Jan van Huysum: «Frukt og blomar».
Foto via Wikipedia
0–9 rette: It’s hard to be a nissemann.
10–19 rette: Lett slinger rundt einebærbusken, men det gjekk då greitt likevel.
20–29 rette: Å, jul med di glede! Me svingar oss i krinsen.
30–39 rette: Heisann og hoppsann og fallerallera!
40–50 rette: Og høgt i toppen den gylne stjerne!

1. Når ei vare vert mindre medan prisen står stille eller stig, har me å gjere med årets ord 2022. Kva ord?
2. I kva for eit kapittel i Lukasevangeliet er vers 1–20 kjende som juleevangeliet?
3. Kva er både namnet på ein norsk kommune og eit atomsymbol? Kommunen ligg i Østerdalen, medan atomsymbolet høyrer til eit metallisk grunnstoff med høgt smeltepunkt.
4. Kven speler Sonja i filmen Reisen til julestjernen (1976)?
5. Kva krig var i praksis over då general Cornwallis overgav seg ved Yorktown i Virginia?
6. Kva Opel-modell, ein liten familiebil med historie tilbake til 1936, vart erstatta i 1991 av modellen Astra?
7. Kva merkedag på primstaven er 23. desember, til minne om ein islandsk biskop på 1100-talet?
8. Er spekkhoggaren ein hai, ein kval eller ein sel?
9. Nord i Sør-Amerika ligg tre små land og territorium på rekkje og rad. Set Fransk Guyana, Guyana og Surinam frå vest til aust.
10. Kva er den mest kjende fiktive karakteren som døyr – i alle fall for ein stund – i Reichenbachfossen i Sveits?
11. Har Sveits parlamentarisme?
12. Kva er det neste Fibonacci-talet: 0, 1, 1, 2, 3, 5, 8, 13, 21, 34 …?
13. Kva vart i 2022 det fyrste afrikanske landet som kom til ein semifinale i fotball-VM for menn?
14. Kven lét seg fascinere av eit stilleben og skreiv diktet «Jan van Huysums blomsterstykke»?
15. Jan van Huysum vart kjend for blomstermåleria sine. Sei eit leveår for den nederlandske kunstnaren.
16. Kva farge har smult før ein smeltar det og steikjer til dømes smultringar?
17. Sidan 2015 har Herborg Kråkevik vore redaktør for det som vert kalla «eit vakkert illustrert, litterært julehefte». Kva heiter det?
18. Gje eit døme på kva dei fem terningane i yatzy kan vise dersom du får yatzy.
19. Til kva kjend bakterieslekt høyrer arten som gjev tyfoidfeber?
20. I år har Medietilsynet for fyrste gong avslått ein søknad fordi redaktøren ikkje fylgjer Redaktørplakaten. Kva nettavis (2017–2022) er det tale om?
21. På kva vekedag stryk me tøyet i tillegg til å gå rundt om ein einebærbusk?
22. Kva toler høgast stryketemperatur av tørre og fuktige tekstilar?
23. Den norske kulderekorden er frå 1886. I kva kommune målte ein då minus 51,4 grader?
24. Kva heiter det høgaste fjellet der toppen ligg heilt eller delvis i Kina?
25. Som utanriksminister prøvde Nils Ihlen å hevde norsk nøytralitetspolitikk. Det var under kva statsminister?
26. Matteusevangeliet 2,1 fortel at det kom nokre vismenn frå kva vagt definert område?
27. I kva musikksjanger vert amerikanarane Patti Smith og Iggy Pop omtala som høvesvis gudmor og gudfar?
28. Kor høg vert den vanlegaste arten av strutsar, slettestrutsen? Me godtek svar i det samla intervallet engelsk Wikipedia gjev for vaksne hoer og hannar.
29. Naturvernforbundets leiar frå 2005 til 2016 sit i dag på Stortinget – for kva parti?
30. Kva teikneseriehelt og tittelkarakter høyrer til urfolket kiowa?
31. Odin i norrøn mytologi får barn med både Frigg, Grid, Jord og Rind. Kva for ei av dei er mor til Tor?
32. I kva for eit land heiter julemiddagen wigilia? Han skal tradisjonelt ha tolv retter, til dømes peparkakene pierniki og grønsaksalaten salatka jarzynowa.
33. Tilbake i Noreg er oppgåva å setje lutefisk, pinnekjøt og ribbe frå flest til færrast julemiddagar, ifylgje ei Ipsos-undersøking frå 2014.
34. Tidenes yngste nobelprisvinnar var berre 17 år då ho fekk fredsprisen i 2014. Kven er det? Svar med førenamn eller etternamn.
35. I 1921 kom den fyrste nynorskomsetjinga av heile Bibelen. Kva kallar me den utgåva, sidan ein ikkje omsette frå grunnteksten, men frå andre nordiske språk? Ho er òg kjend som Studentmållagsbibelen, sidan utgjevaren var Studentmållaget i Oslo.
36. Kva er frostingar (ikkje kake-nyordet frosting)?
37. Kva ord på s er eit anna vanleg namn på juleplanten hyasint?
38. Kva anerkjend film frå 2009 har fått ein oppfylgjar i 2022 med vel så flott omtale, med undertittelen The Way of Water?
39. Kva for ein Øyvind er best kjend for fyrsteetappen på langrennsstafetten under ski-VM i 1991? Han gjekk sitt livs løp og gav Terje Langli, Vegard Ulvang og Bjørn Dæhlie eit solid forsprang inn til gullmedaljen.
40. Kva er det tolv av i flagget til Usbekistan?
41. Er det rett å seie at diktaturet til Jorge Rafael Videla i Argentina var særs brutalt?
42. Kva for eit strengeinstrument vert gjerne rekna som Japans nasjonalinstrument?
43. Kva slags plikt er zakat, ei av islams fem søyler? Eitt ord held som svar.
44. Kva for ein av dei danske forfattarane Inger Christensen, Ole Lund Kirkegaard og Suzanne Brøgger lever per 1. desember 2022?
45. «Moskoforos» er ein gresk skulptur frå rundt 560 før Kristus. Namnet viser til motivet, nemleg at mannen ber på ein… kva?
46. I kva for eit tiår vann austerrikske Herma Szabo fem individuelle VM-gull i kunstløp på rad?
47. Kva heiter etaten som er Noregs straffegjennomføringsapparat, altså dei som driv fengsel med meir?
48. Kva er fødebyen til artistane Anita Hegerland og Ina Wroldsen? Det same gjeld klaverpedagogen Eline Nygaard Riisnæs, medan kordirigenten Sverre Valen har budd her lenge.
49. Kven har ikkje overraskande vorte Time Person of the Year 2022 saman med «spiriten» i landet sitt?
50. Quizmeisteren ynskjer god jul og lurer til slutt på: I kva julesong høyrer me både om pilgrimsgong og pilgrimskvad, her frå den nynorske teksten?
Svar på spørsmåla:
1. Krympflasjon
2. Kapittel 2
3. Os (Grunnstoffet er osmium.)
4. Hanne Krogh
5. Den amerikanske sjølvstendekrigen
6. Kadett
7. Torlaksmesse (eller variantane tollesmesse, tallaksmesse)
8. Ein kval
9. Guyana, Surinam, Fransk Guyana
10. Sherlock Holmes
11. Nei
12. 55 (Kvart ledd er summen av dei to førre.)
13. Marokko
14. Henrik Wergeland
15. Eit år i tidsrommet 1682–1749
16. Kvit
17. Juleroser
18. Fem like, til dømes 4, 4, 4, 4 og 4
19. Salmonella
20. Resett
21. Fredag
22. Fuktige tekstilar
23. Karasjok
24. Mount Everest
25. Gunnar Knudsen (Det var under fyrste verdskrigen.)
26. Austerland (Østen på bokmål)
27. Punk
28. Eit svar i intervallet 1,7–2,8 meter
29. Sosialistisk Venstreparti (Det er Lars Haltbrekken.)
30. Sølvpilen
31. Jord
32. Polen
33. Ribbe, pinnekjøt, lutefisk (Tala er høvesvis 55 prosent og 33 prosent, medan lutefisken inngår i «anna», som utgjer dei siste 12 prosentane.)
34. Malala Yousafzai
35. Fyrebilsbibelen (av førebels, foreløpig)
36. Personar frå Frosta (i Trøndelag)
37. Svibel
38. Avatar
39. Øyvind Skaanes
40. Stjerner
41. Ja
42. Koto
43. Avgift (Me godtek likeverdige svar, som almisse, gåve, skatt, pengar.)
44. Suzanne Brøgger
45. Kalv
46. 1920-åra (Det var dei fem åra til og med 1926, før Sonja Henie vann frå 1927 og utover.)
47. Kriminalomsorga
48. Sandefjord
49. Volodymyr Zelenskyj
50. «Fager er jordi» (eller på bokmål: «Deilig er jorden»)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.
Foto: Alenz Kazlova
Stort frå Belarus
Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.
Skjermdump
Nyhende ifølgje TikTok
Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.
West German Film Director Werner Herzog, on the roof of the Festival Palace for the presentation of his film Where the Green Ants Dream at 37th International Cannes Film Festival, May 14, 1984, Cannes, France.
Foto: Michel Lipchitz / AP / NTB
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.
Foto: Svein Gjerdåker
Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.
– Eg talar med Gud nesten heile tida