Varslar spanande ting i framtida
Avinor har løyst samfunnsoppdraget på ein effektiv måte, skriv konsernsjef Abraham Foss
Abraham Foss er konsernsjef i Avinor.
Foto: Lise Åserud / NTB
Les også
Reisande på Gardermoen i juni i år. Oslo lufthamn er i særklasse den mest lønsame flyplassen Avinor driv. Dei aller fleste norske flyplassane går med underskot.
Foto: Javad Parsa / NTB
Avinor-krisa tok ikkje slutt da pandemitiltaka gjorde det. Kan det vere styringsmodellen det er noko gale med?
Les også
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Går god for Avinor-modellen

Dag og Tid sende tre spørsmål til konsernsjef Abraham Foss i Avinor, og fekk svar på epost.
– Inntektene til Avinor har auka mykje dei siste 20 åra, men kostnadene har auka meir. Er det noko i Avinor-modellen som gjer det vanskeleg å halde kostnadene nede?
«Riksrevisjonen hadde kritiske merknader til delar av kostnadsutviklinga i Avinor i 2018. Men fram til pandemien slo til, har Avinor ikkje berre vore sjølvfinansiert, men betalt ut betydelege utbytte til staten. Under og etter pandemien kutta Avinor om lag ein milliard kroner i utgifter. Etter kvart som aktiviteten har teke seg opp att, har me stadig greidd å bremse kostnadsutviklinga. Eksterne rådgivarmiljø har slått fast at Avinor har løyst samfunnsoppdraget på ein effektiv måte. Men dei har også peika på at ein stor del av aktiviteten vår er sterkt myndigheitsregulert. Det siste poenget er vesentleg med tanke på spørsmålet om å halde kostnadene nede», skriv Foss.
– Meir konsum av alkohol og tobakk er i strid med helsepolitiske mål. Er det ikkje paradoksalt at eit statseigd selskap skal arbeide mot politikken til sin eigen eigar på dette feltet?
«Det er politisk bestemt at taxfree-ordninga skal vere med å finansiere Avinor. Me forheld oss til det. Men ja, staten er avhengig av avgiftsinntekter frå alkohol, sukker og tobakk for å gjere opp statsbudsjettet, og Avinor er avhengig av taxfree-inntekter for at drifta av om lag 35 lufthamner med underskot skal finansierast. Dersom taxfree-ordninga skulle fjernast, måtte politikarane funne andre inntektskjelder for Avinor, for å vege opp for inntektstapet.»
– Om Avinor lukkast med å få opp flytrafikken, blir det enda vanskelegare for regjeringa å nå klimamåla. Er ikkje også dette eit paradoks?
«Det vil ta tid før me greier å nå målet om fossilfri luftfart. Eit land som Noreg er i mellomtida heilt avhengig av luftfart. Me er også avhengige av at luftfartsnæringa er lønsam, slik at ho har musklar sterke nok til å finansiere fossilfrie alternativ. Avinor skal legge til rette for elektrisitet og berekraftige drivstoff som biofuel, e-fuel og hydrogen for flyselskapa. Me er glade for at regjeringa også foreslår å løyve pengar i statsbudsjettet til at Avinor og Luftfartstilsynet kan etablere Noreg som internasjonal testarena for fossilfri luftfart. Her kjem det til å skje spanande ting dei næraste åra», skriv Foss.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.