JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Å vere kritisk til noverande forhold i Sør-Sudan og til Kiirs styre står ikkje i motsetnad til å ha støtta fredsprosessen og frigjeringa i si tid.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Anders Breidlid er professor ved OsloMet.

Erik M. Sundt

5972
20241206
5972
20241206

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Sør-Sudan

I sitt tilsvar (29. november) til mitt innlegg (22. november) om mikrofonstativintervjuet Kaj Skagen hadde med Terje Tvedt, unnlèt Tvedt å kommentere det eg skreiv om hans eigne moraliseringar og etnosentriske tenkemåtar. I staden går han til personleg angrep på meg og omtalar meg som aktivist og «professor ved OsloMet» (i hermeteikn).

Likevel, la meg gi Tvedt ei viss anerkjenning: Det er tross alt opplysande for lesarane at han, med sin tittel som «professor i historie», framhevar mi historie som bistandsarbeidar, aktivist og forskar i Sudan og Sør-Sudan. Tvedts aggressive tilsvar kan kanskje delvis forklarast med at eg som bistandsarbeidar, med ansvar for utdanning, har blitt finansiert av skattebetalarane. Det same kan seiast om mi utvikling og leiing av fleire masterkurs, alle finansiert av skattebetalarane gjennom Norad. At utdanning ofte vert trekt fram som sjølve grunnlaget for utvikling, ser ut til å vera irrelevant for Tvedt.

Tvedt minner meg på at eg var leiar for Støttegruppen for fred i Sudan fram til 2005, året då The Comprehensive Peace Agreement vart signert og gjorde slutt på den mangeårige borgarkrigen. Eg er glad for at eg var aktivist i denne perioden.

Eg har heller ingen grunn til å skamma meg over at eg deltok i frigjeringsfeiringa i 2011, men eg vart ikkje invitert av Salva Kiir, slik Tvedt påstår. Dette er fri fantasi. Eg kjenner ikkje Salva Kiir personleg.

Eg har derimot ved fleire høve skrive at eg er djupt skuffa over utviklinga i Sør-Sudan etter 2013, og eg har retta skarp kritikk mot Salva Kiir for vanstyret hans. Blant anna har eg offentleg kravd at Noreg burde ha nytta plassen sin i FNs tryggingsråd til å adressere den grufulle situasjonen i Sør-Sudan, og at Kiir vert stilt til ansvar for sine handlingar i Den internasjonale straffedomstolen i Haag.

Dette betyr ikkje at eg alltid har handla rett. Sjølvsagt har eg stilt spørsmål ved mi eiga historie og vurdert kva eg kunne ha gjort annleis. Likevel har eg prøvd å ta ansvar – noko Tvedt hevdar at eg ikkje har gjort – gjennom dei kanalane eg har hatt tilgjengelege for å fremje ei meir positiv utvikling i landet. Å vere kritisk til noverande forhold i Sør-Sudan og til Kiirs styre står ikkje i motsetnad til å ha støtta fredsprosessen og frigjeringa i si tid. Tvert om er det viktig å stå ved idealet om fred og rettferd, sjølv når realiteten har vist seg å ikkje innfri desse forventingane.

Tvedt hevdar at eg «skil ikkje i det heile tatt mellom forsking og aktivisme – eit trekk som har vore eit av dette politikkfeltets viktigaste kjenneteikn og største svakheiter sidan det oppstod på 1960-talet». Sjølv om eg ikkje har skrive dette, er eg naturlegvis open om at eg har vore både aktivist og forskar.

Eg har publisert omfattande forsking om utdanning i Sør-Sudan, finansiert mellom anna av Noregs forskingsråd, utan å få kritikk for at aktivismen min påverka det vitskaplege arbeidet. Men finansieringa, som all anna forsking gjennom Forskingsrådet, er eit bidrag frå fellesskapet.

I staden for på anstendig akademisk vis å forklare kvifor eg tek feil i min kritikk av hans bistandsanalysar – inkludert mine poeng om Sør-Sudan – vel Tvedt å unngå substansiell argumentasjon. Han ignorerer argumentasjonen om at hans perspektiv på bistand ber preg av etnosentrisme, og unnlèt å vise kvifor han meiner eg tek feil når eg hevdar at hans eigne analysar manglar sjølvrefleksjon. Ved å ty til personangrep og nedsnakking gjer han den akademiske kardinalsynda det er å diskreditere motstandaren utan å møte kritikken med relevante argument.

Det einaste interessante i Tvedts kritikk av meg er refleksjonane hans om forholdet mellom aktivist og forskar, eit tema som utan tvil er verdt å problematisere. Dette er ein diskusjon som reiser viktige spørsmål om forskarens rolle i samfunnet og balansen mellom akademisk distanse og personleg engasjement. Det finst mange eksempel på vitskapsfolk som har lukkast med å kombinere det å vera aktivistar og det å vera framifrå forskarar. Ofte kan ein slik kombinasjon tilføre eit unikt perspektiv og ei djupare forståing av dei komplekse spørsmåla dei utforskar.

Eg tenkjer her ikkje minst på Edward Said. Said var som kjent både ein leiande akademikar og ein lidenskapleg aktivist i spørsmål som galdt Israel–Palestina-konflikten. Gjennom arbeidet sitt, særleg i bøker som Orientalism og The Question of Palestine, demonstrerte han korleis akademisk innsikt kan tene som grunnlag for politisk og sosialt engasjement. Arne Næss er eit godt norsk eksempel.

Eg er sjølvsagt ikkje åleine om å kritisere Norske tenkemåter og Tvedts behandling av bistandsfeltet, inkludert Sør-Sudan (jf. mellom anna kritikken frå dei Sudan-kjennarane eg nemnde i førre innlegg). Sjølv om Tvedt med rette har fått anerkjenning på fleire område, er mange av innvendingane han er møtt med, grunnleggjande.

Fleire har framheva at han blant anna ikkje alltid lever opp til elementære faglege metodekrav, og at det empiriske grunnlaget ofte manglar. Plassen tillèt ikkje ein grundig gjennomgang av denne omfattande kritikken. La meg berre nemne at ein av våre fremste bistandsforskarar, professor Helge Pharo, har peikt på følgjande: «Mange som arbeider med norsk utviklingshjelps historie, har registrert at Terje Tvedt siterer selektivt, utelater informasjon, unnlater å henvise til tidligere arbeider, og bruker det forvrengte bilde han slik konstruerer, til å underbygge sine påstander» (VG 13. november 2018). Andre kritikarar er professor i afrikansk historie Jarle Simensen, og professor i statsvitskap Tore Wig, som er svært kritisk til metodebruken i Norske tenkemåter (Morgenbladet, 8–14. november 2024).

Kanskje er det nettopp desse svakheitene som gjer at han i vårt ordskifte vel å angripe mannen, ikkje ballen.

Anders Breidlid er professor ved OsloMet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis