Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

🎧 Velkomen til Kardemomme by

Er fråvær av tradisjon og historie ein føresetnad for det livssynsopne samfunnet?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Trus- og livssynsutvalet vil gjere det fråflytta Deichmanske hovudbibliotek på Hammersborg i Oslo om til eit generelt trus- og livssynshus.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

8520
20200605
8520
20200605

Lytt til artikkelen:

Eg har ikkje noko imot Kardemomme by. Sola skin og politimeister Bastian er trygg og snill. Og lova fungerer riktig så bra i ein utopisk landsby: «Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil.» Det er berre tante Sofie som er litt tverr. Eg kom til å tenkje på Kardemomme by då eg las rapporten «Tro det eller ei», skriven av Trus- og livssynsutvalet nedsett av Oslo byråd. Rapporten vart lagd fram førre veke og gjev Oslo kommune råd om trus- og livssynspolitikken i framtida. Og så hugsa eg at då vi skulle spele Kardemomme by på sommaravslutninga på barneskulen, fekk eg rolla som tante Sofie.

Føregangskommunen

Vona er at Oslo skal verte ein føregangskommune i landet og ta ei leiande rolle når visjonen om det livssynsopne samfunnet vert realisert. Siktemålet med det livssynsopne samfunnet er integrering. Det er ein god motivasjon. Samstundes er dette brennbare tema der det er naudsynt å snakke sant om religion. Noreg har vore ein kristen nasjon i 1000 år, vi har hatt statskyrkje i 500 år, inntil 2017, og er i dag eit land i rask sekularisering og med ein stadig meir mangfaldig flora av ulike religionar. Den offisielle politikken har landa på å vere ikkje nøytral, men livssynsopen. Det vil seie at stat og kommune skal føre ein aktiv og støttande trus- og livssynspolitikk. Ifølgje proposisjonen til trussamfunnslova som nyleg vart vedteken, tyder dette at religion og tru ikkje skal gjerast usynleg, men få høve til å bidra som kulturberarar og samfunnsbyggjarar. For det andre tyder det at vi anerkjenner Noreg som eit fleirreligiøst samfunn der alle borgarar har trus- og livssynsfridom. Ifølgje proposisjonen vil dette seie at individ og grupper skal behandlast som likeverdige.

«Tro det eller ei»

I «Tro det eller ei» vert prinsippa gjorde om til ein konsekvent politisk praksis der kommunen skal sikre likebehandling. Rapporten dekkjer konkrete tema frå skule, barnevern, eldretenester, bygningar, gravferder, beredskap og lokalmiljø. Forslaget som vart særleg løfta fram då rapporten vart presentert, var å gjere det fråflytta Deichmanske hovudbibliotek på Hammersborg om til eit trus- og livssynshus. Dersom Trus- og livssynsutvalet får det som det vil, skal det verte ei felles storstove der alle dei ulike trus- og livssynssamfunna kan få både kontorlokale og eit felles seremonirom som kan nyttast til større markeringar, til dømes gravferder, eid eller turbandag. Eit nytt hus vil kunne bøte på mangelen på høvelege lokale i Oslo når det skal vere større seremoniar. Dei kristne har meir enn nok av lokale, det er verre med dei andre. I tillegg vil det vere ein stad for formidling og mangfalds- og dialogarbeid, og ikkje minst vil det vere ein tydeleg bodskap frå kommunen. Det å stille eit eigna hus til disposisjon vil ifølgje utvalet vere det same som å seie «vi synes ikke tro og livssyn er vanskelig, her er dere velkomne, vi ønsker deres tilstedeværelse».

Jerusalem

Det var då eg las denne setninga, eg kom til å tenkje på Kardemomme by. For visst pokker er religion vanskeleg. Om vi går til kjernestadene, til dømes Jerusalem, der jødar, kristne og muslimar hevdar rett til dei same plassane, ser vi kor vanskeleg det kan vere. Det handlar ikkje om ulike syklubbar som kan dele same stove, men om tradisjonar som har sin eksistensrett ved å overskride den andre. Ei av utfordringane i eit samfunn med ulike religiøse identitetar er at desse ikkje eksisterer skilde frå kvarandre. Dei har tvert om plass i førestillingsverda til kvarandre og ulike roller i tradisjonane til kvarandre. Eksistensen av éin religion kan vere føresetnad for ein anna, slik kristendomen hevdar å vere oppfyllinga av jødedomen, og muslimane, som hevdar at Jesus er ein profet i deira tradisjon, meiner å overgå kristendomen. Den religiøse førestillingsverda vert endå meir komplisert dersom ho er forankra i røyndomen. Og det er ho jo: Jerusalem er ein geografisk stad, Jesus og Muhammed er historiske personar. Men i Oslo skal ikkje religion vere vanskeleg. Ein av grunnane er at det heller ikkje er religion det er snakk om, men «tro og livssyn». Når ein unngår å snakke om kristendom eller islam, men puttar alle inn i same sekk, vert forskjellane viska ut.

Alt er «tru og livssyn»

I denne forståinga er ein tusenårig religiøs tradisjon og kva privat livssyn som helst, sekulært eller religiøst, på lik linje. Det gjev til dømes utslag i at utvalet reagerer når kommunen låner ut rådhuset til humanetisk konfirmasjon eller namnefest, men ikkje til sikhar som vil feire turbandag, med den grunngjevinga at det siste var eit religiøst arrangement. Korkje Oslo rådhus eller Rådhusplassen skal i dag nyttast til religiøse arrangement. Men i auga til utvalet er det ikkje nokon skilnad på religiøse tradisjonar og sekulære markeringar, som humanetisk konfirmasjon og namnefest er. Alt er «tru og livssyn». Og ifølgje prinsippa som utvalet baserer sine forslag på, skal alle trus- og livssynssamfunn behandlast heilt likt. Om humanetisk konfirmasjon får plass i byens storstove, må også eidfeiring eller turbandag få plass.

Dette likebehandling­sprin-
sippet gjeld ikkje berre rådhuset, men òg til dømes utleige og utlån av areal på skular. For då kan det ikkje vere slik at ein kan vurdere kva slags religion ein ønskjer skal ha innverknad på skulen, slik det har vore tilfelle nokre stader til no. Livssyn er livssyn.

Abstraheringa

Eg vil hevda at det Trus- og livssynsutvalet ser på som sin styrke, eigentleg er ein veikskap. Råda deira er baserte på «prinsipper og i mindre grad på tradisjonar og gamle sedvanar», som Trond Enger, generalsekretær i Human-Etisk Forbund og medlem i utvalet forklarte det i Dagsavisen 28. mai. Det er nettopp det. Når utgangspunktet er prinsipp og ikkje tradisjon, vert det heile abstrakt. Er det tenleg at den tradisjonen som har prega kulturen vår i generasjonar, skal verte nulla ut fordi vi no har eit mangfald av minoritetsreligionar, og at alle små og store, unge og gamle trussamfunn skal skjerast over same kam?

Abstraheringa er tydeleg gjennom omgrepa som vert nytta. Det heiter ikkje rabbinar, prest, pater eller imam, men religiøse leiarar. Det heiter ikkje dåp og omskjering, men «tros- og livssynsvirksomhet». Det som må takast ut av religionane for at dei skal kunne vere i same hus, er nettopp tradisjon og historie. Det som vert att, er statstøtta friviljug verksemd.

Skal ein vere konsekvent, slik utvalet legg til grunn, kan det ikkje likebehandlinga stogge med utleige av husvære. Kva med heilagdagane? Forslaget om å putte alle heilagdagane i éin pott som folk kan plukke som dei vil frå, vert lansert frå tid til anna, og nyleg føreslo Stefan Hegglund frå Høgre å byte ut andre pinsedag med 18. mai. Viss alle trus- og livssynssamfunn skal likebehandlast, må heilagdagane vere fleksible for alle. Og kva med stadnamn? Eit namn som Vår Frelsers gravlund, det er iallfall heilt uakseptabelt. Og det er ikkje få stader og gater som er oppkalla etter Sankt Olav. Det kan ikkje synast rettvist om prinsippet er lik handsaming av alle trus- og livssyn.

Idealet

Spørsmålet eg stiller, er: Er prinsippet om lik handsaming av alle trus- og livssyn tenleg? Ingen religionar er abstrakte prinsipp, dei lever gjennom kultur og vert endra gjennom historia, så kvifor skal vi ikkje ta omsyn til tradisjon og gamle sedvanar? For utvalet bak «Tro det eller ei» er det logisk å ta utgangspunkt i den individuelle trusfridommen til borgarane. Og det er raust av Oslo kommune og alle kommunar i landet som måtte følgje etter, dersom dei legg til rette. Men kva syn på religion som vert fremja gjennom dette, er òg eit viktig spørsmål.

Viss det er kardemommelova som er idealet for trus- og livssynspolitikken, lyt vi hugse på at lova fungerer av di det korkje finst kyrkjer, moskear eller nokon religion i Kardemomme by. Men om Tobias i tårnet hadde ropa «Gud er stor» i tillegg til å melde vêret, og røvarane hadde omvendt seg og blitt vekkingspredikantar i staden for sirkusdirektør og bakar, kunne det fort vorte vanskelegare i småbyidyllen.

Eivor Andersen Oftestad er forfattar og forskar ved MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Vi synes ikke tro og livssyn er vanskelig, her er dere velkomne, vi ønsker deres tilstedeværelse».

Trus- og livssynsutvalet

Det som må takast ut av religionane for at dei skal kunne vere i same hus, er nett tradisjon og historie.

Emneknaggar

Fleire artiklar

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

Eva Vezjnavets, psevdonym for Svjatlana Kurs, blir sett på som ein av dei mest originale samtidsforfattarane frå Belarus, skriv forlaget.

Foto: Alenz Kazlova

BokMeldingar
Oddmund Hagen

Stort frå Belarus

Eva Vezjnavets skriv med fandenivaldsk sorg over heimlandet.

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.

Foto: Norsk Film Distribusjon

FilmMeldingar

Kinoåret 2024 oppsummert

Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis