JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturFeature

Sjåaren i norsk poesi

Der andre diktarar vart mørke i tonen, såg Olav Nygard inn i lyse himmelheimar. No er det hundre år sidan han døydde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Olav Nygard (1884–1924).

Olav Nygard (1884–1924).

Foto: Ukjent / NTB

Olav Nygard (1884–1924).

Olav Nygard (1884–1924).

Foto: Ukjent / NTB

9981
20240209

Olav Nygard

Fødd i Modalen 10. juli 1884

Død på Ulsrud i Aker, no Oslo, 11. februar 1924

Gav ut fire diktsamlingar: Flodmaal (1913), Runemaal (1914), Kvæde (1915) og Ved vebande (1923)

Korleis såg europeisk poesi ut i 1920-åra? Eit merkeår er 1922, då den amerikansk-britiske lyrikaren T.S. Eliot gjev ut The Waste Land – Det aude landet – som varslar ei heilt ny kjensle i litteraturen: inntørking av kulturen og øydelegging av landet. Denne samlinga, merkt av personleg nederlag og varsel om undergang for samfunnet, kom til å revolusjonere litteraturen – ho varsla modernistisk, splintra kunst og dikting.

Korleis såg norsk poesi ut på 1920-talet? Sjølvstenderusen etter 1905 fanst der enno. Olaf Bull og Herman Wildenvey hylla våren og elskhugen. I nynorsk poesi er dette tiåret til gudbrandsdalsskalden Olav Aukrust. Han er nasjonalt og sosialt engasjert og ser føre seg eit nytt Noreg stige fram, basert på sunn og ekte bondekultur – det olsoknorske. I 1926 kjem hans Hamar i Hellom, fylt med eventyrmotiv og folkelivsskildringar. Men også Olaf Bull og Olav Aukrust skulle bli mørkare i tonen då dei harde trettiåra nærma seg – eit tiår dei ikkje fekk gjennomleva.

Kontrasten mellom desse diktarane og Olav Nygard kunne ikkje ha vore større. For hundre år sidan, vinteren 1924, låg nynorskdiktaren Nygard på dødslege og dikta himmelsyner på ei intrikat, streng italiensk strofeform. Ulikt andre nynorskpoetar finst det ikkje eit einaste nasjonalt dikt hjå Nygard – det olsoknorske interesserte ikkje han – og ulikt Eliot såg han ikkje inn i nokon aude heimar – men inn i åndelege sæleflaumar og skapardraumar.

Det fører til dei raraste dikta i norsk litteratur, prenta i Ved vebande (1923) og i samlingar etterlatne dikt, Valde kvæde (1928) og Dikt. Minneutgåve (1934). Det fanst ei lita gruppe litteraturfolk som då alt såg stordomen i denne poesien, Nygardsringen i Bergen, men det skulle ta mange tiår før gjennombrotet kom.

I dag er Olav Nygard rekna som ein av våre største og mest originale diktarar.

Kven var denne merkelege diktaren Olav Nygard som kom frå ein av dei mest bortgøymde stadene i Noreg, fjellgarden Krossen, langt opp i Modalen? Liksom mange andre bondeungdomar kom han seg til den viktige danningsinstitusjonen som var tilgjengeleg for dei den gongen, folkehøgskulen. Nygard gjekk på Møre Folkehøgskule i Ørsta frå 1904 til 1905, og der vart truleg diktarhugen vekt.

Nygard debuterte på Olaf Norlis Forlag med Flodmaal i 1913, deretter fylgde to små samlingar, Runemaal (1914) og Kvæde (1915) – dei var det Gula Tidend i Bergen som gav ut. Det faktum vitnar alt om ein lyrikar i vanskar – refusert av dei store forlaga. Det er ein landsmålslyrikar typisk for poesien i mellomkrigstida som stig fram i desse samlingane. Vi kan ta eit døme, den fyrste strofa i opningsdiktet i Flodmaal:

Eg byggjer i tru

ei skjelvande sjulita verbogebru

fraa trongrømde tune i dalskuggen graa

til himelen høge og heilage blaa.

Slike versliner kjenner vi att frå mange av hans samtidige – ungdom frå landsbygda, med lengt og utferdstrong, som hadde lese dei store diktarnamna på folkehøgskulen, Shakespeare, Wergeland og norrøne dikt. Nygard er bunden til «dalskuggen graa» og vil opp til det «høge og heilage blaa» – som kan tolkast som verda for dikting og fantasi.

«Paa tronge vegar stig det store tankar», står det på Nygards gravstein. Det er ord diktaren frå «det trongrømde tunet» til gagns fekk røyne, for etter desse tre samlingane fylgde år med slit og sjukdom. Ja, det hadde alt vore tunge slag i barndomen. Mor hans døydde frå han då han var ti år. Seinare døydde jenta han var trulova med på folkehøgskulen, i tuberkulose.

Nygard freista overleva som diktar, men fekk ikkje endane til å møtast – og verst av alt, han kom òg til å bli dødssjuk med tuberkulose. Det fanst absolutt lyse punkt i livet, som kontakten med Arne og Hulda Garborg på Labråten i Asker, der han ofte oppheldt seg når han var i hovudstaden. Han gifte seg med Rakel Tvedt og fekk sonen Sigurd. Dei dreiv småbruk ulike stader på Vestlandet, i Eksingedalen og på Horvei i Evanger, men gardsarbeid stod i vegen for lysta til dikting.

Hugen mørkna i desse åra. Vi ser det alt i tittelen «Kong Satan sat paa truna» frå Kvæde. Nygard var bunden og basta. Han kunne halde fram ein lidingskamp i ein mørk tone – «det er sæleauk å lide», seier han i same samlinga – eller han kunne gje opp diktardraumen og velja «gløymsle», som der heiter i «Eg andar hol i kvitan is».

Men midt i det mørkaste mørkret skjer underet: Ein heilt annan Nygard stig fram i den siste samlinga hans, som endeleg kom ut etter åtte års stille: Ved vebande (1923). Vi ser det alt i «Til Ljaamannen»: «Stig fram or lauvhengløyne der du kviler/ med blomeband – er det din dølne ljaa?/ Det er kje staalglim – tjørnblaa rosur smiler/ i alle gluggar: aa eg kann nok sjaa/ kor hjelpelaust di harde munndrag spiler te lage smil (…)».

Nygard kjempar ikkje imot lenger. Det er han som fagnar dauden no, der han står ved vebandet – grensa til det heilage. Striden han stridde tidlegare – mellom det trongrømde tunet og himmelen – har ikkje verdi lenger. Kva har skjedd?

Ei litt merkeleg, men likevel meiningsfull forklåring: Det er som om tyngdekrafta i Nygards verd er oppløyst. Diktaren og det han diktar om, er vortne vektlause! Det kan gje underleg utslag – til dømes i «Til Hulda Garborg»: Han skildrar henne ikkje som eit menneske av kjøt og blod, men som «ei stormvend jord i kalde straumar» – «ho duvar tungt i skumsprut kring si sol». Ja, som ein jordklote i universet. Nygard lever i ein «sfæresong» og i «æterkringar» – fylt av fred og forsoning, der han heller ikkje skjemmest av å uttrykkje seg i barnleg glede. Diktaren er komen dit «der blide englar utferdsporten sprengjer/ og ber meg burt paa vemod-svale vengjer».

Kva er dette? Tungetale? Rein romantikk? Ein litteraturvitar kan setja så mange merkelappar han vil på boka, men det er eit faktum at diktekunsten alltid har hatt ein metafysisk dimensjon – det går attende til det latinske vates, diktaren som «skald» eller «sjåar», med kontakt med det sublime. Nygard har fått innsikt i løyndomen «bakum alt som auga ser og sansar», ei nyplatonsk verd – med kontakt med det eine – ei evig kjelde.

Vi lèt heller Nygard sjølv fortelja om diktarsynene sine: I «Naar inni stilla» tematiserer han ungdomsminne som han ikkje lukkast fange. Med ei forsonande, ja, naivistisk innstilling fortel diktaren at det ikkje gjer noko likevel:

Fyr kvart eit dagljost minne som hev glada

og ikkje let seg rope fram att meir,

der hev ein her av søte skuggar rada

seg yve tuftenn kring dei gamle reir.

Det strøymer smil og engledraum til stada

der dagen bar ei ætt av jord og leir.

Alt meir som skumre stig, det berre manar

fleir engleandlit fram der minna svanar.

Nygard skreiv vers få forstod. Då Ved vebande kom ut for hundre år sidan, fekk vi ei heilt anna utvikling elles i poesien. Krigstrauma frå den fyrste verdskrigen kom til uttrykk i ei skeptisk haldning til store ord og poetisk romantikk, som resulterte i ein diktargenerasjon med kritisk og medvite språkarbeid. Nygards sentimentalitet kan sjåast på som ein kontrast, og dermed som noko avleggs i høve til den nye poesien. Men då ser ein ikkje kor innovativ Nygard samstundes blir i det lyriske arbeidet. Når det gjeld formspråk, er Ved vebande den mest samansette samlinga i norsk lyrikk – både i nylagingar av ord og kompliserte rim- og rytmemønster.

Diktstrofa ovanfor fylgjer det klassiske italienske skjemaet ottava rima – med innvikla rimord som skal flyte naturleg og lett gjennom strofa. Samstundes støyter lesaren på løyndomsfulle formuleringar i som «fornalders flogskoddegry». Då skjønar vi at Nygards dikt ikkje er vektlause likevel – det lyriske universet hans blir halde i balanse gjennom eit intrikat skjema av rimord, taktfull rytme og magiske ordlag.

Det var ei stor glede for Nygard å få oppleva at Ved vebande kom ut på Det Norske Samlaget i 1923 – med lovord frå Arne Garborg – som den gong òg låg på dødslege: Boka er «eit meisterverk, som vil gjera saknaden etter Dykk tung», skreiv han. Olav Nygard hadde tenkt seg til Italia, der det varme klimaet ville lindre sjukdomen hans, men kom seg ikkje lenger enn til ei sumarhytte på Oppsal i Oslo, der han låg til han døydde 11. februar 1924. Då han miste kreftene til å føre pennen, skreiv kona Rakel ned verslinene medan han sa dei fram med veik røyst.

Det var særleg med Claes Gills Olav Nygard. Dikt i utval i 1958 at gjennombrotet kom. Då kunne Rakel endeleg gå for å heve ein sjekk på eit leveleg honorar for selde dikt av mannen som døydde over tretti år tidlegare. I mellomtida hadde også son deira døydd, han òg av tuberkulose, 19 år gamal.

Samtidig hadde både samfunnet og poesien utvikla seg: Vi hadde fått velferdsstaten med god materiell standard – og på den andre sida hadde diktekunsten vorte mørkare i tonen, og meir oppsplintra, med modernistisk omarbeiding av krigstraume.

Livet for Rakel hadde vore omvendt: Ho hadde levd i fattigdom i Oslo som vaskekone, mellom anna for Noregs Boklag, og heldt motet oppe ved å lesa dei harmoniske, himmelstormande dikta som mannen hennar skreiv i 20-åra. Dette skapte oppslag i media den gongen. Rakel vart intervjua både på fjernsyn og i radio. Ho døydde i 1979.

Olav Nygards dikt er såleis ikkje berre eit litterært høgdepunkt – dei grip oss òg gjennom den harde samfunnsrøyndomen som diktarbiografien fortel om. På begge nivå formar Ved vebande eit unikt dokument i norsk kulturhistorie – eit dokument som snur opp ned på dei sosiale og litterære førestillingane våre. Om dikta er vanskelege å trengje inn i, så opnar det seg store, herlege himmelrømder for dei som vil lesa den mest særeigne diktaren i norsk litteratur.

Ronny Spaans

Ronny Spaans er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis