
Vidar Ystad
journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Siste artiklar frå Vidar Ystad
-
Kuvending i UD – vedgår dokumentmangel
Utanriksdepartementet har i årevis nekta for at dei manglar dokument om Oslo-prosessen. Nå snur departementet og vedgår overfor Dag og Tid at dei manglar dokument i arkiva.
-
UD-dokument finst i israelske arkiv
Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.
-
SV meiner det er behov for å vurdere dei folkerettslege og etiske rammene etterretningstenesta skal arbeide innanfor.
-
– Staten tvinga fram forlik
Begge reindriftsgruppene på Fosen meiner staten har nytta «pistol mot tinningen» for å presse reindriftsnæringa til å akseptere at vindturbinane blir ståande.
-
Ein ukultur i regjeringskontora
Hemmeleghaldet ved Statsministerens kontor (SMK) av dokument om aksjehandlane til Sindre Finnes er berre toppen av eit isfjell som handlar om ein ukultur i fleire departement
-
Overlét ansvaret til mannen
Erna Solberg overlét til ektemannen å avgjere om aksjehandlane han gjorde, var av slik storleik at dei kunne gjere henne inhabil.
-
Å velje å ikkje vete
Anniken Huitfeldt har ikkje teke habilitetsreglane alvorleg nok.
-
Stortingspolitikarar bryt opplysningsplikta
To sitjande stortingsrepresentantar og 32 vararepresentantar bryt pålegget om å gje opplysningar til stortingsregisteret over eigne økonomiske interesser.
-
Habiliteten
Habilitet er tydelegvis vanskeleg å forstå. Innspel utanfrå prella av som vatn på gåsa for Ap-statsrådane Anette Trettebergstuen og Tonje Brenna.
-
Nybø og Astrup får kritikk
Kontrollkomiteen på Stortinget rettar kritikk mot dei to tidlegare statsrådane Iselin Nybø (V) og Nikolai Astrup (H) i leiarlønssaka som Dag og Tid har avdekt.
-
Finansdepartementet snur
Finansdepartementet kastar korta og gjev innsyn i dokumentlistene i Meyer-saka. Det skjer etter Sivilombodets sterke kritikk mot departementet.
-
Nybø vedgår ingen feil
Tidlegare statsråd Iselin Nybø (V) meiner ho var i sin fulle rett til å bryte taket i leiarlønssystemet i staten då ho tilsette direktør i Eksportfinansiering Noreg.
-
Krass kritikk mot Finansdepartementet
Sivilombodet rettar hard kritikk mot Finansdepartementet i ei klagesak som gjeld innsynsnekting i dokumentlister i departementet.
-
«Embetsverkets omkamp»
-
Auka hemmeleghald
Per Borten tok kampen i eiga regjering for å innføre offentlegprinsippet i norsk forvaltning i 1967. Nå gjer justisministeren sitt beste for å undergrave det same prinsippet.
-
Regjeringa vil ikkje levere lovevaluering
Stortinget kravde i 2006 ei evaluering av den nye offentleglova etter at ho hadde verka i nokre år. Men korkje Solberg-regjeringa eller Støre-regjeringa har kome med ei slik evaluering til Stortinget.
-
Lønssak får etterspel i Stortinget
-
Braut leiarlønssystemet i staten
Solberg-regjeringa gav toppsjefen i Eksportfinansiering Noreg 2,5 millionar kroner i løn og braut med det systemet for leiarløner i staten. Den ansvarlege statsråden var Iselin Nybø. Ho nektar å svare på spørsmål om saka.
-
Bak kulissane i Finansdepartementet
Dokumenta frå Finansdepartementet som Dag og Tid presenterte i den såkalla Meyer-saka i førre utgåve, gjev eit eineståande innblikk i ein forvaltningspraksis som ikkje toler dagslys.
-
Kritikken råkar særleg Venstre
Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget retta denne veka samrøystes kritikk mot hem-meleghaldet av søknaden frå forsvarsminister Frank Bakke-Jensen på stillinga som fiskeridirektør.
-
Brot med etablert praksis
I 2006 fastslo Statsministerens kontor (SMK) at det ikkje kom på tale å utnemne ein sitjande statsråd i ei ny statleg stilling. SMK opplyser nå at det har vore ukjent for Erna Solberg.
-
Departementsråd var truleg mister X
Ein toppembetsmann i Forsvarsdepartementet var involvert i rekrutteringa av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) til stillinga som fiskeridirektør.
-
– Statsrådane skulle ha gått av for å kunne søke
Carl I. Hagen er ikkje i tvil: Elisabeth Aspaker, Bent Høie og Frank Bakke-Jensen skulle alle ha gått ut av Solberg-regjeringa før dei kunne søke statlege embete.
-
Krev svar frå Solberg
Arbeidarpartiet har bestemt seg for å stille spørsmål til fleire om utnemninga av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen til ny fiskeridirektør.
-
Vil ta eit oppgjer i Stortinget
Fleire av opposisjonspartia på Stortinget varslar at dei vil ta eit oppgjer med utnemningspraksisen til statsminister Erna Solberg.
-
Smekk til Nybø frå ombodsmannen
Nærings- og fiskeridepartementet ved statsråd Iselin Nybø får klar kritikk frå Sivilombodsmannen for hemmeleghald.
-
Stortinget fordømde sjølvrekruttering
Statsminister Erna Solberg har tre gongar utnemnt regjeringskollegaer til nye embete. SMK har opplyst at det aldri tidlegare har skjedd at sitjande statsrådar er utnemnde til nye embete. Det er feil.
-
Pressa svikta i Bakke-Jensen-tilsetjinga
Om norsk presse hadde følgt med, kunne dei alt 14. august ha avslørt at forsvarsminister Frank Bakke-Jensen var hemmeleg søkar til stillinga som fiskeridirektør.
-
Makta tek seg til rette
Statsminister Erna Solberg har gjort det igjen. Med utnemning av Frank Bakke-Jensen til ny fiskeridirektør har ho for tredje gong utnemnt ein av dei sitjande statsrådane sine til ei embetsstilling.
-
Mange syndarar i offentleg forvaltning
Staten har i årevis brote kravet om skriftleg dokumentasjon i tilsettingssaker.
-
Pungar ut til hovudjegerar
Den norske staten har dei siste åra i aukande grad hyra inn hovudjegerar til rekruttering av nye leiarar. Ansvarsfråskriving, seier kritikarar.
-
PST bløffa kontrollutvalet
Stortingets kontrollutval for dei hemmelege tenestene (EOS-utvalet) er fleire gonger ført bak lyset av Politiets tryggingsteneste (PST).
-
Presidentkampen på Stortinget
Abid Raja (V) fekk 31 blanke røyster då han vart vald til visepresident på Stortinget sist veke. Blanke protestrøyster har vore eit fast innslag ved den årlege konstitueringa av Stortinget.
-
Ei regjering som bryr seg lite om innsynsretten
I 2017 retta Riksrevisjonen hard kritikk mot regjeringsapparatet for dårlege rutinar med journalføring av dokument og behandling av innsynskrav. Eit samla storting slutta seg til kritikken. To år seinare er klare lovnadar frå regjeringa enno ikkje innfridde.
-
Ny lønstopp i staten
Benedicte Bjørnland har fått ny jobb og nytt lønshopp: Som ny toppsjef i Politidirektoratet får ho ei årsløn på to millionar.
-
Politikarar bryt sjølvmeldingsplikta
To statsrådar og fire stortingsrepresentantar bryt rapporteringsplikta dei er pålagde til stortingsregisteret om eigne økonomiske interesser.
-
Sterk lønsvekst for toppleiarar i staten
Under Solberg-regjeringa har toppleiarane i staten fått nesten dobbelt så høg lønsvekst som fotfolket på hovudtariffavtalen.
-
Saboterer norsk lov
Domstoladministrasjonen som har ansvaret for det norske rettsvesenet, bryt både forvaltningslova og mållova og saboterer pålegg frå Språkrådet.
-
Bryt fast statsskikk – igjen
-
Striden står om dommarar på deling
Domstoladministrasjonen vil ha ambulerande tingrettsdommarar som arbeider ved fleire domstolar. Dommerforeningen protesterer skarpt, og meiner slike stillingar kan vere ulovlege.
-
– Dyrare, tregare og mindre trygt med skipstunnelen
Norges Rederiforbund har levert kraftig argumentasjon mot bygging av ein stor skipstunnel gjennom Stadlandet. Forbundet stiller spørsmål ved nytteverdi og peikar på auka ulykkesrisiko.
-
Staten struper lønsam attføring
Eit tilbod som har lukkast med å forebyggje ny kriminalitet frå straffedømde, får ikkje lova økonomisk støtte frå regjeringa.
-
Finansdepartementet gjekk mot skipstunnel
I 2013 kom den planlagde skipstunnelen gjennom Stadlandet med i Nasjonal transportplan. No syner regjeringsnotat frå Stoltenberg-regjeringane at motstanden mot tunnelen internt i regjeringane var stor.
-
Høge advokathonorar
Rekninga frå advokat Steinfeld kom på over 180.000 kroner.
-
Sjefane er løns-vinnarar i staten
Leiarane som er omfatta av leiarlønssystemet i staten, fekk ein lønsvekst på 4,8 prosent i fjor. Det er meir enn dobbelt så mykje som vanlege tilsette får både i privat og offentleg sektor.
-
Meyer høyrer det ho ønsker å høyre
Finansdepartementet er ikkje kjent for å gje ved dørene, men i høve til Christine Benedicte Meyer er det nett det dei har gjort.
-
Departementa neglisjerer lov og pålegg
Anniken Huitfeldt (Ap) sende som kultur-minister i 2011 eit strengt pålegg til alle departementa om å innskjerpe reglane om målbruk i offentleg teneste.
-
Firar utan styrmann
Statsminister Erna Solberg (H) har farta rundt på mange sportsarrangement i seinare tid. Men den sportsgreina ho er mest familiær med, er rodisiplinen: firar utan styrmann som har vart i fire år.
-
I skammekroken
Justisdepartementet har på ny plassert seg sjølv i skammekroken når det gjeld offentleg innsyn.
-
Bit i det sure eplet
Ein ny skanse i journalistikken fell når avisa Dagens Næringsliv no har funne grunn til å ta i bruk innhaldsmarknadsføring.