Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Springande

Masato Suzuki kom aldri inn på det essensielle i festival­samtalen med Leif Ove Andsnes.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Masato Suzuki og Leif Ove Andsnes i Kvinnherad kyrkje.

Foto: Foto: Liv Øvland

2066
20240816

Rosendal Kammer­musikkfestival

Rosendal 7.–11. august 2024

Årleg intimfestival grunnlagd av Leif Ove Andsnes i 2016

Arrangert i og kring baroniet frå 1665

Byr på kammermusikarar i verdsklasse

I år opptredde 60 artistar under festivalmottoet «Kontrastar»

Festivalsamtale

Masato Suzuki og Leif Ove Andsnes:

Samtale om Bach

Kvinnherad kyrkje i Rosendal, fredag 9. august

For klassiskinteresserte gjev namnet Suzuki ikkje berre assosiasjonar til motorsyklar, bilar og påhengsmotorar. Den japanske cembalisten, organisten og dirigenten Masaaki Suzuki (fødd 1954) grunnla i 1990 Bach Collegium Japan. Med dette koret og barokkorkesteret har han markert seg som ein av verdas beste tolkarar av Bachs kyrkjekantatar, som han har spelt inn samtlege av på kring 50 album.

«I ei løe i Rosendal opplevde eg festivalsesongens konserthøgdepunkt.»

No er son hans, Masato Suzuki (fødd 1981), sjefdirigent for Bach Collegium Japan. Det var denne Suzukien som i helga vitja Rosendal Kammermusikkfestival, der han gav tre konsertar. Før konsertane førre fredag deltok han og Leif Ove Andsnes, festivalens kunstnarlege leiar, på arrangementet «Samtale om Bach» i Kvinnherad kyrkje. Men det me fekk, kan heller kallast «Samtale om Suzuki».

Trass i samtaleleiar Andsnes’ diskrete freistnader på å pensla tematikken inn mot det vesentlege, fortapte Masato Suzuki seg i anekdotar og halvplatte vitsar. Å introdusera Masato Suzuki som musikar, å høyra om oppveksten i ein erkemusikalsk familie og om utdanninga som førte han dit han er i dag – dette var for så vidt ein fin og oppklarande inngang til samtalen. Vitsane var då også stundom humringsverdige, for Suzuki er ein sjarmerande og lite sjølvhøgtideleg fyr. Men kunnskapane hans om Bach og røynslene med å omsetja notane til klingande musikk, dette fekk me berre glimt av. Gode ansatsar fanst, men dei blei ikkje gjennomførte.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis