Stiftinga Født Fri får støtte frå bustyraren i klagesaka
Eit uavhengig konkursbu ber Kunnskapsdepartementet gjere om vedtaket om å ta statsstøtta frå stiftinga Født Fri.
Shabana Rehman har tilbakevist kritikken om dårleg økonomistyring i stiftinga Født Fri. Ho før støtte av eit uavhengig konkursbu.
Foto: Heiko Junge / NTB
Bakgrunn
Stiftinga Født Fri vart oppretta 15. november 2017 for å arbeide mot æresrelatert vald og kontroll.
I november 2020 fjerna Imdi statsstøtta til Født Fri, der Shabana Rehman Gaarder har vore dagleg leiar, etter at revisjonsselskapet Ernst & Young kritiserte stiftinga og Rehman for kritikkverdig økonomistyring på fleire punkt.
Som følgje av at statsstøtta fall vekk, kravde stiftinga oppbod den 16. desember, og eit uavhengig konkursbu vart oppretta.
Født Fri klaga på Imdi-vedtaket, og det er denne klaga som no ligg til handsaming i Kunnskapsdepartementet.

FØDT FRI
christiane@dagogtid.no
I ein rapport til Kunnskapsdepartementet, som handsamar klagen på vedtaket i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi), ber konkursbuet om at klagen til Født Fri vert teken til følgje.
Det var Nettavisen som først omtalte saka.
Bustyrar Anne Christine Wettre frå Advokatfirmaet Ræder AS har gått gjennom økonomien i stiftinga og har ikkje avdekt forhold som gjev grunnlag for å melde stiftinga til politiet. Ho har heller ikkje funne strukturelle manglar ved økonomistyringa. Dei feila konkursbuet har funne, vert skildra som feil som i større eller mindre grad finst i dei fleste firma i Noreg.
Dermed har konkursbuet ei heilt anna oppfatning av økonomistyringa i stiftinga enn revisjonsselskapet Ernst & Young (EY), som tidlegare har rapportert om kritikkverdige forhold.
Uproporsjonalt
Det ser ut som om Imdi har gått ut frå at funna i EY-rapporten også inneber at Født Fri har brote med føresetnadene for statsstøtte, står det i brevet til departementet. Men konkursbuet er ikkje samd i korkje kritikken frå EY eller konklusjonen frå Imdi.
Tvert imot skriv konkursbuet at Imdi-vedtaket ser ut til å bryte med proporsjonalitetsprinsippet i forvaltningsretten. I tillegg minner konkursbuet om at Imdi har ei rettleiingsplikt, som ikkje er følgd opp i denne saka.
Ordinære innkjøp
Konkursbuet går gjennom fleire konkrete punkt som har vorte kritiserte av EY, og som er del av grunngjevinga i vedtaket om å ta statsstøtta frå stiftinga.
Til dømes står det at Imdi ikkje har høve til å overprøve skjønet til stiftinga, dersom stiftinga meiner at ein inspirasjonstur er rett bruk av midlar.
Innkjøp av appar og programvare, som ifølgje Imdi-vedtaket ser ut som private kjøp, vert av konkursbuet oppfatta som ordinære innkjøp.
Også kritikken Født Fri har fått for å kjøpe tenester av nærståande, vert tilbakevist. Dette er korkje ulovleg eller kritikkverdig føresett at avtalane vert inngåtte på marknadsvilkår, skriv konkursbuet. At familiemedlemmer har utført oppdrag for stiftinga, er ikkje ulovleg. Tvert om er det vanleg at eit familiemedlem får sommarjobb i eit firma der mor, far, onkel eller tante jobbar, står det vidare.
Advokatfirmaet Strande-
næs, som representerer Født Fri, skriv i eit brev til Kunnskapsdepartementet at dei stiller seg bak rapporten frå bustyraren, og at feil i sakshandsaminga har ført til vedtak som har medført stor skade.
Advokatfirmaet skriv vidare at bustyrets kontroll viser at stiftinga har «livets rett».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Konkursbuet minner om at Imdi har ei rettleiingsplikt, som ikkje er følgd opp i saka.
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.