
Morten A. Strøksnes
Journalist og forfattar
redaksjonen@dagogtid.no
Morten A. Strøksnes er journalist og forfattar. Han skriv tekstar i ulike sjangrar, mellom anna reportasjar, kommentarar, portrett og analysar. Han har laga reportasjeseriar og skrive bøker frå Noreg/Europa, Afrika, Sør-Amerika, USA, Asia, Midtausten, Australia og Russland. Strøksnes er utdanna idéhistorikar, opphavleg frå Finnmark, og vil alltid vere oppteken av Nord-Noreg. Som kommentator har han ei fri tilnærming til tema innan politikk, kultur, økonomi og historie. Artiklane og kommentarane hans om til dømes Midtausten-konflikten og lakseoppdrett har skapt mykje debatt over mange år.
Strøksnes har motteke Språkprisen for sin litterære journalistikk, og mellom anna Brageprisen, Kritikerprisen og Edward Stanford Travel Writing Award for bøkene sine. Han har utgitt ti bøker, den førre var Havboka, eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider (2015) som blei omsett til 28 språk og blei en bestseljar. I november 2022 utgav Strøksnes det mest ambisiøse verket så langt: Lumholtz’ Gjenferd. Verden rundt i sporene til en glemt hvit oppdager, på leting etter alt som ble borte, og det som ble igjen (Forlaget Oktober).
Siste artiklar frå Morten A. Strøksnes
-
Europas sjuke mannschaft
Tyskland var Europas mest solide og stabile land, men opplever nedgang og pessimisme. Trumps tollmur kjem på toppen av dette. Er den tyske grunnmuren i ferd med å forvitre?
-
Glimt av stordom
Fenomenet Bodø/Glimt har vekt internasjonal oppsikt. No ventar Lazio i kvartfinalen i Europaligaen.
-
Tabula rasa i Gaza
President Trump planlegg eit Gaza utan palestinarar. For kort tid sidan var det noko berre dei mest høgreradikale ekstremistar kunne våge å drøyme om.
-
Heimi í Húsi
Nokre av oss lengtar som villfarne trekkfuglar etter vêrbitne vulkanøyar langt ute i Nord-Atlanteren. Vi er kanskje det nye Nato.
-
Herzogs grenselause liv
Werner Herzog har levd eit vilt og romantisk liv, alltid klar til å ofre alt for kunsten.
-
Ettersøkt, men på offensiven
I førre veke blei Benjamin Netanyahu etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det er kanskje det største diplomatiske nederlaget i staten Israels historie.
-
Skjermbrukutvalet har levert sin rapport. Han kunne vore skriven av ein chatbot.
-
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.
-
Trøbbel på heimebane
Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.
-
Da Mossad drog til Haag
Gaza-krigen har vore ein diplomatisk katastrofe for Israel. Avsløringar om at landet har drive med spionasje og trugsmål mot dommarar i Haag, har ikkje gjort saka betre.
-
Baksida av medaljen
Forsvaret og forsvarssjefen har måla seg inn i eit hjørne. Dei nekta for at dei visste at feil mann blei tatt. Så påstår dei at mannen dei tok, uansett må ha vore ein Taliban-leiar.
-
Lygekorset med sverd og eikelauv?
Eirik Kristoffersen fekk Krigskorset med sverd for leiinga av spesialoperasjonar i Afghanistan. I den viktigaste skulle ein sentral Taliban-leiar ha blitt arrestert. Så begynte historia å smuldre opp.
-
Donald Trump er ikkje alltid heilt på jordet. Han blei dømt for bagatellar av ein domstol som ikkje er upartisk.
-
iPad-bobla som brast
Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.
-
– Søkke imponert
-
NORD-NOREG ORD FOR ORD
Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.
-
Guds vreide over Columbia
Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.
-
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.
-
Alt dette var framleis ikkje nødvendig
Tilnærminga Martin Krasnik står for – velvilje, forståing, mild kritikk – har vore brukt av Vesten i fleire tiår. Denne tilnærminga har ikkje verka så langt, og kjem sannsynlegvis ikkje til å gjere det i framtida.
-
Alt dette var ikkje nødvendig
Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.
-
OTTAR BROX (1932–2024)
Ottar Brox var rett mann på rett plass til rett tid.
-
Nytt frå Bodø/Buvvda/Bådåddjo/Budejju
Bodøs år som europeisk kulturhovudstad starta som forventa med joik, nordlandsbåt og torsk. Opningsshowet ville blitt gløymt hadde det ikkje vore for Ella Marie Hætta Isaksen.
-
Apartheidalliansen som sprakk
Vegen frå Pretoria og Jerusalem til den internasjonale domstolen i Haag er lang og krunglete. Sør-Afrika meiner Israel har intensjonar om folkemord i Gaza, og det er ein hard front mellom landa. Men den gong Sør-Afrika åleine representerte apartheid, var Israel ein god venn og alliert.
-
Privatisering er eit klondyke for velferdskonsern
-
Gift
Mange tenker at norske styresmakter arbeider for fellesskapet, gjer jobben sin og har krav på vår tillit. Tilstanden i norske fjordar viser at dette ikkje er tilfellet.
-
Nedrebø og Putin
-
Topographia Norvegica
Ferdaminne frå seinsommaren 2023, på vegen gjennom landet, til ei gravferd ved ein fjord i Nordland, der ein onkel har etterlate seg eit enormt bibliotek.
-
Ut og mate bendelorm
Høgres kraftige valframgang inneber nye rundar med privatisering. Kor går den norske velferdsstaten?
-
Ut og mate bendelorm
Høgres kraftige valframgang inneber nye rundar med privatisering. Kor går den norske velferdsstaten?
-
USAs interessesfærar
-
Washingtons mann i Brussel
Vi reknar Stoltenberg som vår mann, og amerikanarane reknar han som sin. Dei har mest rett.
-
Reinsdyr og rein kraft
Regjeringas energiplanar i Finnmark lar seg ikkje gjennomføre – på grunn av urfolkspolitikken.
-
Mikkelsens metode
Mennesket Magnar Mikkelsen høyrer heime i Vest-Finnmark. Forfattaren Magnar Mikkelsen høyrer heime i den norske kanon. Akkurat no er ingen av dei heime.
-
Eit vinraudt, svart hav
Det er lofotsesong i gamle Skrova, og aldri har det vore stillare.
-
Rapport frå Torske-Noreg
Når vi endeleg kjem oss på havet, blir Aeolus’ vreide vekt utanfor Skrova.
-
Svar til kritikarar
-
Retting
-
Balladen om Annæus Myklevand
Båten er ikkje klar, men som erstatning byr vi på ei spektakulær røvarhistorie frå røynda. Hugo Aasjord er kunstnar, og oldefaren freista å gjere kunst av sine kriminelle affærar.
-
Landing i Bodø
Jean-Paul Sartre, Simone de Beauvoir, Karel Capek, Olga Scheinpflugová og Dan Cooper og eg: Burøylukta bind oss saman.
-
Genetisk essensialisme?
-
Mislykka «opprydding»
-
Om det norske og det samiske (3)
Kunstlivet er blitt ein viktig arena for urfolkskampen til samane, men korleis står det til med presisjonen? Har omgrepet «urfolk» djupt problematiske røter i kolonitida?
-
Det norske og det samiske
Langlesing: Striden om vindkraftverka på Fosen har piska opp ein lang rekke konfliktar rundt det norske og det samiske. I dette essayet tar Morten A. Strøksnes for seg bitre kontroversar rundt eigedomsrett, ILO-konvensjon nr. 169, historie, juss, demokrati, identitet, reindrift, fiske og kunst.
-
Om det norske og det samiske (2)
Korleis passar våre førestillingar om reindrift overeins med røynda? Har sjøsamar meir rett til fisken i havet enn etnisk norske fiskarar?
-
Om det norske og det samiske
DEL 1. Striden om vindkraftverka på Fosen har piska opp ein lang rekke konfliktar rundt det norske og det samiske. I dette essayet tar Morten A. Strøksnes for seg bitre kontroversar rundt eigedomsrett, ILO-konvensjon nr. 169, historie, juss, demokrati, identitet, reindrift, fiske og kunst.
-
Full siger?
Våre interesser er ikkje nødvendigvis identiske med Ukraina sine.
-
Blind på eine auget
Russiske soldatar og leigesoldatar står bak krigsbrotsverk i Ukraina. USA er knallhard i kritikken og vil ha skuldige straffa, men møter seg sjølv i døra.
-
Svar til HL-senteret
-
Open kloakk
Den digitale revolusjonen skulle gjere oss meir effektive, mobile og frie. Så kvifor vassar eg dagen lang til knes i digital septikslam?
-
Sterke påstandar, svak undersøking
Svar rett, og du blir vurdert som fordomsfull. Svar feil, og du er på dei godes side. Slik er det med fleire av påstandane i undersøkinga om nordmenns haldningar til jødar og muslimar.
-
Nordnorsk noir
Ottar Brox har i 60 år kjempa for kystfolks rettar, slik den nye filmen viser: Kampen har vore heroisk – og dømd til nederlag.
-
Statsgravferd med bismak
Heller ikkje Shabana Rehman var sterkast åleine.
-
Heimesiger i Qatar
Fotball-VM i Qatar har vist fotball – og kanskje eit geopolitisk skifte.
-
Laksebaronar utan lusekufte
Grunnrente på oppdrett handlar om demokratisk kontroll over naturressursar – og over ein bransje som er blitt altfor høg og mørk.
-
Når fisk druknar
Endringar i havets kjemi går for sakte til at nokon lagar ein katastrofefilm om det. Men det er dette som avgjer lagnaden til livet på jorda, slik vi kjenner det.
-
Om det å forvanske
-
Vrangt og rett
-
Spektakulær nedgang i norsk rasisme
Der har du ein tittel du aldri har sett før. Kvifor det, når påstanden nesten må vere sann?
-
Fisken som korrumperte Noreg
Ei ny bok viser korleis oppdrettslaks endra Noreg.
-
Ei slagmark av løgner
USA visste tidleg at det meste gjekk gale i Afghanistan. Krigen blei bygd vidare på løgn og medviten manipulasjon som norske politikarar enten slukte eller var med på.
-
Scener frå ein pinleg debatt
Satirikarane fortvilar, for årets store norske kulturdebatt kom fiks ferdig parodiert.
-
Ein varsla fiasko
Jens Stoltenberg seier at Nato no må stille vanskelege spørsmål. Vi bør gjere det same – til Jens Stoltenberg, norske politikarar og delar av norsk presse.
-
Kvart over tolv
Tida er overmoden for å sjå dei kalde realitetane i Palestina-konflikten i auga.
-
På vår vakt
Marinbiolog Alexandra Morton nekta å vere tilskodar til grov miljøkriminalitet og tok kampen mot canadiske styresmakter og norske oppdrettskonsern.
-
Havrånaren
Erna Solberg har pynta seg med lånte fjør, og resultatet er eit gedigent mageplask.
-
Brennoffer og branntomter
Mens eg las ei bok om erstatningar til jødar for uretten dei blei påførte under krigen, hamna eg i eit Finnmark i flammar.
-
Amerika er tilbake
Onkel Joe har flytta inn i Det kvite huset, og diverre skal kanskje alt bli som før.
-
Spionen som berre skulle på julehandel
Frode Berg har fått mykje velfortent sympati, trass i at historia hans ikkje heng saman.
-
Brexit Blues
Boris Johnson surfa inn i Downing Street på brexit. No har han valet mellom å gjere Storbritannia fattigare eller å bli kalla forrædar av sine eigne.
-
Direktøren svarar
Denne veka gjorde IMDi endeleg vedtak om at stiftinga Født Fri mistar statsstøtta. I dette intervjuet svarar IMDis direktør Libe Rieber-Mohn på nokre spørsmål rundt grunnlaget for vedtaket og prosessen.
-
Når varsellampar blinkar raudt
Kva skjedde i kulissane då stiftinga Født Fri blei gjord til kjeltringar? I sentrum av historia er eit anonymt varsel, aktive varslarar, ei privat gransking, eit taust direktorat, ei høglydt presse – og Shabana Rehman.
-
¿ Vinter i Amerika
Verda sat fremst på stolane og venta på debatten, og fekk sjå Amerika krympe.
-
På ein benk i ein park
Denne veka var turen komen til Linné.
-
¿ Eld, glør, oske
Sommaren 1945 kunne Undset reise tilbake til Noreg. Heilt heim kom ho aldri.
-
¿ Siste stopp Brooklyn
Fem månader etter at ho flykta frå Lillehammer, kan Undset pakke ut kofferten.
-
¿ Sol og stål
Undset lar seg blende av Japan. Tyskland, derimot, er fullt av mørkredde skogstroll.
-
¿ Raudt støv
Sovjetunionen skulle bli noko skinande nytt. Men Sigrid Undset såg berre fortid, ikkje framtid.
-
¿ Blomster og blod i Stockholm
I 1928 kom Undset til Stockholm for å ta imot Nobelprisen. No var ho tilbake, som flyktning og i sorg, men med ein ladd skrivemaskin som våpen.
-
¿ Då Dovre fall
Same kor Sigrid Undset kom under flukta nordover: Det var vår, nydeleg vêr, storslåtte landskap og tyske bombefly som sette norske bygder i brann.
-
¿ Då menneskehjarta forandra seg
Alle katastrofar er ulike, men dei har noko til felles. Etterpå kan det synast rart at ikkje fleire såg kor det bar. Men vi er laga for å leve som om morgondagen vil likne på i dag. Sigrid Undsets skildringar av Oslo i dagane før 9. april 1940 er eit godt døme på dette.
-
Israelske monologar
Har Dag og Tid verkeleg skaffa seg ein ideologisk settler til å dekke Israel og dei okkuperte områda?