Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Solbergs forhandlingsministerium

Kohortsmitten har trengt gjennom flokkimmuniteten og blitt ein del av folkemålet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie då dei heldt pressekonferanse på Rikshospitalet i mai for å fortelje at dei i revidert nasjonalbudsjett auka driftsløyvingane til sjukehusa med 5,5 milliardar kroner knytt til koronavirusutbrotet.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

5415
20200605
5415
20200605

hompland@online.no

Koronaen har vore ein piff for det store regjeringspartiet. Solberg taler ord i opphøgd alvor til folket, men Erna syner seg også fram på sjukeheimar og i sommarparkar. Ho har fått noko landsmoderleg over seg; ingen statsminister har stilt i den vektklassen sidan Gro.

Når det regnar respekt over Solberg og ros på Høie, dryp det rimelegvis på Høgre. Korleis det går for regjeringskohorten, er eit anna kapittel. Etter at formann Siv Jensen frigjorde Framstegspartiet frå det grå og triste fengselet, og dei to små tulleparti ligg fast under sperregrensa, leier Solberg i røynda eit forhandlingsministerium.

REGJERINGSPARTIA må først forhandla seg imellom, med Granavollen som felles truvedkjenning. Det førte til at det massivt lojale fleirtalet i Høgre og Venstre var frivillige samvitsfangar i sosial isolering som vaska hendene, hosta i olbogen og røysta med Kristeleg Folkeparti mot endringane i bioteknologilova.

Etter den interne kohortrunden må den svake mindretalsregjeringa syna fram si avmakt og forhandla med fleirtalsopposisjonen på Stortinget. Der finn firarbanden av Ap, SV, Sp og Frp stadig saman og overprøver regjeringas forsvarsliner.

Dette er eit problem for regjeringa, men også for den trottig arbeidande opposisjonen som har forbetra dei samanraska krisepakkane frå regjeringa og fått med nokre særinteressante fotnotar på kjøpet. Men det som skjer i korridorane og komiteane, er lite synleg. Politisk distansering er alltid nødvendig, men det er ikkje lett når folket ventar at den politiske kohorten skal stå samla i dugnaden mot smitten.

***

RETTINGAR. Vertinna er sin eigen folkeaksjon i kampen mot kohortmisbruk, men ho rekrutterte Spaltisten, så då blei me to. Mot fleire profesjonelle legionar er det nok ein tapt kamp, men det er jo ingen grunn til å gje opp. På mellomlang sikt held me ut, som Asterix og dei tapre gallarane i landsbyen som var kringsett av ein romersk kohort.

BYRÅSJEFEN KJEMPA mot dette kohortpåfunnet, som han trudde kom frå byråkratiserte pedagogar i Forvaltninga. Men då han skjønte at det var vår tids orakel, epidemiologane, som stod bak, og at kohortstudiar er ein heiderskrona sjanger i medisinsk farsottforsking, innsåg han at slaget var tapt. Men ettersom han trur det er mogleg å vinna krigen, har han slutta seg til Vertinnas folkeaksjon, så nå er me tre: Kanskje ein kohort?

Me kjenner moralsk støtte i ryggen frå direktør Åse Wetås. Språkrådet blei ikkje høyrt då dei sende ut ei åtvaring mot den koronerte bruken av kohort, men Wetås heldt på sitt i Klassekampen: «…vi mener vi kunne ha klart oss uten kohort». Det er som omkvedet frå Cato den eldre: «Ceterum censeo Carthaginem esse delendam.» (Elles meiner eg at Kartago bør øydeleggjast.)

VERTINNA har vore ein hund etter å spora til korhortanes sigersgang. Ho meiner det tok av i Dagsnytt 18, Dax18 mellom dei som er faste gjestar på snakkeklassens heimebane. Der gjorde fungassen greie for «gruppestørrelse, altså kohort», og at det kunne vera meir enn éin lærar per kohort når skulane opna. Læraren i panelet var også opptatt av «de faste kohortene», men meinte at heile skulen kunne vera ein kohort.

Seinare snakka kunnskapsminister Melbye om «små grupper», men la til eit forklarande «altså kohorter». Då dei kom til barneidretten, følgde helsedirektøren opp den pedagogiske vrien med å seia at dei måtte halda seg i grupper, «eller i kohorter, som vi er blitt kjent med». Programleiaren, som skulle laga ein kvikk overgang til neste innslag, prøvde seg med at eit fotballag gjerne er større enn ein kohort.

Hos Torp la elitefotballdirektør Lise Klaveness ut om serie­kampar utan publikum og at laga skal stengast inne i grupper som er «en lukket kohort». Veka etter tok ein tredje bergensar, statsminister Solberg, sjablongordet «kohort» i sin munn, litt ukomfortabelt, men godkjennande.

NÅ HAR DET TATT heilt av, så det svært utvida og utvatna kohortomgrepet er i ferd med å bli folkemål. Barn som driv og inkluderer og ekskluderer kvarandre på vanleg vis, har begynt å kalla det kohortleik. Klassekampen hadde ein lang og trist reportasje om at russekohortane har gått i oppløysing. Vertinna skjønte kor langt det har kome, då ein journalist­oppdragar fortalde i ord og bilete på fjaseboka at han feira 60-årsdagen med «min familiære kohort».

NÅR «KOHORT» spreidde seg så raskt som språkleg ugras, meiner Vertinna at politisk redaktør i Aftenposten (tidlegare i Dagens Næringsliv), Kjetil Bragli Alstadheim (fødd i 1968), ber eit stort ansvar. I ei skisse dagen derpå noterte han at han 17. mai hadde observert «en nynorsk-kohort» som stod ved Ivar Aasens grav på Vår Frelsers gravlund for å legga ned krans.

Byråsjefen var ikkje der i år, men han kan vitna om at det plar vera ei tett, fast og stabil lita gruppe som samlar seg der i otta, ihuga og kampglade for felles sak. Dei syng og held talar, men ein fødselskohort er det på ingen måte. Tvert imot er tyngda av møtelyden todelt: målungdom under 25 (fødde seint på 90-talet) og veteranar over 70 (fødde før, under og like etter krigen). Byråsjefen meiner den bokmålsmoderate Aftenposten bør skaffa seg meir solid bakgrunn for eigne meiningar om målfolket.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Når det regnar respekt over
Solberg og ros på Høie, dryp
det på Høgre.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis