Sveriges mange andlet mot verda
Svensk innvandringspolitikk har gått gjennom fleire hamskifte dei siste 100 åra.
ANTISEMITTISME: Butikkvindauget til ein bokhandlar i Stockholm i 1941.
peranders@dagogtid.no
Sverige har ikkje alltid vore eit innvandringsliberalt land. I 1930-åra, da framveksten til nazismen skaka Europa, var målet til den svenske regjeringa å sleppe inn så få flyktningar som mogleg. Særleg var det motvilje mot å late jødar få kome inn i Sverige. Mange jødiske flyktningar frå Hitler-Tyskland vart avviste ved grensa – dei vart ikkje rekna som politiske flyktningar.
Under andre verdskrigen skifta svenske styresmakter line overfor menneske på flukt. Da var det nabofolka som var i naud, og i krigsåra gav Sverige opphald til nærare 200.000 flyktningar, dei aller fleste frå Noreg, Finland, Danmark, Estland og Latvia. Storparten av dei danske jødane berga òg livet ved å flykte til Sverige i 1943.
I etterkrigstida var den svenske flyktningpolitikken ganske restriktiv att, med eit visst unnatak for flyktningar frå Ungarn og andre kommuniststyrte land. Men den sterke økonomiske veksten på 50- og 60-talet skapte stort behov for arbeidskraft. Den måtte hentast frå utlandet.
Forsvensking
Talet på utanlandsfødde innbyggjarar i Sverige auka frå 200.000 i 1950 til 540.000 i 1970. Frå Finland åleine kom det nærare 200.000 arbeidsinnvandrarar i desse åra. Mange nordmenn, tyskarar, jugoslavar og grekarar kom òg til Sverige for å finne arbeid.
Desse innvandrarane vart ikkje til ein ny underklasse i Sverige. Den sterke svenske fagrørsla sikra at dei utanlandske arbeidarane i all hovudsak fekk same løns- og arbeidsvilkår som dei innfødde. Lenge var dessutan målet assimilering: Det var underforstått at innvandrarane skulle lære seg språket, tilpasse seg og bli svenske.
Svensk mosaikk
Mot slutten av 1960-talet byrja nye idear å gjere seg gjeldande, går det fram av kunnskapsoversynet Invandringens historia. Stadig fleire kritiserte assimileringslina og talte for multikulturalisme. Den kanadiske «mosaikken» vart halden fram som eit betre førebilete enn «smeltedigelen» i USA.
Nytenkinga hadde ikkje særlege konsekvensar i første omgang. Arbeidsinnvandringa bremsa brått opp da ei økonomisk krise råka Sverige tidleg på 70-talet, og lenge var talet på flyktningar og asylsøkjarar i Sverige handterleg, kring 10.000 årleg. I 1975 vedtok Riksdagen nye retningsliner som eksplisitt gjorde multikulturalisme til rettesnor for integreringa. Det vart meir statleg støtte til å halde ved like eige språk og eigen kultur, og innvandrarane skulle sjølve avgjere i kva grad dei ville ta ein svensk identitet. Også kriteria for kven som kunne få asyl, vart utvida for å famne fleire.
Nye bølgjer
Dei liberale svenske ideala vart snart sette på prøve av krigar og andre omveltingar rundt i verda. På 80-talet kom mange iranske flyktningar til Sverige, og på 90-talet førte krigane i Jugoslavia til ei ny flyktningbølgje i Europa. I 1992 søkte over 70.000 menneske frå det tidlegare Jugoslavia om opphald i Sverige.
Multikulturalismen er for lengst forkasta som offisiell ideologi i Sverige, og asylpolitikken vart stramma inn i fleire omgangar sidan 80-talet – i alle fall på papiret. Likevel auka innvandringa til Sverige etter tusenårsskiftet, med ein topp under flyktningkrisa i 2015, da det kom 162.000 asylsøkjarar til landet, flest frå Syria. I 2000 var 11 prosent av befolkninga i Sverige fødde i eit anna land. No er andelen 20 prosent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida