JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HumorFeature

«I tillegg til at Tor ikkje er van med å hente ved, har han aldri fått til dette med oppfyring heller.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3005
20240209
3005
20240209

Tomt for ved (1)

Hjalmar kjem inn i stova og ser på den tomme vedkorga.

– Det er tomt for ved, seier han.

– Ja, seier eg.

– Ragnhild plar hente ved, seier Hjalmar.

– Ho er ikkje heime, seier Tor som sit attmed vindauget.

– Kor har ho teke vegen?

– Nei, det er det ingen som veit, og no la eg nett inn den siste kubben, seier eg.

– Det var ulikt ho å reise utan å fylle opp vedkorga.

– Ja, det er mest som om ein skulle tru at noko har hendt.

– Er det greitt at eg hentar inn ved? spør Tor.

Hjalmar skal til å seie noko, men lar det vere.

Tor? Som mest aldri har henta inn ved i heile sitt liv, skal han plutseleg gå Ragnhild i næringa? Det har liksom alltid vore hennar oppgåve å hente ved her i huset, så eg trur ikkje det er lurt å forandre på det no.

I tillegg til at Tor ikkje er van med å hente ved, har han aldri fått til dette med oppfyring heller. Han skal vere så moderne og fyre ovanfrå og ned. Me har sett korleis det går. Det forsvinn ei halv eske med tennbrikettar kvar gong, sjølv brukar eg aldri meir enn éin. Eg har både vist og forklart korleis ein stablar vedskiene i omnen før ein tenner på, men det er nyttelaust. Ikkje klarer han å justere trekken heller, og om han då endeleg klarer å få fyr, blir det som regel altfor varmt, slik at me må opne vindauge og sette døra på vidt gap.

Tor ventar på eit svar og lurer nok på om det er no han skal få sjansen, men Ragnhild hadde nok ikkje likt om me sende ut Tor.

Det er stille i stova, berre knitringa frå den siste kubben i omnen kan høyrast, eg skrur ned trekken litt.

– Me må halde fyr i omnen og ikkje la det døy ut, seier Tor.

Det er noko alle veit, elles blir det kaldt, så det kunne han berre ha halde kjeft om.

Sjølv om regelen er at så lenge det er folk heime, må me ikkje la det døy ut i omnen, betyr ikkje det automatisk at kven som helst er kvalifisert til sånn heilt utan vidare å berre gå ut og hente inn meir ved. Du skal vete litt om det eine og det andre; kva ende av stabelen som gjeld, og kva som er den tørraste veden. Det veit ikkje Tor, og no er det lenge sidan eg og Hjalmar har henta ved, så då blir det rein gjetting. Ingen av oss vil sende ut Tor og risikere at han kjem tilbake med feil ved, om han då i det heile tatt finn fram til vedhuset.

Eg hentar sjeldan inn ved om det ikkje er heilt prekært. Det er eit styr, og no har vêret slått om. Det har byrja å regne, så eg vil helst ikkje ut og bli blaut. Men eg har ofte vore i vedhuset og aldri vore redd for å hente inn ved, men eg trur Tor skal få sleppe.

– Ragnhild er nok ikkje langt unna, så eg foreslår at me ventar litt til, svarar eg Tor.

Han må vel forstå at det beste er om ho som plar hente inn ved, fortset med det.

Tor stønnar, reiser seg og går mot ytterdøra.

– Kor skal du hen? spør Hjalmar.

– Ingen stad, svarar Tor.

Han går ut. Eg og Hjalmar kikkar på kvarandre. Han kan vel ikkje vere så galen? Eller?

Framhald

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis