JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

RestaureringFeature

Eit kjøken som kler huset

– Disk i rustfritt stål? Det er dyrt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bestemor Klara, mor mi Liv og hunden Bonso på det nymåla kjøkenet tidleg i 1970-åra. Overskåpet med skyvedører heng framleis på lemen. Biletet er teke på skrått, sikkert for at det skulle sjå kult ut i albumet.

10894
20201030
10894
20201030

Kjøkenet: May Linn Clement er 34 år og skal kjøpa det fyrste kjøkenet sitt. Målet er at det også vert hennar siste. Del 1 av 3

Eg sit på eit saueskinn i ein kjøkensofa i ein ærverdig villa like ved Nordåsvannet utanfor Bergen. På bordet ligg fire 3D-teikningar av det som kan bli det nye kjøkenet mitt, ei L-forma innreiing som måler 2,0 meter på kortsida og 4,25 på langsida. Eg skal velja benkeplate og seier til Camilla, interiørkonsulenten, at eg ynskjer disk med sveisa vask i rustfritt stål. Det er dyrt, seier ho, og eg vert letta; dette er andre gongen eg er her, men fyrste gongen pengar er eit tema.

– Kor mykje er dyrt, spør eg.

Camilla ser på meg med eit mysande reknestykkeblikk og trekkjer på skuldra.

– Det er vanskeleg å seia. Men rustfritt stål ligg i same prisklasse som naturstein.

– Såpass, seier eg, som om eg veit kva natursteinen ligg på for tida.

– Både tre og linoleum er rimelegare alternativ. Eg kan henta inn fleire prisar, så får du samanlikna?

Grytekarusell der ting heng seg fast og du ikkje kjem skikkeleg til, skal ikkje inn på kjøkenet mitt.

Det er tre veker sidan eg kom hit fyrste gongen, for å henta katalog og fargeprøvar. Eg var glad for å sleppa unna kjøkenlysløypa i Kanalveien og Ikea i Åsane. Lenge hadde eg trudd det var umogeleg å pussa opp kjøkenet utan å gå på Ikea. Det er liksom det folk i kasten min gjer. Foreldra mine, svigermor, storebror, onkel Kjell – alle sver til Ikea-kjøken. Når eg har vore på varehuset og fylgt pilene på golvet for å finna bokhyller og köttbullar, har eg før eller sidan kome til kjøkenavdelinga. Med sympati har eg passert personane som står der med kjøkenteiknarane sine, på utstilling for alle som går forbi. Gjerne har det stått fleire og venta på tur. Der står dei og dannar eit menneskeleg samleband.

Då var det noko anna å parkera i ein endeveg ved Nordåsvannet. Inne såg det ikkje ut som ein butikk, men som ein heim der det var heilt naturleg med eit kjøken i kvart rom.

Det var der eg møtte Camilla.

– Er retrokjøkenet dykkar populært», spurde eg.

– Ja. Me sel cirka eitt i året her i Bergen, svara ho.

Der og då bestemte eg meg for at denne dama ville eg kjøpa kjøken av. Ikkje berre verka ho ærleg, men ho hadde det finaste og mest solide visittkortet eg har sett: i tjukt matt papir og med logoen til produsenten trykt inn i sølv som ein spegel.

Vask som går i eitt med disken, er både praktisk og hygienisk, og var vanleg på kjøken i 50- og 60-åra.  Skjermdump frå filmen Slik vil vi ha det frå 1955.

Huset mitt vart bygt i 1895 og har eit areal på 180 rutemeter delt på to etasjar og ein grovkjellar. Eg er fjerde generasjon som bur her, på Haukanes i Austevoll. Mor mi er fødd i huset, og det same er brørne hennar. Bestefar min og alle dei åtte syskena hans òg. På det meste budde det fire familiar under dette taket. Det var i 1940- og 50-åra, medan dei venta på å byggja eigne hus rundt om på garden.

Vassklosettet kom fyrst i 1962. Då vart huset totalrenovert, taket heva og eit tidsriktig kjøken sett inn. Nokre tiår seinare vart kjøkenet bytt ut, men i god sparestil vart ingenting kasta. Eitt overskåp monterte dei på lemmen, eit anna i leikehytta til naboen, og disken vart sett i kjellaren.

Dei siste tjue åra har kjøkenrommet blitt lappa på etter kvart som ting har falle frå kvarandre, og alltid med ei påminning om at dette er mellombels. Då vasskrana vart øydelagd for tre år sidan, skrudde me på ei billeg og irriterande låg kran. Det var ikkje eingong råd å få ei vaskebøtte under henne, eg måtte halda bøtta skrått under strålen. Men det gjekk greitt, for det var jo berre mellombels.

Erfaringa mi er at mellombelse løysingar fort vert verande. Eit godt døme er ølstova på Bryne med det passande namnet Mellombels. Det opna som ein pop-up-pub i høve Jærnåttå i 2015 og er i dag ein fast utestad.

På kjøkenet står dei store grepa att. Golvet er ikkje isolert og har i tillegg ei helling på fem centimeter. (Praktisk når du ser etter ting du har mista ned; alt samlar seg i same hjørne.) Det er 99 grunnar til å utsetja oppussing, men at rommet er uisolert, er ikkje ein av dei.

– Når eg fyrst skal gjera noko med det, vil eg ha eit kjøken som kler huset, sa eg til Camilla.

Ho nikka, tilsynelatande samd.

Å finna produsentar som lagar klassiske 50- og 60-talskjøken, med skråstilte overskåp og skyvedører i heiltre, var ikkje berre berre. Og ja, så langt det lèt seg gjera, vil eg ha frontar i heiltre. Så slette som råd, men der eg i rett lys ser strukturane av ekte treverk. Eg har ei innbiten tru på at med riktig vedlikehald held treverk seg fint i fleire generasjonar. Trappa mi er eit døme. Etter nær 60 år i hard medfart er ho like sterk og fin. Trappa vart laga ved lokale Sandvik Trevarefabrikk, berre to kilometer frå huset, og sett inn i samband med renoveringa i 1962. Det er 40 år sidan fabrikkherre Ingebrigt Sandvik (1917–1992) la ned drifta. Eg har vore i huset hans, der kjøkeninnreiinga han laga og sette inn i 1952, framleis er i dagleg bruk.

Helst ville eg ha eit norsk kjøken, og eg hadde funne éin produsent som leverte stilrette «retrokjøken»: Kvalsvik Kjøkken på Sunnmøre. Men då eg sette meg ned for å endeleg gjera ord om til handling, fann eg at selskapet var slått konkurs berre ein månad før. Difor oppsøkte eg andre- og sistemann på lista mi, svenske Kvänum.

– Send meg nøyaktige mål på kjøkenet, så teiknar eg det opp. Deretter har me eit møte og går gjennom kva material og utstyr du vil ha, og så hentar eg inn prisar, sa Camilla.

Heime att tok eg mål og skissa ned rommet frå fugleperspektiv. Det skulle rivast og byggjast opp att før nytt kjøken kom på plass, så eg trekte frå ti centimeter på ytterveggane som skulle etterisolerast. Då stod eg att med 4,25 meter i lengda og 3,55 i breidda. Eg ville halda på plasseringa til vassrøyra som gjekk opp frå kjellaren og inn gjennom golvet på kortsida av veggen. Her teikna eg ein to meter lang disk, med vask og to kummar i midten. Disken gjekk heilt inn i hjørna av L-en, og det var over denne at skråskåpa med skyvedørene skulle vera. På langsida skissa eg komfyr og disk med skåp og skuffer. Kjøleskåpet ville eg ha frittståande på den motsette veggen.

Verken vindauget eller dei to dørene som førte inn til rommet frå stova og gangen, ville stå i vegen for den nye innreiinga.

Alt dette skissa eg ned og sende til Camilla, og ho la det inn i teikneprogrammet sitt.

– Kor mykje er dyrt, spør eg.

No sit eg her på saueskinnet og ser skissene mine omgjorde til eit ekte fungerande rom. Sjølv om eg i fleire år har grubla på gode kjøkenløysingar, er det praktiske detaljar eg ikkje har teke høgd for. Til dømes må det vera plass i rommet til skåpdøra som skal opna seg. Ikkje berre framføre døra, men òg bak henne. Om skåpet er plassert heilt inntil ein vegg eller eit hjørne, vil du kunna opna henne maks 90 grader. Er det eit handtak som stikk ut frå døra, vil opningsvinkelen vera endå mindre. Om du då har hyller inni skåpet som kan dragast ut som skuffer, vil dei stå og stanga i døra utan å koma heilt ut.

Så i staden for å la det vera skåp heilt til veggen, slik eg hadde tenkt, teikna Camilla inn ein 15 centimeter brei nisje på enden, der eg kan ha skjerefjøler, serveringsbrett, henga kjøkenhandkle – you name it!

Eit falma flyfoto viser huset etter at taket vart heva og husmorvindaugo sette inn på 60-talet.

Dessutan viser ho meg Rolls-Royce-en blant gryteskåp. I all mi tid har vinkelen på L-en, kryssingspunktet mellom kortsida og langsida, vore eit tomt og unytta spøkjelsesrom under benkeplata. Eg vil nytta det til noko, og når Camilla seier eg kan ha gryter der, svarar eg kontant at nei, ein sånn upraktisk grytekarusell der ting heng seg fast og du ikkje kjem skikkeleg til, skal ikkje inn på kjøkenet mitt.

– Sjå her, seier ho og tek meg med inn i eit tilsvarande kjøkenhjørne som mitt eige.

Ho opnar den fyrste døra på langsida, men rommet innanfor er større enn eg skulle tru. Det strekkjer seg inn under disken i L-krysset. Der inne er det montert to store hyller som med ein lett puff ålar seg heilt ut i kjøkenrommet i ei elegant slangerørsle. Kvar av hyllene tek 25 kilo, og eg får gåsehud.

Til no har det gått med to skåp på langsida, kvart på 50 centimeter, til oppbevaring av gryter og steikepanner. Løysinga Camilla viser meg, tek berre eitt slikt skåp, og i tillegg kjem spøkjelsesrommet til nytte. Det er som jul og halloween på same tid.

– Ein slik skal eg ha!

Eg er rusa på dei geniale grytehyllene når eg skal velja handtak. På skyvedørene over vasken må me ha avlange trelister som handtak, det er slik denne modellen er. Men når Camilla føreslår at desse listene går att som handtak på skuffene, ristar eg på hovudet.

– Niks, det vert altfor mykje striper. Eg vil ha handtak i stål, og med godt grep, og like handtak på skuffer og dører.

Camilla viser meg ulike stålhandtak, mellom anna den nostalgiske låsemekanismen.

Jo, det er kanskje koselegast med slik lås på dørene, men eg har vore i gamle kjøken der nettopp denne type mekanisme har vore øydelagd. Difor vil eg ha eit handtak i éin del, utan noko dilldall.

Så er det benkeplatene. På langsida vil eg ha plate i tre, og Camilla hentar fram ulike prøvar. Den mørke teaken er mest tru til retrostilen, seier ho, men eg syntest det vert for mørkt. Dessutan kjem mykje teak frå tropiske skogar. Eg ser helst at han vert verande der, og vil heller ha eit treverk eg kan sjå frå kjøkenvindauget.

– Eg går for eik, seier eg.

Eik? Verkeleg? Er eg sikker? Ja, det er eg. Eik er kjend for å vera hard og slitesterk, og eg likar den litt røffe overflata, med synlege porer og klåre sjatteringar. Når det kjem til det reint estetiske, stoler eg meir på meg sjølv enn på kva som helst slags interiørkonsulent.

No er eg i siget her. Camilla smiler og noterer ned etter kvart som eg, kvinna med klår tale, skyt ut ynska mine som konfetti. Ho har sikkert aldri hatt ein kunde med så mange eigne meiningar, tenkjer eg.

– Og på kortsida skal det vera disk med vask i rustfritt stål.

Eg vil ikkje ha alternativ. Eg vil ikkje ha vask nedfelt i ein tredisk som får vasskadar rundt kanten innan nokre år, uansett kor mykje billegare det er. Eg vil kunna leggja blodig kjøt på disken og skyva gørret mot vasken utan at det finn vegen inn i ein skøyt, saman med anna smuss. Eg vil ha ein disk som overlever meg. Har eg ikkje råd til det, får det berre vera.

Etter ein liten time har eg drukke nok kaffi og teke nok val til at Camilla kan henta inn pris på kjøkenet.

– Eg reknar med å ha tilbodet klart innan eit par veker.

Forutan å vita at disken eg ynskjer, kostar det same som naturstein, veit eg ingenting om kva dette kjem til å enda på. Det er litt skremmande, men eg likar det òg. Eg likar at det ikkje heng prislappar ned frå handtaka på utstillingane, og at eg kan ynskja meg skreddarsydd kvalitet utan at nokon spør kva budsjettet mitt er. For budsjett har eg ikkje enno. Fyrst vil eg finna ut kva dette kjøkenet kostar.

May Linn Clement

May Linn Clement er fast teiknar i Dag og Tid.

Les fleire artiklar i serien:

Del 2: «Hjarteromoperasjonen»

Del 3:«Nytt og umoderne»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis