på fortaua då dei blei klassifiserte som syklar og ikkje som motorkøyretøy.
I 1990-ÅRA utarbeidde R.N. Torgersen tre orienterande handbøker for Administrasjonsdepartementet: Departementsboka, Direktoratsboka og Fylkesmannsboka. Pluss ei praktbok om ordenar.
Som pensjonist etter 50 år som byråkrat, gav han som ei krone på livsverket ut Styringsboka på eige forlag. Han kalla det «en orientering om styring av de øverste statsorganer», men han ville ikkje ha vore R.N. Torgersen om ikkje boka også hadde «en konkret og radikal plan om hvordan offentlig virksomhet kan gjøres bedre og billigere og hvem som bør være ansvarlig for gjennomføring av handlingsplanen».
Slike forvaltarar, det vil gamle Noreg ha, meiner Byråsjefen.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å vera tøffare mot Kina smaker Erna Solberg dårleg.
Fleire artiklar
Dei kritiske tekstane til Oscar Wilde er leseverdige, skriv litteraturvitaren Kjetil Berthelsen.
Foto: Library of Congress / Wikimedia Commons
Oscar Wilde som kritikar
Kritiske essays gir oss eit tankevekkjande møte med Oscar Wilde.
Forbundskanslar Olav Scholz saman med medleiarane Lars Klingbell og Saskia Esken på pressekonferansen SPD heldt framfor nyvalet, i Berlin 17. desember. Ein statue av Willy Brandt i bakgrunnen.
Foto: Liesa Johannssen / Reuters / NTB
Å møte seg sjølv i døra
Her kjem eit forsøk på å forklare undergangen til Olaf Scholz-regjeringa.
President Joe Biden ser på ei kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i 2022.
Foto: Andrew Harnik / AP / NTB
Dufta av kvantekaffi
«Kvanteteorien gøymer seg bak eit tjukt villnis av matematikk.»
Trump meiner alvor med Grønland
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.