Når det er taus kunnskap som tel
Maskuline fellesskap er ei mellombels blanding av nedlatande, ubehøvla og hjelpsame.
Mannekraft måtte til etter det store snøfallet i Kragerø i mars 1954.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB
hompland@online.no
Det var ein av dei dragande dagane med passe mykje nysnø og nypreparerte spor etter dei velsigna løypekøyrarane som er ute før fanden har fått ski på beina. Mange kjende si gjestingstid, for det var varsla mildvêr og regn og deretter frost og dritføre i pestens tid.
Trikkar, banar og P-plassar var overfylte. I bynære strøk og på markastover med bollar og solbærtoddy var det kø med folk av alle slag og aldrar. Mange var openbert ikkje fødde med ski på beina og stavar i hendene. Andre hadde funne fram gamle ski og utvaska anorakkar som ikkje hadde vore i bruk på mange år.
Det var vakkert.
DER FAVORITTLØYPA mi startar, er det verken kollektiv transport eller parkeringsplass. Me som soknar dit, parkerer pent og pynteleg og disiplinert bak siste bil langs den smale vegen og må av og til gå ein kilometer fram til start.
Etter ein strålande familietur var det eit bal å få laus og snudd bilen. Eg hamna med hjula i stikkrenna under brøytekanten og sat bom fast.
Vertinna meiner det er typisk for overmodige og uvørdne menn. Eg skulle heller ha sleppt til mi unge dotter, som driv øvingskøyring. Ho ville ha vore meir forsiktig, og om ho hadde hamna i ulykka, ville det ha strøyma til med handlekraftige menn.
EG VÅGA Å BE om hjelp og fekk det til overmål av eit bil- og køyrekunnig og mellombels mannsfellesskap som hadde vore ute i kinkige trafikksituasjonar før. Mange tilbaud fysisk styrke, og nokre stilte opp med spade og løfte om slepetau for å få bilen laus.
Fleire kom med gode råd om hjulstilling, om å vera varsam med gassen og få bilen til å gynga mens dei vogga og dytta han fram og tilbake. Men ingen gjekk så langt som til det eine fornuftige: å overta førarplassen til den utdaterte sjåføren. Det ville ha vore å gripa for sterkt inn mot personen i bilen.
SOMME TENKTE SIKKERT at den idioten fekk det han fortente, og kunne sitta der og venta på redningsbil, men dei sa det ikkje. Det ville ha vore eit slags kollektivt nederlag å tilkalla Viking. Dessutan ville det ha hindra dei andre. Å koma fram på allemannsvegen er eit fellesgode.
Eg lukta ein porsjon forakt for den svake sjåføren i hjelpsemda som fekk meg opp av grøfta, men det var resultatet som talde. Eg ropte tusen takk til dei gode hjelparane og sa at godt skiføre får fram det beste i norske menn. Han som hadde forsikra at «vi ordner det» og organiserte dei andre dyttarane, svarte i ikkje-hoverande og inkluderande medkjensle: «Vi kan alle bli litt uoppmerksomme på slutten av en fin tur.»
MASKULIN RØYNSLE og fagkunne i mannlege handlingsfellesskap skal ein vita å setta pris på. Taus kunnskap hos trauste og elles tause menn.
Desse mennene som stilte opp og fekk meg ut av ein kinkig og flau situasjon, gjorde det ikkje gjensidig og resiprokt, for eg kan ikkje gjera dei ei beine att. Dei gjorde det frivillig, som del av eit anonymt og mellombels kollektiv som av og til viser styrke. Det kan seiast å vera ein bit av grunnkontrakten mellom menneske i eit samfunn. Det er Vertinna samd i, om det ikkje blir for mykje av det.
BYRÅSJEFEN merkar seg denne omstendelege og til dels høgttravande utgreiinga om ein liten episode. Han er glad for at han fann sin plass i den nøkterne Forvaltninga og heldt seg unna det sosiologesiske. Der tar han den medievridde professorstatsråden Gudmund Hernes til vitne: «Sosiologer sier ting alle vet i et språk ingen forstår.»
Spaltisten, som er belasta med ein grad i ruralsosiologi, forsvarer seg på to måtar. Den eine er eit motto han fekk av ein venn, mentor og nesten sambygding, sosialantropologen Cato Wadel (1936–2011) frå Flekkefjord: «Andreas, mi børde laga meir sosiologi ud a sånt som me ikkje gjør noge med.» Den andre er at sjargongen kan vera kompliserande, men finslipt. Så «ubehøvla» er han ikkje.
UBEHØVLA dekker grovt, plumpt, ufint, frekt, uforskamma, taktlaust, ukultivert og ymist anna. Men kva kjem uttrykket av? Det har eg lært av Røyne Kyllingstad (Bygd er mer enn bønder):
Lauga styrte den einaste handverkarutdanninga styresmaktene godtok. Etter fire års læretid og prøve kunne sveinane få meisterbrev, men for å bli tatt opp i snikkarlauget, måtte dei gjennom ein seremoni og bli «behøvlet». Det mellomalderritualet vann innpass i Noreg på slutten av 1500-talet. Skikken utarta til rein tortur og blei forboden rundt 1850.
Lauga var kongeleg privilegerte for byborgarar, så handverkarar på bygdene kunne aldri få godkjend status, same kor dyktige dei var, for dei var «ubehøvlede». Ord gir makt.
***
RETTINGAR. Sjølv om ein strevar over ævne både ein og to gonger mellem slagene, er det ikkje lett å rista av seg Bjørnstjerne Bjørnson, som han stiger frem. Men dette er vonleg siste retting av rettingar, for dets fred slår leir.
Sideblikk førre veke blei møtt av ein kvalitativ lesarstorm. Det stod at diktarhøvdingen ville slå seg ned og dikta i geografi og kærlighed på statsråd Qvams storgard, gjæve Gjeving i Egge.
Det er feil. Garden heiter Gjevran/Gjævran. Gjeving, for den som ikke ved det, er eit idyllisk og skjønt sted i Tvedestrand kommune, nær en yndig, liden sørlandsby.
Spaltisten har nok latt seg forføra av allitterasjon, sjølv om Gjevran bokstavrimar like godt som Gjeving på gjæv. Det er eit døme på ein fallitt i spaltismens poetikk når den nye vinen blømer.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Sosiologer sier ting alle vet i et språk ingen forstår.»
Gudmund Hernes
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida