JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Å smila til lagnaden

Andsnes og Chamayou gav oss Festspillenes mest minneverdige konsert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Leif Ove Andsnes og Bertrand Chamayou ved klaveret i Grieghallen.

Foto: Thor Brødreskift

3119
20240607
3119
20240607

Festspelkonsert

Franz Schubert, György Kurtág:

Firhendig klavermusikk

Leif Ove Andsnes og Bertrand Chamayou, klaver.
Grieghallen, torsdag 30. mai

Som pianist er Leif Ove Andsnes det Rafael er i målarkunsten: Han spelar nesten for vakkert, for teknisk suverent, med total kontroll over klanglege nyansar og rytmiske konturar i klaverspelet. Under konserten i Grieghallen demonstrerte han ein av sine største styrkar, nemleg evna til å spela svakt. Mest slåande var pianissimo-partia i György Kurtágs (fødd 1926) vesle solostykke «Les Adieux in Janáčeks Manier», der han makta å fylla heile salen med klang sjølv om musikken eigentleg knapt er høyrleg.

Mykjeseiande

Den uvanlege programsamansetjinga fungerte framifrå. Med seg hadde Andsnes franske Bertrand Chamayou, som han framførte brorparten av repertoaret firhendig saman med ved flygelet. Ved sida av ungararen Kurtág, som er ein av våre fremste nolevande komponistar, fekk me høyra tre verk av wienaren Franz Schubert (1797–1828). Komponistane står altså langt unna kvarandre i musikkhistoria, men meir slåande enn den stilistiske kontrasten var ulikskapen deira i form og uttrykk.

Schuberts satsar er mykje­seiande av di dei er så lange. Dei blei til under tung sjukdom same året som han døydde, 31 år gammal – han hadde så mykje på hjarta, så mangt han ville seia før han skulle fara. Kurtágs satsar, derimot, er mykjeseiande av di dei er så knappe og konsentrerte, stundom ikkje lengre enn eitt minutt. Kvar tone tel, alle overgangar er skorne ned til det mest essensielle; tonespråket er heilhjarta i uttrykk, men lakonisk i form. Verka til den eine er altså som lange noveller, medan den andre skriv aforismar. Motsetnadane utfylte kvarande. Dette, ved sida av dei gode tolkingane, var det som gjorde konserten så minneverdig.

Pianistiske overtonar

Kurtág er pianist, og klaverkomposisjonane hans syner djup innsikt i klangmoglegheitene til instrumentet, til dømes i det firhendige «Bells (Hommage à Stravinsky)». Her sat Chamayou øvst ved klaviaturet, og i det høgste registeret blei lyden av klokker perfekt imitert. Ekte klokkeklang er overtonerik, det er dette som gjer lyden så sylvaktig briljant. Kurtág har gjenskapt desse overtonane ved, i tillegg til grunntonen, å leggja til knapt høyrbare pianissimo-tonar i det aller høgste klaverregisteret. Chamayou realiserte dette komposisjonstekniske meisterstykket ypparleg.

Høgdepunktet når det gjeld Schubert, var Fantasi i f-moll, D940, som han fullførte fem månadar før han døydde hausten 1828. Dei fire satsane blir spelte i eitt dramatisk drag utan pause, og det firhendige gjev klaverparten symfonisk fylde. Likevel er det ikkje dramatikken og klangfylden, men dei enkle og såre melodiane som grip meg mest. Partiet i fyrstesatsen «Allegro molto moderato» der Schubert plutseleg snur den sorgsame mollmelodien om til dur, er sterkt. Momentet har noko avklart ved seg – som om den dødsmerkte slepper taket ein augneblink og smiler til lagnaden.

Sjur Haga Bringeland

Les fleire artiklar frå Festspillene her.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis