Verda på diett
Dersom verdas befolkning legg om til vegankost, vil vi kunne fø dobbelt så mange menneske, meiner forskarar.
Dyrevernorganisasjonen PETA vil at fleire skal verte veganarar for å verne dyra, ikkje for å få meir mat. Her frå ein demonstrasjon i Malaysia.
Foto: Vincent Thian / AP / NTB scanpix
På kjøkenet hos mor mi, har eg nett kasta ein vassdrukken og mygla agurk som sikkert har lege i kjøleskapet sidan eg var heime sist. Vi er i 2018, og påskelammet står på bordet, klart til fortæring.
– Kor lenge har den agurken fått gro pels i kjøleskapet eigentleg, spør eg mens eg set meg ned ved bordet.
Mamma ler og rekk ikkje å svare meg.
– Men Mone, du veit vel ulikskapane mellom alle desse vegetarsortane?
Det er kjærasten hennar som spør.
– Ja?
– Kva for ein av dei er det som berre et gras, spør han.
Glimtet i auga hans seier meg at han berre er nyfiken, men at han likevel forsøkjer å fyre meg opp.
– Ein vegetarianar et for det meste vegetarkost, grønsaker, frukt, nøtter, korn og belgfrukter. Ein pescetarianar et fisk òg, og ein veganar et berre plantekost, ingen animalske produkt i det heile. Og så skil ein mellom vegetarisk kost med og utan egg og meieriprodukt. Eg reknar med det er veganaren du skal fram til, seier eg, hevar eitt augebryn og ser på han.
Han nikkar, smiler og køyrer gaffelen i lammesteika.
– Og syster di, ho er då..., spør han.
– Pescetarianar, seier eg.
– Ho et fisk.
Førre veka la forskning.no fram ein studie frå amerikanske forskarar. Ifølgje FN skal vi ha passert ti milliardar menneske på jorda i 2050, og ti milliardar menneske må ha mat. Løysinga, ifølgje studien, er at alle legg om til vegankost. For det kostar meir i landbruksressursar å produsere animalske matvarer som bacon og biff enn plantebaserte varer med same type næringsstoff.
Men sjølv om vegandietten ikkje er skadeleg, har veganisme ofte vore sidestilt med dyrevern, religion og fanatisk aktivisme. Ein veganar er, for mange – og kanskje urettvist – eit surt ospelauv; ein som vil sleppe kyra fri til mjølkespreng og vanskjøtsel, og som på religiøst vis vil tvinge alle til å ete spirar. Men i 2016 hamna ei eitt år gammal jente på sjukehus i Italia på grunn av ekstrem undervekt og underutvikling. Foreldra hadde forsøkt å fø henne på vegandiett, men hadde ikkje nok kunnskap om kva dietten ville gjere med barnet. Om ein må halde tunga så beint i munnen for å få nok næring ut av ein vegandiett, korleis kan ti milliardar overbevisast om at bønner til middag er meir berekraftig enn biff? Og ville ei global omlegging til plantekost påverke fordelinga av maten, slik at færre ville svelte?
Men det er mogleg å ete grønare utan å verte «ospelauv», meiner forskingsartikkelen. Det vert vanlegare med kjøtfrie dagar i Noreg. Neste steg er å gjere noko med matsvinnet. Altså bør eg kanskje vurdere å ta med meg og ete opp agurken i kjøleskapet neste gong eg er heime, i staden for å late han gro både underull og pels.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ville ei global omlegging til plantekost gjere at færre ville svelte?
Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida