Røystesetlar bestemmer ikkje alt
Det er langt frå presidentval i USA til den norske modellen, men me kjem ikkje unna konsekvensane.
Ein veljar ser over røystesetelen før han førehandsrøystar i Wisconsin.
Foto: John Hart / AP / NTB
hompland@online.no
Me var samla til valvake: Spaltisten, Hjelpeskrivarane og ein slektning på Skype frå California – med djup innsikt i valordning og meiningsmålingar. Tonen var spent, men lett og håpefull. Me mora oss med forvitnelege Trump-snuttar på YouTube og minte kvarandre på dei vanvituge utspela hans.
Me såg fram til at amerikanske veljarar skulle retta opp att feila frå 2016, slik at USA igjen kunne stå fram som eit relativt normalt og føreseieleg imperium. Dei støyande stormtroppane og Trumps oppskrudde optimisme tok me som prov på at dei var solid planta i ein alternativ røyndom.
VERTINNA GRØSSAR av det Trump gjer og seier, men det er morskap i galskapen; han gir oss noko å vera sjokkerte over og snakka om. Vertinna meiner også han har businessinstinkt, så av og til har han gode poeng og seier dei rett fram.
Ho vil heller snakka om Thorbjørn Jaglands memoarar frå eit politisk liv. Ho har godhug for den enkle og reinhårige arbeidarguten frå Lier, ein vakker, sympatisk og blyg mann som var god på samråd, ville vera visjonær, slo om seg med svevande og heilskrudde metaforar og kunne gjera uortodokse og brå kast, for over ham sprang en stjerne. Han høyrde til dei unge slekter og var ein fridomens forpost her nord. Han var nytenkande og modig på veg mot ukjent mål, medan motkreftene og familiedynastia i Partiet gjekk bak ryggen på han.
JAGLAND HADDE IKKJE eit heldig grep om personalpolitikken då han eigde han sjølv. Han forviste Martin Kolberg, den trufaste væpnaren frå hjembygdens lier, frå Statsministerens kontor til ein politisk hjelpeskrivarpost i Forsvarsdepartementet. I staden henta han inn den stor-
slegne Terje Rød-Larsen som tenketank og husbyggar. Jagland undrar seg over at Rød-Larsen, med direkte tilgang til verdas statsleiarar og Jeffrey Epstein, som han også introduserte Jagland for, er blitt så lite sett pris på i heimlandet. Gjennom åra i Strasbourg hyste han liknande tankar om seg sjølv.
«Den som trur at fortida ikkje kan endrast, har ikkje skrive memoarar.» Med dei orda sa Vertinna god natt og godt val og gjekk og la seg med Thorbjørn som lektyre.
BYRÅSJEFEN har i tallause intervju lese og høyrt Jagland minnast høgtidsstemte foreldre som ein gong i fjerne tider la røystesetelen i valurna med skjelvande hand. Bodskapen er veljarmakt for velferd, for det er røystene som skal telja, og det må vera meir enn 36,9 prosent.
Men Jaglands ærend er eit anna enn det nostalgiske og kjensleladde, trur Byråsjefen: I den norske modellen er det andre røyster som tel meir enn dei som blir lagde i valurnene. Det er i tråd med Stein Rokkans statsvitskapelege devise for eit halvt hundreår sidan: «Stemmer teller, men ressurser avgjør.»
NOU 2004: 25 om partifinansiering og politisk fjernsynsreklame gjorde ein vri på Rokkan: «Penger teller, men stemmer avgjør.» Utvalet var partisamansett og konkluderte rimelegvis med at partia måtte styrkast. Sidan har partibyråkrati og gruppeapparata i Stortinget lagt grovt på seg med fleire talspersonar, utgreiarar, rådgjevarar, taleskrivarar og spindoktorar.
Men det er andre påverknadskanalar som aukar mest: korporative, juridiske, lobbyistiske, mediale og oligarkiske. Interesseorganisasjonar, ekspertar, donatorar, marknadsførarar og påverknadsagentar frå Fyrstehuset har opnare dører enn veljarane til maktkorridorane. Det devaluerer røystesetelen.
Byråsjefen er ikkje usamd i det, men meiner at rettsleggjering og større handlingsrom for ekspertar er av det gode for land og folk, rettvise og velferd. Politikarar er kortsiktige, dei kjem og går, men Forvaltninga består. Samanlikna med tribalisme og plutokrati i USA er dette berre fotnotar til ein sterk stat, anstendige politikarar og velfungerande trepartsdemokrati.
SLIK GJEKK NO PRATEN, men valvaka skrudde seg kraftig til då tala tikka inn frå Florida. Ja, ja, sa me: Det er desse eksilkubanarane som fryktar kommunisten Biden. Men då dei blå blaffa i andre solskinsstatar synte seg å vera luftspeglingar, blei me nervøse og sette vår lit til rustbeltet. Me lærte å ta høgde for at det skiftar frå stat til stat om urnestemmer, førehandsstemmer eller poststemmer blir talde opp først.
Hans Olav Lahlum og ekspertar og talknusarar i TV 2 og andre kanalar gav slepp på førestillinga om landslide, og i staden prøvde dei å finna
trongare vegar til siger for Biden.
Det var det siste Byråsjefen fekk med seg av thrilleren før han laga seg til med heimekontor for å halda rutinane i Forvaltninga.
I SKRIVANDE STUND driv dei på overtid og tel postrøyster i vippestatar, sjølv om presidenten meiner det er svindel og ein demokratisk freistnad på å stela valet. Utfallet er uvisst: Biden kan vinna etter ekstraomgangar; Trump kan få fleire millionar færre røyster, men likevel bli korona til fire nye år på juridiske straffespark. Guruen Nate Silver og andre meiningsmålarar har tapt si faglege ære.
Det kan gå turbulente og dødelege veker før denne tragiske farsen er over. Skrekkscenaria står i kø i dei usameinte statane. «Ingenting fell så tungt som ein fallen gud», talesong Odd Børretzen. Om du elskar eller hatar å drøyma om Amerika, er det grunn til å frykta det verste.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den som trur at fortida ligg fast, har ikkje skrive memoarar.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida