Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Nær på eller fjernt frå røynda?

Makta syner mangel på sjangermedvit.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jan Gunnar Røise i rolla som Reiulf Steen i NRK-serien Makta.

Foto: Motlys/Novemberfilm/NRK

4425
20240119
4425
20240119

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Sjanger i Makta

I førre utgåve av Dag og Tid har Rune Slagstad skrive ein interessant artikkel om maktkampane i Arbeidarpartiet på 1970- og 1980-talet. Bakgrunnen er sjølvsagt tv-serien Makta.

Heilt i byrjinga kommenterte han ein artikkel eg hadde i Dag og Tid 15. desember. I den drøfta eg tilhøvet mellom fakta og fiksjon i seriar som dreier seg om politikk og historiske hendingar. Artikkelen min var ei sjangerdrøfting, ikkje ein nær kommentar til dei store politiske hendingane, sjølv om eg peika på at eg tykte desse kom i bakgrunnen i måten serien framstiller maktkampane i Arbeidarpartiet på.

Når Slagstad skriv om Makta i artikkelen sin, kommenterer han ikkje serien som TV-spel. Han tek først og fremst opp den verkelege maktkampen i partiet. Eg skreiv om Makta som eit døme på eit historisk dokudrama. Som eg trekte fram i den førre artikkelen, byggjer dokumentariske drama på det som kan kallast realismen i handlinga, og det som kan kallast realismen i karakterane. I båe høve heng det saman med korleis det røyndomsnære i framstillinga kan tolkast.

Realisme i handling framstiller den historiske logikken i handlinga. Den forklarer kvifor det som skjer, hender. Den syner motsetningar og korleis dei vert løyste. Men dei treng ikkje vere detaljtru, og det kan gripast inn i handlinga slik at ho blir broten. Makta er stundimellom oppfinnsam – til dømes i korleis møbelhandlaren vender seg til sjåarane, eller når skodespelarane går ut av karakteren og drøftar korleis dei skal spele. Det er grep som Brecht kalla «verfremdung». Det tener til at sjåarane blir medvitne om at dei er vitne til noko som er konstruert med grunnlag i historiske hendingar. Det same gjeld å blande komiske og alvorlege element.

Det som i og for seg er tragisk, kan også omskapast til komedie, endå til bli farse. Men det må vere tufta på ei form for logikk. Dette har til dømes Andreas Viestad trekt fram på Facebook ved å syne til filmen The Death of Stalin av Armando Iannucci. I den filmen er medvitet om kva for krav som sjangeren stettar, klar.

Det er ikkje tilfellet i Makta, som vaklar mellom sjangrane. Noko er komisk, noko alvorleg nok. «Tragedie eller farse?» som Marx skreiv. Eller som Georg Johannesen la til: «Hendte det på norsk?»

«Korleis tolkar vi Makta? Sant eller funne opp?»

Avgjerande er likevel at hendingane som utspelar seg i dramaet, er forankra i ein vidare samanheng som forklarer konfliktane. Det er ikkje nok at det er motsetnader mellom karakterane. Og det er på dette punktet Makta har sine problem. Den bakgrunnen som Slagstad skriv så framifrå om, finst berre i liten mon i serien.

Realisme i karakterane er knytt til at dei personane som rører seg på skjermen, er truverdige. Dess nærare dei er i tid og minne til samtida, dess viktigare er det at dei kan knytast til dei verkelege menneska dei framstiller. Det vil ikkje seie det same som at dei skal vere kopiar, men dei må vekkje minne hos sjåarane. Dei må ha kjenneteikn som gjer at dei kan forklarast ut frå den logiske rolla dei har i handlinga.

Derfor er portrettet av Gro realistisk, men portrettet av Reiulf Steen er det ikkje. Den sterke posisjonen han hadde som maktmenneske, ideologisk talerøyr og karismatisk talar, blir borte bak eit portrett av ein nervøs og fordrukken tulling.

Mange dokudrama er det som kallast «biopics» altså framstillingar av ein dominerande person. Makta er langt på veg ein biopic om Gro Harlem Brundtland. Dette reiser spørsmålet om Makta er ei skildring av ein institusjon og individa innanfor han, eller om det framfor alt er ein biografi. Her meiner eg at Makta syner mangel på sjangermedvit.

Det historiske dokudramaet på film og i fjernsyn er prega av at historia er pressa saman, og sambandet mellom hendingane er forkorta. Ein kan alltid reise spørsmålet om kva som er sant i historiske framstillingar?

Der ligg det som blir kalla ein realistisk tvang. Vi tolkar fortida, også den nære, gjennom kodar som er festa både i det skapte dramaet og i den historiske bakgrunnen.

Korleis tolkar vi Makta? Sant eller funne opp?

Helge Rønning er professor emeritus ved Institutt for medium
og kommunikasjon på
Universitetet i Oslo.

Les også: Helge Rønning: Når historia blir fiksjon

Les også: Bernt Hagtvet: Politikarar redusert til sjablongar

Les også: Rune Slagstad: Makta rår

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Makta syner mangel på sjangermedvit.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis