Kjenslevart
C.P.E. Bachs sentimentale symfoniar lever av kontrastar.
Carl Philipp Emmanuel Bach (1714–1788). Utsnitt av koparstikk.
Les også
Masato Suzuki ved cembaloen i Kvinnherad kyrkje. Bak han fyrstefiolinist Peter Hanson.
Foto: Liv Øvland
Fullført fragment
Les også
Masato Suzuki og Leif Ove Andsnes i Kvinnherad kyrkje.
Foto: Foto: Liv Øvland
Springande
Les også
Grete Pedersen dirigerer Det Norske Solistkor og Rosendal Barokkorkester i Riddarsalen.
Foto: Liv Øvdal
Høgdepunktet
Les også
Masato Suzuki og Antoine Tamestit i Kvinnherad kyrkje.
Foto: Liv Øvland
Trio for to

CD
C.P.E. Bach:
Symphonies
Akademie für Alte Musik Berlin.
Harmonia Mundi 2024
Uventa dissonansar og akkordkombinasjonar, plutselege stemningsskifte og pausar der musikken brått blir hengande i lufta – slikt var det tyskarane i 1750-åra kunne venta seg på orkesterkonsert. Musikkhistorisk var perioden ei brytingstid, for der barokkmusikken hadde vore regelbunden og kunstferdig og komponeringa fyrst og fremst eit handverk, streva den nye generasjonen tonekunstnarar etter spontanitet og originalitet. Det sentimentale erstatta det systembundne i dette som dei samtidige kalla empfindsamer Stil, «kjenslevar stil».
Sju symfoniar
I spissen for dei kjenslevare stod Carl Philipp Emmanuel Bach, komponisten som den gongen var meir kjend enn far sin, Johann Sebastian. Originaliteten hans kjem særleg til uttrykk i symfoniane, som skulle koma til å prega wienerklassikarar som J. Haydn og W.A. Mozart.
På det nye albumet sitt gjev Akademie für Alte Musik Berlin oss suverene tolkingar av sju slike verk. Plata har undertittelen From Berlin to Hamburg. Verka blei nemleg til i tida då C.P.E. Bach skifta frå stillinga som kammercembalist hjå prøyssarkongen Fredrik den store i Potsdam, til å bli kyrkjemusikkdirektør i Hamburg, eit embete han overtok etter G.P. Telemann, fadderen hans, som døydde i 1767.
Generalpausar
Symfoni i e-moll, Wq 177, som C.P.E. Bach komponerte i 1756 og lét prenta i Nürnberg tre år seinare, var den mest vidgjetne symfonien hans i samtida – og truleg òg den beste. Her syner han evne til å byggja opp forventningar hjå lyttaren, for så å bryta med desse på nærast provoserande vis.
Fyrstesatsen «Allegro assai» (spor 7) byrjar med ein dyster orkesterunisono, der alle instrumenta spelar same melodien. Straks fiolinane frigjer seg frå unisonoen, bivrar bassen vidare på snøgge, gjentekne tonar. Cembaloen får det til å høyrast ut som skarptrommekvervlar. Dei mange generalpausane, der heile orkesteret brått teier, tek pusten frå lyttaren, for Akademie für Alte Musik Berlin spelar så intenst at pausar blir like viktige som klangar. Denne musikken lever av kontrastar; hadde partitur hatt utropsteikn, ville dei stått tett, gjerne to og tre i slengen.
Denne symfonien er også typisk for C.P.E. Bach av di han er så teknisk krevjande. Lytt berre til finalesatsen «Allegro» (spor 9), der fiolinane rasar opp og ned gjennom registeret med skarpt punkterte rytmar. Dette er ikkje musikk for amatørar, men for eit orkester av virtuosar.
Men lysare uttrykk finst òg. I Symfoni i D-dur, Wq 176, merkar me den gryande wienerklassisismens hang til gladlynt trompetspel, munter fløytekvitring og yndig, litt floskelaktig melodikk. Spesielt framtak har fyrstesatsen «Allegro assai» (spor 4), som vitnar om Akademie für Alte Musik Berlins lange røynsle med – og begeistring for – C.P.E. Bachs uttrykkssterke orkestermusikk.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.