Trio for to
Bachs gambesonatar gjer seg også godt på bratsj.
Masato Suzuki og Antoine Tamestit i Kvinnherad kyrkje.
Foto: Liv Øvland
Les også
Masato Suzuki ved cembaloen i Kvinnherad kyrkje. Bak han fyrstefiolinist Peter Hanson.
Foto: Liv Øvland
Fullført fragment
Les også
Masato Suzuki og Leif Ove Andsnes i Kvinnherad kyrkje.
Foto: Foto: Liv Øvland
Springande
Les også
Grete Pedersen dirigerer Det Norske Solistkor og Rosendal Barokkorkester i Riddarsalen.
Foto: Liv Øvdal
Høgdepunktet
Les også
Carl Philipp Emmanuel Bach (1714–1788). Utsnitt av koparstikk.
Kjenslevart

Konsert
J.S. Bach:
Kammermusikk
Antoine Tamestit, bratsj; Masato Suzuki, cembalo; mfl.
Kvinnherad kyrkje i Rosendal, fredag 9. august
I 2019 spelte den franske bratsjisten Antoine Tamestit og Masato Suzuki inn J.S. Bachs tre sonatar for det celloliknande strykeinstrumentet viola da gamba (gambe) og cembalo. Stykka, som i røynda er triosonatar der cembaloen spelar bass- og toppstemma og gamben mellomstemma, lèt seg også fint framføra på bratsj. Strykarklangen blir då litt kraftigare og mindre overtonerik enn på gamben.
Gambesonatane utgjorde grunnpilarane i den andre Bach-konserten i Kvinnherad kyrkje førre fredag, som også baud på utdrag frå Musikalisches Opfer og «Goldbergvariasjonane». Bratsjisten Tamestit er ein einar på sitt instrument. At det kling teknisk perfekt, er no éin ting, men det er som musikar i poetisk tyding han imponerer mest.
Kvar frase blir forma med omhug, kvart melodisk motiv er – når det kjem attende i Bachs ulike brigdingar – subtilt variert. Og der han ikkje gjer anna enn å halda éin lang tone over fleire taktar, noko som særleg førekjem i dei langsame satsane, utviklar og omformar han klangfargen på ein måte eg aldri har høyrt hjå bratsjistar før.
Ikkje dialogbasert
Når det gjeld dynamikken i samspelet, stod Suzuki fram som den svake parten. Eg tenkjer her ikkje på det reint tekniske – Suzuki spelte betre enn på konserten tidlegare på dagen – men på samspel som musikalsk samhandling, på vekselverknaden mellom musikarane.
Sonatane er forma slik at det musikalske temaet som regel fyrst blir presentert i den eine overstemma, og så i den andre medan den fyrste held fram med ei meir diskret motstemme. Slik går det fram og attende i eit slags melodisk pingpongspel.
Men når Tamestit forma frasen sin på ein distinkt måte, responderte ikkje Suzuki i form av imitasjon eller variasjon av denne måten. Han spelte berre jamt og nøytralt, utan det tolkingsmessige overskotet Tamestit la for dagen. For sjeldan kom ein verkeleg musikalsk dialog i stand.
God snert
Ein fin konsert var det likevel. Dette er repertoar dei to musikarane har under huda, og timinga i starten og slutten av satsane var som hogde i marmor. Tempoa var også velvalde. Særleg likte eg den rytmiske snerten i finalesatsen «Allegro moderato» i Gambesonate nr. 1 i G-dur, BWV 1027. Berre éin stad bomma dei på karakteren: Den konserterande opningssatsen «Vivace» i Gambesonate nr. 3 i g-moll, BWV 1029, gjekk så rasande fort at musikken miste tyngd.
Sjur Haga Bringeland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.