JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Grunnlovsframlegget om norsk språk

«Det særeigne ved bokmål og nynorsk er ikkje at dei er gjensidig forståelege, men at dei er samfunnsmessig integrert i eitt språksamfunn.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4210
20240816
4210
20240816

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

Som kjent er det nyleg sett fram eit framlegg til ein ny grunnlovsparagraf om språkets status i Noreg: «Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.»

Dette framlegget er blitt kritisert i Dag og Tid av Ottar Grepstad og Ingvar Engen. Det er ikkje primært på grunn av det som står der, men av det som ikkje står, og som dei to vil ha inn, nemleg at nynorsk og bokmål skal kallast «språk». «Skriftspråk» eller «målform» er ikkje bra nok, for her gjeld det tydelegvis ei rangordning, der «målform» på ein eller annan måte er mindreverdig.

Les også: Eit betre grunnlovsframlegg

Grepstad karakteriserer bokmål og nynorsk som «to gjensidig forståelege språk», og meiner det er relativt sjeldsynt i verda. Det er eigentleg ikkje rett, for det er berre ein gradsforskjell mellom kva som er utvilsamt ulike språk, og kva som er variantar av same språket. Her er forholdet til landegrenser, etnisitetar og nasjonalitetar osv. viktige for korleis ein set grenser og definerer.

Tilhøvet mellom dei skandinaviske språka er eit godt døme på denne typen avvegingar. Vi må rekne dei som eitt språk for tusen år sidan (med dialektale skilnader), og dei er framleis gjensidig forståelege, men dei er separate språk i dag på grunn av institusjonalisering i ulike statar. Og det er nok eit vanlegare fenomen i verdssamfunnet enn Grepstad gir inntrykk av. Det særeigne ved bokmål og nynorsk er ikkje at dei er gjensidig forståelege, men at dei er samfunnsmessig integrert i eitt språksamfunn, at dei blir brukt om kvarandre utan etniske eller andre skilje, og at det berre er individuelle val som bestemmer fordelinga mellom dei i bruken.

Her er det ein logisk svikt: Er norsk ifølgje Grepstad og Engen eit språk, eller er det ei språkgruppe eller ein språkfamilie? Engens forsøk på «ja takk, begge delar» blir ei lite akseptabel naudløysing.

I språklova har dei løyst dette problemet ved å ta i bruk «skriftspråk» som avløysar for «målform», og behalde statusen «språk» for norsk som heilskap, og det blir òg gjort i grunnlovsframlegget. Dette er for så vidt haldbart. Ordet «skriftspråk» føreset ikkje at det er eit eige språk; det går an å ha fleire skriftspråk innanfor eit språk – på same måten som dei fleste språksamfunn har dialektar i tale utan å kalle dei eigne «språk».

Skrift er ei delvis sjølvstendiggjort attgjeving av tale. Og alle skriftspråk har, trass i nemninga «skriftspråk», tala variantar, altså ei uttalenorm som baserer seg på skrifta og fungerer som leseuttale. Denne leseuttalen kan så bli grunnlag for eigne språkvariantar som nye generasjonar lærer seg som førstespråk (morsmål). Innanfor bokmål har vi det: «naturlege» talemål som ligg så tett opp til den bokmålske leseuttalen at ein må kalle det «tala bokmål» (om enn med ulike regionale aksentar). Det same gjeld for nynorsk, men her har det ikkje oppstått språksamfunn der denne leseuttalen er blitt førstespråk for nye generasjonar. Det har å gjere med mangelen på etablerte urbane sentrum innanfor dei nynorskbrukande distrikta. Nynorsk normaltalemål blir berre brukt av folk som individuelt har lært seg det i vaksen alder. Men det finst uansett som faktisk talemål, som mange brukarar reknar som sitt primære talemål. Eg meiner altså at dette i siste instans skriftbaserte nynorske talemålet må reknast som innbakt i omgrepet «nynorsk skriftspråk». På tilsvarande vis går det an å bygge nye skriftspråk på eksisterande dialektale talemål – slik t.d. Alf Prøysen gjorde med ringsakermålet. Ordet «skriftspråk» føreset altså ikkje at det er snakk om eit sjølvstendig språk.

Eit problem med forsøket på å kalle bokmålet og nynorsken «språk», er kor ein skal plassere dei norske dialektane i forhold til dei. Det er vel, trur eg, semje om at dei ikkje er dialektar av bokmål eller nynorsk. Korleis ein da skal plassere norsk talemål i den strukturen Grepstad og Engen vil ha, blir eit mysterium. Men det heng saman med den uklåre statusen omgrepet «norsk» skal ha i deira system.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I valkampen før guvernørvalet i Tokyo i juli blei politikk til farse, meiner mange japanarar. Ein av dei mange meir eller mindre seriøse 56 kandidatane som figurerte i sosiale medium og offentlege rom, var «KI-borgarmeisteren», profilert som robot.

Foto: Eugene Hoshiko / AP / NTB

PolitikkSamfunn

Ei god tid for løgnarar

Når det politiske bildet blir forfalska ved hjelp av kunstig intelligens, lid demokratiet.

Marita Liabø

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis