JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ei anna historie

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3352
20240119
3352
20240119

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Autismeauke

Dag og Tid vier auken av autisme i Noreg og i den vestlege verda stor merksemd i utgåva 1. desember. Ulike ekspertar uttaler seg om dette kjem av ein reell auke i tilstanden eller større merksemd og evne til å avsløre forstyrringa blant helsepersonell.

Forståinga av autisme og autismespekter-forstyrringar har utvikla seg radikalt i løpet av to generasjonar med endringar i diagnosekriterium. Eit kategorisk syn har stått i motsetnad til eit fleirdimensjonalt syn. Sett bort ifrå dette er det eit perspektiv som manglar i denne drøftinga.

I den vanlege tenkinga om sjukdom, forstyrringar og lidingar, både blant lekfolk og profesjonelle, blir tilstandane ofte sett på som eit objekt-fenomen hos individet frikopla frå vår fortolking, forventning og våre verdiar. Vi kallar eit slikt syn essensialistisk. Er det realistisk, og passar det med det vi kan observere?

Det er ikkje berre auken som er vanskeleg å forklare. Det har lenge vore kjent at det er svært store forskjellar mellom ulike fylke. I åra 2008–2011 var den fylkesvise forskjellen fem gongar frå fylker med lægst til fylker med høgast førekomst av autisme, ifølge ein artikkel i Legetidsskriftet frå 2013.

Den kanadiske vitskapsfilosofen Ian Hacking tilbyr oss eit perspektiv som kan gi oss meir innsikt. Han skil mellom tilstandar som må forståast som indifferente kategoriar, som objekt hos individ. Lårhalsbrot er eit eksempel på ein slik kategori. Dei fleste tilstandar er heller interaktive. Dei kan ikkje forståast som kategoriar utan at vi tar inn over oss at vi fortolkar og finn meining i dei kategoriane vi og våre medmenneske tilhøyrer. Kategoriane er med andre ord identitetar og fungerer som «magnetar» med marknadsverdi i samfunnet, i skolen og i velferdsstaten. Hacking kalla dette «looping effects».

Ein fransk lege og filosof, Georges Canguilhem, minner oss på at vi som behandlarar må forstå at det vi driv med, er ein verdibasert og moralsk aktivitet. Han hevda at for å fremme helse blant folk må vi hjelpe kvarandre til å overkomme sjølvidentitetar som vi blir for fusjonerte med. Vi kan forstå helseplager som kommunikasjon og informasjon. I staden for å «spikre» identitetar på folk kan hjelpa bestå i å drøfte med respektfull nysgjerrigheit kva informasjonsverdi autismeåtferd eller depresjonsåtferd har.

Etter opplysningstida fekk den sekulære humanismen kraftig vind i segla. Moderniteten lova oss at vi kunne vinne full kontroll over livet og sjukdommane berre vi beskreiv dei nøyaktig og vitskapeleg. Legar og andre ekspertar fekk ei uinnskrenka namngivande og kategoriserande myndigheit. Vi kallar det for nominalisme.

Den danske filosofen Knud Løgstrup såg på dette som ei form for hykleri. Vi sette oss over naturen og let «begrepsapparatet rusle og gå». Velferdsstaten kan vanskeleg overleve med eit samfunn der medmenneske vert sett utanfor fellesskapet med merkelappar som seier like mykje om behandlarane som om pasientane. Vi treng ei utviding av vår etiske horisont slik at funksjon og funksjonsfremjande hjelp blir ein del av helsevesenets kompetanse.

Med å spørje om i kva grad funksjonen er nedsett, og korleis vi kan hjelpe til å betre funksjonen trass i teikn på sjukdom, forstyrring og liding, vil vi kunne demme opp for inflasjon og auke av sjukdom og funksjonshemmande og helseskadelege identitetar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis