Å skyte seg sjølv i foten?
Fjerninga av tilleggspoeng for folkehøgskule synest å vere svært lite gjennomtenkt.
Les også
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Les også
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Les også
Nye reglar for opptak til universitet og høgskular vil truleg gje plent motsette verknader enn kva forsknings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel og regjeringa ønskjer i Stortingsmelding 20 (2023-24).
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Skulifisering og standardisering

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Utdanning
Raskare oppstart, raskare gjennomføring og betre profesjonsrekruttering er hovudmåla i regjeringas nye stortingsmelding om opptak til høgare utdanning, Meld. St. 20 (2023–2024). Eit viktig framlegg i stortingsmeldinga er reduksjon av tilleggspoeng som søkjarar nyttar for å få plass på populære studium. I dagens system kan ein få opptil 14 tilleggspoeng, i tillegg til kjønnspoeng på nokre studium.
Regjeringa foreslår å redusere dette til tre tilleggspoeng: to for realfag og eitt for avtent verneplikt. Forslaget inneber mellom anna at to tilleggspoeng for verneplikt vert reduserte til eitt, og at to poeng for folkehøgskule vert fjerna. Den nye ordninga er tenkt gjennomført frå 2027.
Det er mange gode grunnar til å forenkle systemet med tilleggspoeng. Likevel synest fjerninga av tilleggspoeng for folkehøgskule å vere svært lite gjennomtenkt.
Eit hovudproblem i høgare utdanning i dag er låg gjennomføring av studium på normert tid og fråfall som medfører bruk av studieplassar utan at det blir fleire utdanna kandidatar. SSB rapporterer om at om lag 50 prosent av studentane både på bachelor- og masterutdanningar ikkje gjennomfører på normert tid, og at om lag 25 prosent ikkje gjennomfører i det heile.
Folkehøgskulane sine eigne tal og undersøkingsresultat frå Danmark syner at eit år på folkehøgskule gjev betre gjennomføringsevne og betre evne til å ta rette utdanningsval hos studentane. I tillegg gjev eit år på folkehøgskule auka sosial kompetanse gjennom å inkludere internatopphald der ein strukturert lever tett med andre, som ein ikkje kan «slå av» som ein skjerm. Professor Bjørn K. Nicolaysen formulerer dette godt: «Danske undersøkingar syner at eit år på folkehøgskule hjelper monaleg på mogninga og gjer studentar tryggare. Å utdanne seg er trass i alt å gjennomgå ein endringsprosess, det krev reorientering på fleire nivå» (Dag og Tid 12. april 2024).
Mange folkehøgskular ligg i små bygdesamfunn. Dei er eit viktig innslag i dagleglivet. Ikkje berre gjennom arbeidsplassar, men òg gjennom lokalt kjøp av tenester og varer, auka deltaking av unge i friviljug arbeid, auka kulturtilbod til innbyggjarane, og – ikkje minst – mange gode ambassadørar for vertskommunen når skuleåret vert avslutta.
Dei siste åra har mange folkehøgskular opplevd redusert tal på søkjarar. Det er rimeleg å tenkje seg at ein del av årsaka er fokuset på rask studiestart etter avslutta vidaregåande skule.
På bakgrunn av låge gjennomføringstal i høgare utdanning, og folkehøgskulane si evne til å betre dette, vil fjerning av tilleggspoeng for folkehøgskule i høgare utdanning motverke målet i stortingsmeldinga om å få studentar raskare ut i jobb. Det er å skyte seg sjølv i foten!
Nils-Petter Karlsson er styreleiar for Seljord folkehøgskule.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.