Nasjon i kamp med lava og lupin
Det eruptive har forma, utfordrar og omskaper sagaøya. Og som landet, så folket.
Thingvellir nasjonalpark med tusen års folkestyre i ryggen.
Foto: Agnese Stracquadanio / Reuters / NTB
hompland@online.no
Til Island skal ein fara i lag med Halldór Kiljan Laxness (1902–1998), Nobelprisen i litteratur 1955, i Ivar Eskelands særmerkte omsetjing. Då møter ein liv og lagnad i Brekkukot, til tonefylgje av Islands klokke, men ein kan også følgja den gamle kommunisten i kamp mot at landet var til sals til amerikanarane på Keflavik.
Ein personleg favoritt er Bygdekrønike (Innansveitarkronika) med bitter strid mellom bygdefolk og styresmakter om hovudskallen til Egil Skallagrimsson og riving av kyrkja i Mosfellsdal: «Det er ofte noe vrient for øvrigheten å drive igjennom urettvise hensikter mot fattige sambygdinger med ordet i sin makt, den makt som på Island for det meste har hatt høyere gyldighet enn loven.»
PÅ LÖGBERGET ved Tingvellir får ein ei kjensle av 1000 års folkestyre. Men Spaltisten kjende seg litt vulkansk alt då han steig om bord i flyet og leverte «brottfararspjaldinn».
Vertinna er samd i at ein aldri skal missa eit høve til å vitja Island og møta natur, saga, gilde folk og godt vertskap. Språkleg meiner ho ein kjem langt dersom ein knekker koden for diftongar og andre finessar i sognamoul. Det glir endå betre med ein støyt av riksbrennevinet Svartidaudi.
Ein kan til og med vera heldig å få eit glimt av all den overveldande naturen mellom tjukke skoddeflak, der det står hestar i regn. Men med Laxness må ein koma i hug sauen: «Vakkert landskap på Island er der hvor beitet er godt for smalen».
SAGALITTERATUREN er eit høgdepunkt i germansk og europeisk diktarkunst. Aldri var lia fagrare enn i Njåls saga. Dei heldt fram med å islandisera hoff- og trubadurpoesi, og dei skapte si eiga språklege røynd i det Laxness kalla «insulær innbilskhet». Dei har slått England i torskekrig og fotball-EM; for tida leier Breidablik den øvste divisjonen («Besta deilid»). Men då vikingfinansfolk glitra og skulle erobra verda, knekte det nakken på islandsk økonomi.
Det gjekk heller ikkje så bra i møtet mellom Egil Skallagrimsson og fjernsynet, meinte Laxness. Island ligg på Atlanterhavsryggen, der amerikansk og europeisk kontinentalplate støyter saman, og er på ymse vis meir amerikanisert enn dei skandinaviske landa. Reykjavik er ingen stor by, men like fullt ein storby.
I BOKHANDELEN på flyplassen raska eg med meg Arnaldur Indri¿ason. Eg er ingen krimlesar, og slett ikkje om litt forhutla politipensjonistar som rotar i drap, narko og arveleg pedofili. Men eg blei fanga av tittelen Jenta ved broen, for det er brua over Tjörnin, rett bak Alltinget, midt i parken som er det finaste området for ein springar i Reykjavik.
Det er som oftast ein tilleggskvalitet å lesa ei bok på staden, men ein kan også bli avspora og in casu hekta seg opp i islandske gatenamn. Men det fortaper seg når grisgrendt landsbygd og aude natur overtar: stein og lava, berre 20 prosent med nokon slags vegetasjon, 2 prosent skog, men mykje grøn beitemark og dyrka torvmyr.
LANDSKAP KAN LESAST som forteljing om millionar av år i stort, og i mindre om det tusenåret det har budd folk på Island: fisk i havet, jøklar, vulkanar, geysirar med og utan grønsåpe, varme kjelder og fleire hundre jordskjelv i veka.
Den eruptive naturen har skapt og omskapt landet. Det har sett rammer for kvar folk kan bu, og det har forma folket. Men islendingane lar seg ikkje styra utan å kjempa mot. Den største sigeren er at dei har domestisert det heite vatnet til kraftverk og oppvarming av 90 prosent av bygningane. Nå hentar dei vatnet frå djupt nede i bakken, og røyrleidningane er så solide at det ikkje lenger ligg ein eim av svovel og rotne egg i husa.
NÅ STÅR KAMPEN om vegetasjonen i det avskoga landskapet. Islendingane vil kle det opp med sitkagran og poppelask.
I Noreg fører hyttefolk ein evig krig mot bjørk og bartre som veks seg større, kryp stadig høgare, gøymer fjellhytta i skog og stenger utsikta.
Islendingar er også ivrige hyttefolk, men dei fører den omvende kampen: På dei aude og vindfulle slettene som kunne ha vore flott skiterreng om det hadde vore snø, men det er det jo ikkje, skal hytta og badestampen rammast inn med ein tett krans av høge tre. Ein kan lesa alderen og prisen på hyttene etter kor usynlege dei er bak skogmuren.
DEN STORE SKILNADEN er lupinane. Det begynte med at dei blei innførte og planta planmessig for å binda ørkenaktig lavasand, pynta vegkantar og lysa opp i landskapet. Dei trivst godt, er blitt ustoppelege og spreier seg med kolossal kraft utan naturlege fiendar. Sauen skyr dei, og dei kjøver annan vegetasjon. Den svarte, raude og grøne øya er i ferd med å få eit blått skjer.
Lupinar er vakre, men når det blir for mykje av det gode, er dei eit slit å bli kvitt – berre spør Statens vegvesen. Slikt slepp Nye vegar, for dei skrapar alt snautt.
TJÓDHÁTÍDARDAGURINN er i dag, 17. juni. Islands nasjonaldag markerer at landet reiv seg laus frå det danske kongeriket og blei ein sjølvstendig republikk etter ei folkerøysting i 1944, då Danmark var okkupert av Nazi-Tyskland og Island av allierte. 17. juni blei vald fordi det er fødselsdagen til sjølvstendemannen Jón Sigurdsson (1811–1879).
Som oftast regnar det på dagen, men mykje iskrem et dei, som alle andre dagar året rundt. Og god, det er han, av islandsk mjølk og fløyte.
Til hamingju med daginn, gódir nágrannar.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Vakkert landskap på Island er der beitet er godt for smalen.»
Halldór Kiljan Laxness
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida