JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Norsk med to skrivemåtar

«Historia tyder på at mange i partia vil unngå at våre etterkommarar får velje mellom to likestilte skriftmål.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3448
20240823
3448
20240823

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Språk

Talemål er grunnlaget for språka og difor for språkinndelinga. Norsk språk, til dømes, har funnest i minst halvtanna tusen og truleg fleire tusen år, frå urnordisk via gammal- og mellomnorsk og til dagens talemål. Det vart brukt før skrift vart vanleg, og det blir brukt av barn som enno ikkje kan lese. Analfabetar og dyslektikarar er truleg like taleføre som andre.

Med skriftmål er det annleis. Dei har vore der i nokre hundre eller titals år og i det meste av denne tida vorte nytta mest av samfunnselitar. For dei fleste fell det lettast å velje det skriftmålet som dominerer. Slik avgjer staten langt på veg kva for skriftmål folk skal bruke. Framlegget frå åtte stortingsrepresentantar om å jamstille bokmål og nynorsk i Grunnlova kan gjere valet mellom våre to skriftmål meir reelt og demokratisk.

Dette bør me som helst held oss til nynorsk, slå ring rundt. Talet på nynorskbrukarar har gått jamt nedover, såleis frå 17 prosent av grunnskuleelevane tidleg på 1990-talet til vel 11 no. Tanken om at nynorsk snart er ei tapt sak, ligg nær for mange av oss. Ei grunnlovsendring som blir følgt opp, kan bidra til å endre haldningar.

Ottar Grepstad i Dag og Tid 5. juli og 9. august ser det annleis. For han er bokmål og nynorsk språka, men han finn ikkje formuleringar i forslag og grunngiving om at Noreg er tospråkleg. Difor bruker han ord som «innsnevrande» og «overflatisk». Med hans syn blir skrift det avgjerande. Korkje forskarar eller folk flest ser det slik. Med få unntak meiner me norske at me har eitt hovudspråk og skil oss frå tospråklege land som Finland, Belgia og Canada.

Så kan me spørje kva status folks talemål får om språk er det same som skriftmål. Ikkje verdt å nemne, sekunda vare, «sinkenes babbel», som ein riksmålsaktivist kalla det, eller? Bak synsmåtar av dette slaget ligg ikkje berre oppvurdering av skrift, men også ignorering av eller forakt for folks talemål.

Grepstad skriv at eit innlegg av Ingvar Engen i Dag og Tid 2. august viser at dei åtte legg «til grunn at bokmål og nynorsk også er standardtalemål». Men korkje i forslag eller grunngiving står dette. Det var heller ikkje det Engen hevda. Han skreiv at «det forslagsstillarane etter intensjonen synest ønskja uttrykkja, er at bokmål og nynorsk er likeverdige og likestilte språk som saman med andre variantar av norsk skal ha status som nasjonalt hovudspråk». Eg synest Engen tøyer teksten. Men også hans varsame og uttrykt tolkande formulering er langt unna Grepstads bastante.

Det at me kan velje eit veletablert og noko stivna skriftmål eller eit talemålsnært og fleksibelt, skil Noreg frå dei fleste land, gir generasjonane etter oss fridom og er interessant for omverda. For talemål endrar seg ustanseleg, medan skriftmål som engelsk og fransk har storkna i former frå tidlegare tider. Det må til skriftmålsrevolusjonar om dei skal bli fullgode verktøy.

I Noreg har dei fleste politiske parti eit uttrykt mål om individuell fridom. Men historia tyder på at mange i partia vil unngå at våre etterkommarar får velje mellom to likestilte skriftmål. Dei vil neppe seie det rett ut, men leite etter påskot for å stemme ned endringsforslaget. Det reduserer sjansane for vedtak når Grepstad, Noregs mest kjente nynorskforkjempar dei siste tiåra, bruker ord som «innsnevrande» og «overflatisk».

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I valkampen før guvernørvalet i Tokyo i juli blei politikk til farse, meiner mange japanarar. Ein av dei mange meir eller mindre seriøse 56 kandidatane som figurerte i sosiale medium og offentlege rom, var «KI-borgarmeisteren», profilert som robot.

Foto: Eugene Hoshiko / AP / NTB

PolitikkSamfunn

Ei god tid for løgnarar

Når det politiske bildet blir forfalska ved hjelp av kunstig intelligens, lid demokratiet.

Marita Liabø

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis