Frå matfatet

Jakt og vilt kjøt 

Eg mistenker at Miljøpartiet Dei Grøne ikkje ser nasjonalparken for berre kjøtskam. 

Denne gongen var det haustblada på blodbøka som fekk verte med heim. For ordens skuld er biletet teke i heilt ordinær, uverna utmark.
Publisert

Eg var godt i gang med ein spaltetekst som handla om noko heilt anna, idet eit innlegg i Nationen ramla i fanget mitt: «Jegerne eier foreløpig hele landet», skriv MDG-politikar Rasmus Hansson og spør: «Vil de gi fra seg en eneste kvadratmeter?»

Då vakna jegeren i meg. Jegeren, som eigentleg har gått i hi og ikkje skal vakne att før til hausten, vakna av det Hansson skreiv, og kjende trongen – ikkje til å gå til åttak, men til å forsvare seg. Forklare seg, kanskje òg. Kanskje mest det.

Bakgrunnen for innlegget til Hansson er at MDG har plukka opp forslaget naturfotografen Arne Nævra fremjar i ei ny bok: jaktfrie område i nokre nasjonalparkar. Dei vil fremje det i Stortinget. «Der er naturen nærmere det den ville vært uten menneskelig påvirkning», skriv Hansson, og «det er jo urørt og opprinnelig natur som er det grunnleggende formålet med de fleste nasjonalparker».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement